Feiing av hytter og fritidsbustader

hyttefeiing - Klikk for stort bilde Fleire har kontakta oss med spørsmål knytta til feiegebyr på hytter og fritidsbustader. Brann- og feiarvesenet har laga eit inforskriv om bakgrunnen for dette gebyret og korleis tenesta blir gjennomført.

Kva er bakgrunnen for ordninga?

Ny forskrift om brannførebyggingfastsett av Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap 17. desember 2015 med heimel i lov 14. juni 2002 nr 20 om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farleg stoff og om brannvesenet sine redningsoppgåver (brann- og eksplosjonsvernlova) § 17 i denne forskrifta seier m- a. følgjande:

"Kommunen skal sørge for at røykkanaler i fyringsanlegg som brukast til oppvarming av byggverk, blir feiet ved behov."

"Kommunen skal sørge for at det ved behov blir utført tilsyn med fyringsanlegg som brukes til oppvarming av byggverk."

Dette vil seie at alle hytter og fritidsbustader skal feiast og ha tilsyn.

Når startar tilsyn og feiing opp?

Vår målsetting er å starte feiing og tilsyn i 2020.

Vil gebyret bli belasta årleg uavhengig av om feiaren har vore der eller ikkje?

Ja. Gebyret vert belasta årleg. Feiing og tilsyn etter behov vil seie at kvart fyringsanlegg må ha ei individuell vurdering, kor feiar avgjer kor ofte det skal vere feiing og tilsyn. Feieavgifta er basert på sjølvkost-prinsippet, slik at ein betalar ikkje meir enn det kostar for å få levert denne tenesta. Kommunen vil i starten måtte bruke mykje tid på registrering av opplysningar om fyringsanlegga i desse bygga. I tillegg må kommunen ha meir ressursar i form av personell og utstyr. Dette er grunnen til at det blir teke inn gebyr før feiing og tilsyn kjem i gang.

Kor ofte vil tilsyn og feiing bli gjennomført?

Feiing og tilsyn etter behov vil seie at kvart fyringsanlegg må ha ei individuell vurdering, kor feiar avgjer kor ofte det skal vere tilsyn.

Mange hytter ligg relativt langt frå nermaste veg, korleis vert dette løyst?

Alle hytter skal få tilbod omtilsyn og feiing. Om naudsynt vert det nytta ATV, båt eller snøscooter.

Vil tilsyn og feiing på hytter medføre at hytteeigarar må montere trinn/plattform på tak?

§ 6 i forskrift om brannførebygging seier følgjande "Etter å ha mottatt varsel om feiing eller tilsyn, skal eieren sørge for at feieren har tilfredsstillende adkomst til hele fyringsanlegget." "Tilfredsstillende adkomst" og kva eventuelle tiltak som må på plass på den einskilde fritidsbustaden vil bli vurdert for kvart tilhøve.

Må hytteeigar vere til stades ved feiing/tilsyn?

Eigar eller representant for eigar må vere til stades. Dette vil seie at person som eigar gjev fullmakt, kan vere til stades. Dette kan til dømes vere hyttenabo, vaktmeister eller velforening.

Alle eigarar av hytter og fritidsbustader vil i løpet av 2018 og 2019 få ein SMS frå brannvesenet om korleis opplysningar om piper og eldstader skal meldast til kommunen.

Kontaktpersonar i brann/feiarvesenet:

Tor Arne Moen - Brannsjef
Mob: 90929031
E-post: tor.arne.moen@surnadal.kommune.no

Hans Christian Hårstad - Feiar
Mob: 90777715
E-post: feier@surnadal.kommune.no eller hans.christian.harstad@surnadal.kommune.no

Marie Elise Martinussen - Feiar
Mob: 46858997
E-post: feier@surnadal.kommune.no eller marie.martinussen@surnadal.kommune.no

Kontaktpersonar økonomiavdelinga:

Tove Drøpping - Konsulent
Mob: 48173643

Jenny Stensby - Konsulent
Mob: 41624991

Kontaktinformasjon

Hans Christian Hårstad
Feiar
E-post
Mobil 907 77 715
Marie Elise Martinussen
Feiar
E-post
Mobil 468 58 997

Adresse

Vindørvegen 1
6650 SURNADAL