Tolketeneste

I samarbeid mellom menneske der det er ein språkbarriere, er tolking nødvendig for at offentlege tenester og fagpersonar skal kunne informere, rettleie og høyre partane i saker som kjem opp.

Når bruke tolk?

Offentlege tenester har etter Forvaltningslova informasjon- og rettleingsplikt på sitt eige saksområde (fvl.11, 17). Dette gjeld også i forhold til flyktningar og innvandrarar. Når to partar kommuniserer med kvarandre, men ikkje har eit felles språk, er tolken eit nødvendig bindeledd for at partane kan føre ein samtale med kvarandre.

Les meir om tolking i offentleg sektor for minoritetsspråklege innbyggarar hos IMDi,  Integrerings- og mangfoldsdirektoratet.

Aktuell fagperson i offentleg tenesteyting er ansvarleg for å bestille tolk dersom ein er i tvil om partane kan gjere seg forstått. Ein tolk har absolutt teieplikt. 

Gå til IMDi sine retningsliner for bestilling og bruk av tolk

Ta kontakt med Vaksenopplæring og integrering for rettleiing og bestilling av tolk.

Betaling av tolketenester

Vaksenopplæring og integrering betaler for bruk av tolk for flyktningar som har busett seg i kommunen i løpe av dei 5 siste åra. Dei kommunale einingane betalar sjølv for tolk når flyktningane har budd i kommunen i meir enn 5 år.