Pressemelding frå Surnadal kommune

Ein husstand i Surnadal kommune er i dag tysdag 03.03.20 sett i karantene av helsetenesta. Dette er i påvente av svar på prøvar som er tekne på grunn av mistanke om koronavirus - smitte. Dette er eit føre var –tiltak.

Karantenen vil vare inntil det er kome svar på prøvane. Vanlegvis tek dette om lag tre døgn. Ny pressemelding vil bli sendt ut så fort svar føreligg.

Er du bekymra eller har spørsmål, skal du ikkje ringe 113, men kontakte fastlege/legekontor eller legevakt på telefon: 116 117. For generelle spørsmål, ring Helsedirektoratet sin publikumstelefon: 815 55 015 Telefonen er åpen kvardagar mellom kl. 8:00 og 15:30.

For meir informasjon om koronaviruset og smitte, sjå fortløpande oppdatert informasjon på Folkehelseinstituttet sine nettsider.

For å snakke med barn om korona, viser vi til denne filmen frå Helsedirektoratet.

Filmen er sendt til alle barnehagar og skular i kommunen.

Viser elles til kommunen sine heimesider om korleis ein tek kontakt med helsetenesta i Surnadal ved mistanke om smitte eller andre spørsmål om koronavirus.