Bårdshaugen barnehage

Privat barnehage lokalisert i sentrum på Skei.

Lokalisering

Bårdshaugen barnehage as er ein privat foreldreeigd barnehage, beliggande på Skei nær mange serviceinstitusjonar. Vi har eit stort og godt opparbeidd uteområde med ein fin variasjon av naturtomt og leikeapparat. Naturavdelinga vår ligg i Sæterlia med Surnadals beste akebakke, sykkelbane og flotte friområde som innbyr til leik, utforsking og utallige turmuligheter.

Organisering

Vi har ei småbarnsavdeling med barn fra 0-3 år fordelt på 12 plasser, ei storbarnsavdeling med barn fra 2-6 år med inntil 27 plasser og ei naturavdeling med barn fra 3-6 år med inntil 12 plasser. I tillegg har vi ei gamme som blir brukt i det pedagogiske arbeidet. Naturavdelinga i Sæterlia har gode fasilitetar og eiga hytte. Denne avdelinga kan også kombinerast med kommunal barnehageplass.

Særpreg

Bårdshaugen barnehage – ein god stad å vera for barn og vaksne. Barn, foreldre og personalet skal oppleve trivsel og glede, tryggleik og omsorg. Barnehagen er ein samhandlande, kompetent og glad organisasjon, med det lille ekstra, både inne og ute. Organisasjonen er løsningsorientert, med kort veg frå utfordring til handling. Vår viktigaste jobb er å bidra til at barna har ei god sjølvkjense.

Kontaktinformasjon

Bårdshaugen barnehage
E-post
Mobil 957 67 873
Ann Elin Løfald
Barnehagestyrar Bårdshaugen barnehage

Åpningstider

Måndag - fredag:
06.45 - 17.15

Adresse

Bårdshaugvegen 25
6650 Surnadal