Jordsmonnkartlegging

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) vil i haust forsett med jordsmonnkartlegginga i Surnadal kommune, dette vil skje i vekene 36-40. Personell frå NIBIO vil da ga over innmarka for å kartfeste utbreiinga av ulike jordtypar.

Den praktiske jordsmonnkartlegginga skjer ved ein kombinasjon av flybildetolking og bruk av handjordbor. Utbreiinga av dei forskjellige jordtypane digitaliserast i felt ved hjelp av berbar PC og digitale ortofoto. Dette dannar grunnlag for ein digital kartframstilling av ei rekkje tema.

Kartlegginga inngår i ei landsomfattande kartlegging av jordbruksareala. Kartlegginga er ein standardisert innsamling av grunnleggjande jordsmonndata og eit viktig ledd i å dokumentere jordsmonnet som ressurs med tanke på å sikre areal for landbruksproduksjon. Kartlegginga gir grunnlag både for å vurdere jordas agronomiske eigenskapar med tanke på å tilpasse driftsmetodar til lokale jordforhold, og risikovurderingar knytta til avrenning frå jordbruksareal.

Arbeidet i Surnadal vil starte opp 3. september. Restarealet utgjør ca. 16 km2 og består av arbeidsrutene sd_1 til sd_10 og sd_29 til 41, samt sd_26 og sd_27 (vart ikkje ferdig i fjor) på vedlagte kart.

 

For meir generell informasjon om jordsmonnkartlegging, visast til NIBIO sine heimesider, https://www.nibio.no/tema/jord/jordkartlegging

Dersom det er grunneigarar som motsett seg at feltpersonell går over innmarka i denne perioden, må desse ta kontakt med oss på landbrukskontoret så fort som mogleg.

Les meir på: https://www.surnadal.kommune.no/tenester/naring/landbruk/jordbruk/jord-og-gjodsel/jordsmonnkartlegging/