Familieveiledning

Familieveiledning er eit lågterskeltilbod og ein del av det førebyggande arbeidet ved helsestasjonen. Familieveiledaren kan gi råd til foreldre og følgje opp barn, ungdom og familiar som treng ekstra støtte i vanskelege situasjonar som kan oppstå.  

Kven kan få hjelp av familieveiledaren?

  • Familieveiledaren kan gi råd og veiledning til barn opp til 18 år og deira foreldre
  • Familiar som er i vanskelege livssituasjonar som følgje av samlivsbrudd, rus, fysisk/psykisk sjukdom eller dødsfall
  • Foreldre som ønskjer støtte i foreldrerolla
  • Foreldre som ønskjer betre samarbeid med barna sine
  • Foreldre som strevar med å sette grenser

Kva kan familieveiledaren hjelpe deg med?

  • Vere ein samtalepartnar og reflektere saman med foreldra
  • Gi hjelp til betre kommunikasjon mellom foreldre og barn
  • Gi hjelp med positiv grensesetting
  • Forebygging og hjelp ved søskensjalusi
  • Gi råd og veiledning i foreldrerolla ved samlivsbrudd
  • Støtte og veilede når barn mistar nokon dei er glade i  
  • Foreldreveiledning med bruk av opplegget COS-P Trygghetssirkelen (circle of sercurity parenting) individuelt, som par eller i grupper. Les meir om Trygghetssirkelen hos Bufdir.

Korleis kontakte familieveiledar?

Familieveiledaren har kontor i 1. etasje på Familiens Hus. Du treng ikkje henvisning og kan ta direkte kontakt for å bestille time. Dersom du treng hjelp frå fleire instansar kan familieveiledaren også bistå deg med dette.

Ta gjerne kontakt med Rita Helen Aarnes for ein prat eller for å gjere avtale.

Barn på stranda med voksen - Klikk for stort bilde

Foreldrekurs: Trygghetssirkelen

Trygghetssirkelen er eit foreldreveiledningskurs. Målet med kurset er at barnet ditt skal få hjelp til å kjenne seg trygg og på den måten stå sterkare rusta til å møte utfordringar vi møter i livet. Kurset kan også bidra til eit godt samspel mellom deg og barna dine. 

Les meir om dette kurset på nettsidene til Bufdir

 

Kven kan få dette kurset?

Kurset er for foreldre med barn mellom 0-12 år. Kurset går over 8 kveldar, 2 timar kvar gong. De bør ikkje trenge tolk. 

 

Kontakt lokale kurshaldarar

  • Ingunn Foss Brekke – helsesjukepleiar. Telefon: 46 87 82 59
  • Rita Helen Aarnes – familieveiledar. Telefon:  94 85 45 40