Gratis 12 timar SFO for 1. og 2. trinn

Nytt frå 01.08.23:

Gratis 12 timar SFO for 1. og 2. trinn.

Alle elevar på 1. og 2. trinn med SFO-plass, skal få 12 timer gratis SFO per uke fra og med skuleåret 2023–2024. Dette følger av § 1B-4. Med «timar» i bestemmelsen, meines klokketimar på 60 minutt.

Kven kjem inn under ordninga?

Alle første- og andreklassinger som er innvilga SFO-plass er omfatta av ordninga. Dette gjeld både elevar som har heiltids- og deltidsplass i SFO. Dersom eleven velgjer å berre bruke SFO 12 timer i uken innanfor dei tidsrammene kommunen har vedteke, skal tilbodet vere gratis for eleven.

 

Dette inneber at ein frå 01.08.23 ikkje lenger har gratis kjernetid 12 timar pr. veke på fastsette tidspunkt.

Frå 01.08.2023 melder ein seg på dei ordinære SFO-øktene ein ønskjer å bruke, og får fråtrekk for
dei første 12 timane ein er påmeld.

Øktene reknast tidsmessig frå opningstida til SFO og fram til
skulestart om morgonen på den einskilde skule, og frå skuleslutt til kl. 16.30 kvar dag.


For dei som er påmeld økter som utgjer fleire timar enn dei 12 gratis timane, betalar resten av
opphaldstida etter vedtekne betalingssatsar:


Under 6t/v: kr 787
Mellom 6t/v og 11,9t/v: kr 1480
Mellom 12t/v og 17,9t/v: kr 2174
Over 18t/v: kr 2795


Dette blir automatisk ordna gjennom fagsystemet Visma Flyt Skole, og vil bli synleg på
fakturaen. Dersom ein er påmeld mindre enn 12 timar, vil ein ikkje få faktura.