Lene Steinshamn Fredriksen (f.v.), Turid Sæther Todalshaug, Marianne Hansen Røv, Kenneth Bergstad og Ann-Elin Stenberg jobber alle med oppvekst og helse i Surnadal kommune.
Mari Vattøy/ Driva
Onsdag 20. mai arrangerte vi felles foreldremøte for førsteklasseforeldre i heile kommunen på Surnadal barne- og ungdomsskule.
Laget rundt barnet
Målet med møtet var å førebu foreldre best mogleg til skulestart og å vise korleis skule, oppvekst
og helsetenester samarbeider for å skape trygge og gode oppvekstkår for barna i kommunen.
Skulestart er ein viktig overgang både for barn og foreldre. Kommunen ønsker å bidra til tryggleik, god
informasjon og eit sterkt samarbeid heilt frå starten. Det er viktig for oss å vise at det finst eit lag rundt barna, og at foreldre alltid kan ta kontakt dersom dei har spørsmål eller treng råd.
I møtet fekk foreldra bli kjent med dei ulike tenestene som presenterte korleis dei jobbar og kva dei ønsker å bidra til:
Samandag av gruppearbeid
Foreldra fekk delta i gruppearbeid og snakke med dei ulike tenestene og kvarandre. Her er tema som vart diskutert i gruppene med samandrag under kvart tema.
Kva gjer skulestarten spanande?
Foreldra opplever skulestart som ein stor overgang prega av spenning, forventning og mykje nytt:
- Ny kvardag med nye rutinar, læring og erfaringar
- Nye vennskap og relasjonar til både barn og vaksne
- Spenning knytt til klasse, lærar, SFO og skulemiljø
- Overgangen frå å vere «størst» i barnehagen til å bli «minst» på skulen
- Auka ansvar og sjølvstende hos barnet
- Nye utfordringar og utviklingsmoglegheiter
Samtidig blir det peika på at også foreldre må tilpasse seg ein ny situasjon, med mindre kontroll og større tillit til systemet rundt barnet.
Kva kan vere krevjande?
Det er stor einigheit om fleire utfordringar i overgangen til skule:
- Overgang frå leik til meir struktur, stillesitting og krav til konsentrasjon
- Nye rutinar, krav og forventningar
- Større og meir uoversiktlege miljø
- Fleire barn per vaksen og mindre tett oppfølging
- Nye sosiale relasjonar og situasjonar
- Auka krav til sjølvstende og ansvar
- Usikkerheit knytt til korleis barnet vil klare seg
- Praktiske forhold som skuleveg og buss
- Lekser og forståing av skulearbeid, særleg for fleirspråklege familiar
Både barn og foreldre kan kjenne på usikkerheit i starten, noko som understrekar behovet for god støtte og oppfølging.
Forventningar frå foreldre
Foreldra har tydelege forventningar til skulen og samarbeidet:
- Ein trygg og god mottakssituasjon ved skulestart
- At barna blir sett som individ og ivaretekne
- Trygge, tilgjengelege og engasjerte vaksne
- God og tydeleg informasjonsflyt
- Tidleg dialog ved faglege eller sosiale utfordringar
- Låg terskel for kontakt mellom heim og skule
- Eit likeverdig samarbeid der ein spelar på lag
- Tilpassa opplæring og støtte til det enkelte barn
Behovet for openheit, tillit og god kommunikasjon går igjen i alle gruppene.
Kva treng barna for ein god og trygg skulestart?
Det er stor grad av einigheit om kva som er avgjerande for barna:
- Trygge, omsorgsfulle og tilgjengelege vaksne
- Gode rutinar, struktur og føreseielege rammer
- At barna blir sette, inkluderte og møtt som dei er
- Tid og rom til å bli kjende og bygge relasjonar
- Leik som ein viktig del av starten
- Kjennskap til skulen, klasse og lærar på førehand
- Gode vennskap og sosial støtte
- Rom for å prøve og feile
- At foreldre og tilsette snakkar positivt om skulen
- Samarbeid både mellom heim og skule og i foreldregruppa
Tryggleik, relasjonar og gode haldningar blir framheva som grunnlaget for både trivsel og læring.
Vurdering av møtet
Foreldra opplever møtet som svært nyttig:
- Gir god oversikt over tilbod og støtteapparat
- Gjer det enklare å ta kontakt ved behov
- Bidreg til å «ufarleggjere» hjelpeinstansane
- Skapar tryggleik gjennom informasjon og dialog
- Gir høve til å bli kjent med andre foreldre og bygge nettverk
- Særleg verdifullt for førstegongs foreldre
- Senkar terskelen for samarbeid før skulestart
- Bidreg til felles forståing og fokus på viktige tema, som til dømes fråvær
Møtet blir vurdert som eit viktig tiltak for å styrke samarbeid og førebu foreldra på skulestart.