HeimesjukepleieHeimesjukepleia gir hjelp og rettleiing (gjennom heile døgnet) til eldre, sjuke eller personar med funksjonsnedsetting og deira pårørande som bur heime. Søk heimesjukepleie Søk heimesjukepleie ved å nytte søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester. Krav til søkjar Du må ha eit hjelpebehov som skuldast sjukdom eller nedsett funksjonsnivå. I søknadsskjemaet beskriv du dine hjelpebehov og kva tenester du meiner du treng. Vi vurderer helsetilstanden din og finn det helsetilbodet som passar best for deg. Kva får du? Hjelp med medisinar og medisinske prosedyrar Dagleg stell Sårbehandling Rettleiing om kosthald og helsespørsmål Hjelp til å stå opp, legge deg og toalettbesøk Rettleiing og opplæring slik at du kan meistre oppgåver på eigenhand (dosere medisinar, skifte stomi og liknande.) Pleie ved livets slutt Rettleiing blir og gjeve til pårørande Heimetenesta har ikkje følgjeteneste. Kva koster det? Heimesjukepleie er gratis. Kva skjer vidare? Når du søkjer om helse- og omsorgstenester er det koordinerande eining i kommunen som behandlar søknaden. Har du allereie heimesjukepleie? Ta kontakt med heimetenesta. Kontaktinformasjon i kolonna til høgre. Sist endret23.07.2020 10.42