Støtt årets TV-aksjon for Leger Uten Grenser på Vipps 2133

Bilde som viser lokale legar som støttar TV-aksjonen for leger uten grenser. - Klikk for stort bildeOrdførar Margrethe Svinvik, lege Gunn Eline Børmark flankert av legestudentane Ingrid Heir og Åshild Rindal og kommuneoverlege Bjørn Buan viser solidaritet med Leger Uten Grenser Surnadal kommune

Lokale legar med klar oppfordring om å gi:

TV-aksjonen NRK 2022 er 23. oktober og går til Leger Uten Grenser 

Organisasjonen Leger Uten Grenser er ein nøytral og uavhengig medisinsk hjelpeorganisasjon som gir livreddande helsehjelp til dei som treng det mest - uansett kven, uansett kvar, uansett kvifor. Leger Uten Grenser vart tildelt Nobels Fredspris i 1999. 

Årets TV-aksjon skal gå til å førebygge livsfarlege sjukdommar og behandle pasientar i nokre av verdas gløymde kriser.

- Vi er så klart inspirerte av arbeidet til Leger Uten Grenser. Draumen er ein gong i framtida å få jobbe for organisasjonen ute i felt. Klart vi støttar årets TV-aksjon! Det seier to dedikerte legestudentar i 6 vekers praksis ved Surnadal legesenter under veiledning av lege Gunn Eline Børmark.  Det Leger Uten Grenser står for berører noko av motivasjonen for å velje legeyrket, seier legane.

- Gi så det svir, oppfordrar kommuneoverlege Bjørn Buan. 

Digital innsamlingsaksjon utan bøsser i Surnadal - Vipps til 2133

Surnadal kommune gjennomfører digital innsamling ved å informere og oppfordre innbyggarane til å gi til TV-aksjonen sin VIPPS 2133. Alle private bidrag er anonyme, men blir registrerte i givarstatistikken for kommunen du bur i. Det går også an å overføre bidrag til TV-aksjonskonto: 8380 08 09005. 

Bidrag frå næringslivet kan også registrerast på kommunenivå på giverstafett.no.

Saman reddar vi liv - dette går pengane til

Manglande folkehelse får store konsekvensar for både samfunn og enkeltmenneske. Barn får ikkje vekse opp, familiar mistar sine kjære, unge får ikkje utdanning, og folk fell utanfor arbeidslivet. Uten tilgang til legehjelp, vaksiner eller medisiner mistar millionar av menneske livet kvart år. Ofte er dette menneske i sårbare livssituasjonar. Med årets TV-aksjon skal Leger Uten Grenser bidra til å forebygge epidemier og behandle kjente og ukjente sjukdommar i fire land: Bangladesh, Den sentralafrikanske republikk, Den demokratiske republikken Kongo og Sierra Leone. Dei skal gi vaksiner, tilgang til livreddande medisiner og helsehjelp. I samarbeid med forskningsorganisasjonen DNDi skal delar av TV-aksjonsmidlane også brukast til å utvikle medisiner mot gløymde, dødelege sjukdommar.

 Nettsida for årets TV-aksjon blimed.no