Kven kan få økonomisk sosialstønad
Dei som ikkje kan syte for sitt livsopphald gjennom arbeid eller ved å gjere gjeldande økonomiske rettar (for eksempel trygdeytingar), har krav på økonomisk stønad.
Kva kan du få?
- Stønad til livsopphald skal dekkje mat og drikke, klær og sko, reiseutgifter, hushaldningsartiklar, lege/medisinar/hygiene, tv-lisens, telefon, internett, aviser m.m.
- Stønad til buutgift skal dekkje husleige, renter på bustadlån, straum, innboforsikring. Buutgiftene må dokumenterast ved husleigekontrakt, straumrekning o.s.v.
- Stønad til andre føremål
- Når livsopphald blir utrekna, tar vi utgangspunkt i statens rettleiande satsar pr. månad . Satsane blir oppdatert årleg.
Sakene blir vurdert ut frå individuelle behov. Økonomisk sosialhjelp er ei subsidiær yting. Det betyr at alle andre løysinger skal vere forsøkt først. NAV har både rett og plikt til å utøve fagleg skjønn i vurdering av sak. Vi kan difor gå både opp og ned i satsane. Stønaden blir oftast gitt som bidrag, men kan også gjevast som lån, varer og tenester.
Målsetjing
Stønaden og oppfølginga skal ta sikte på å gjere deg økonomisk sjølvhjulpen (hjelp til sjølvhjelp).
Krav til mottakar av teneste/stønad
- du må vere aktiv arbeidssøkjar. Unnatak er uføre og sjukdom som hindrar arbeid (legeerklæring)
- du må ta i mot arbeid eller arbeidsretta tiltak
- andre vilkår kan nyttast i det enkelte høve.
Slik søkjer du
Søknadsskjema (PDF, 83 kB)
Søknadsskjemaet er ikkje elektronisk. Det må difor skrivast ut før utfylling. Dersom du treng hjelp til utfylling, ta kontakt.
Saksgang
Søknadar blir behandla fortløpande og seinast innan ein månad etter at dei er mottekne.
Lov og forskrift
Lov om sosiale tenester i NAV
Rundskriv nr. 35 - Lov om sosiale tenester i NAV