Råd etter gjenopninga

Alle koronaforskrifter er oppheva. No gjeld kun anbefalingar som ved annan sjukdom, pluss sunn fornuft. Surnadal kommune følgjer FHI sine råd og regjeringa sin langsiktige beredskapsplan for covid-19, som varar fram til juni 2023.

Ta karantenesjekkenTa koronasjekkSjekk koronasertifikat

Råd ved koronasmitte sidan 5. april 2022

Fråvær

  • Frå 5. april 2022 er det ikkje lenger ei anbefaling om å halde seg heime i 4 døgn ved koronasmitte. Du bør som elles halde deg heime dersom du er sjuk og ha god hoste- og håndhygiene.
  • Barnehagebarn og skuleelevar kan som elles gå på skulen eller i barnehagen når dei er friske og har vore utan feber i 24 timar.  

Testing

  • Frå 5. april 2022 er det ikkje lenger ei generell anbefaling om å teste seg ved nyoppståtte luftvegssymptom, men du kan sjølvsagt framleis ta ein hurtigtest

Hurtigtest

Innbyggarar i Surnadal kommune med nyoppståtte symptom kan i opningstida hente hurtigtest i gangen på Familiens hus ved kommunehuset (inngang Helsestasjonen).

Vi ber om at du ikkje hentar ut meir enn det du treng.  Du kan framleis melde kommunen om positiv hurtigtest under:

MELD INN POSITIV HURTIGTEST TIL KOMMUNEN

Reising og koronasertifikat

Reisande bør sjekke gjeldande innreisevilkår og status for koronapandemien i land ein vil besøke:

Kontakttelefonar

  • Korona-/ vaksinetelefon 913 79 001 måndag og fredag kl. 12.30 - 15.00
  • Kommuneoverlege Bjørn Buan: Telefon 905 62 814 

Er du bekymra for din eigen eller barnet ditt sin almenntilstand ved koronasjukdom skal du kontakte fastlegen din ( i kontortida) eller legevakt 116117 (på kveld/helg).