Byggereglar for ulike tiltak

Sjekk først om du må søkje, og om du kan søkje sjølv, eller om fagfolk må søkje for deg.

Søknadspliktige tiltak med krav om ansvarlege føretak – pbl § 20-3 .

Hovudregelen er at tiltak er søknadspliktige og at søknad, prosjektering og utføring må utarbeidast av fagfolk (ansvarleg søkjar/ansvarleg føretak). Dette betyr at tiltak som påbygg, større tilbygg, utgraving (underbygg), takterrassar, bustadar, større bygningar, konstruksjonar, terrenginngrep, riving osv er søknadspliktig.

Ansvarlege føretak vil vera føretak som kan dokumentere at dei har tilstrekkeleg kompetanse i høve til type tiltak og kunnskap om plan- og bygningslova med tilhøyrande føresegner.
 

Tiltak som krev søknad og løyve og som kan utførast av tiltakshavar – pbl § 20-4.

For ein del mindre tiltak som er søknadspliktig, er det ikkje krav til føretak med ansvarsrett. Dette betyr at du som tiltakshavar (eigar) kan søkje og stå for tiltaket på eiga hand. Dette gjeld mindre tiltak på bebygd eigedom som blant anna tilbygg inntil 50 m2, frittliggande bygningar på inntil 70 m2 i 1 etasje som ikkje skal nyttast til husvære, samt driftsbygningar i landbruket på inntil 1000 m2. Garasjar kjem inn under kategorien frittliggande bygning. Oppretting/endring av grunneigedom kan også utførast utan ansvarleg føretak.

Tiltak som ikkje krev søknad og løyve – pbl § 20-5.

For enkelte små tiltak er det ikkje krav om søknad og løyve, dersom tiltaket er i samsvar med arealplanar (reguleringsplan og kommuneplan) og alle generelle bestemmingar i plan- og bygningslova for øvrig. Dette gjeld mindre forstøtningsmurar og leveggar, mindre frittliggande bygningar som ikkje skal nyttast til husvære, mindre terrengendringar, interne vegar, enkelte små tilbygg og mindre garasjar (inntil 50 m2 og maksimal mønehøgde på 4 meter) og liknande.  

Dette kan du bygge utan å søke:

Gå til Direktoratet for byggkvalitet for slik oversikt

Nabovarsel:

Når eit tiltak er søknadspliktig skal berørte naboar varslast jf. pbl § 21-3.
Slik varsler du naboane om at du vil bygge.

Skjema:

Alle nødvendige skjema for søknad finn du på sidene til Direktoratet for Byggkvalitet.