Tryggleiksalarm

Dersom du bur åleine og treng å tilkalle hjelp i akutte situasjonar, kan du søkje om tryggleiksalarm. Alarmen ber du på deg heile døgnet og er ein enkel måte å tilkalle hjelp i akutte situasjonar. 

Målgruppe

Eldre, funksjonshemma og andre som kan kjenne seg utrygge ved å bu åleine. 

Kva kostar tilbodet?

Pris 2018: kr 170,- per månad.

.

Korleis få tilbodet?

Du søkjer skriftleg ved å nytte vårt søknadsskjema. (PDF, 77 kB)  Du kan også få søknadsskjemaet utskrive ved å kontakte servicekontoret, tlf. 716 55 800

Det er heimesjukepleia som leiger ut tryggleiksalarmar.

Søknad blir vurdert av einingsleiar ved heimesjukepleia, og det blir skrive enkeltvedtak ved tildeling av alarm.

Tryggleiksalarm er ein viktig faktor for tryggleik som kan bidra til at eldre og funksjonshemma kan bu heime lenger.

Kontaktinformasjon

Heimeteneste og rehablitering
Telefon 71 65 82 65

Adresse

Bårdshaugvegen 35
6650 Surnadal