Miljøretta helsevern i skulen

Miljøretta helsevern er ei lovpålagt kommunal teneste som blir utført i tett samarbeid med kommuneoverlege.

Kven er vi?

Miljøretta helsevern er organisert som ei interkommunal teneste for kommunane Sunndal, Rindal, Tingvoll, Heim og Surnadal med kontor i Familiens hus i Surnadal.

Skuleelevane sitt arbeidsmiljø

Forskrift om miljøretta helsevern i barnehager og skular m.v er heimla i Lov om folkehelsearbeid og kan til kvardags bli kalla skuleelevane si arbeidsmiljølov. Det er skuleeigar si oppgåve å oppfylle krava i denne forskrifta.

Barn, elevar eller foreldre skal henvende seg til barnehagen eller skulen dersom dei meiner at forskrifta sine krav ikkje er oppfylte. Dersom henvendelsen ikkje blir følgt opp innan rimeleg tid kan ein henvende seg til kommunen som tilsynsmyndighet som da skal vurdere å følge opp forholdet med tilsyn.

Det er Miljøretta helsevern i Familiens hus som fører tilsyn med skulane for å sikre at krava i forskrifta er oppfylte. Rapportar etter slike tilsyn ligg tilgjengeleg på postlista til kommunen. FAU bør automatisk få kopi av desse rapportane. Dersom foreldre eller elevar vil ha meir informasjon er det berre å ta kontakt.

Lenker:

Forskrift om helse og miljø i barnehagar, skular og SFO

Veiledar til lov og forskrift (Helsedirektoratet)

Lov om folkehelsearbeid (Folkehelseloven)