Rettingar og tillegg band 2; Brøskja - Kvanne

 

  • Nedanfor finn du rettingar og oppdateringar av opplysningar i band 2 av Bygdebok for Surnadal.
  • Gardane står i alfabetisk rekkjefølgje
  • Heimane under kvar gard er også alfabetisk ordna.

Brøskja

Nestua:

Side 20 (1-13b): Det er feil at Oline Iversdotter, f. 19.2.1867, vart gift med Iver Sæther. Det var ei namnesøster født og døypt i Stangvik same året som vart gift med han i 1887, nemleg Oline Kristensdotter, f. 23.11.1867. Foreldra hennar, sjå 22-1b under Torsletta, Indre Stangvik.

Side 21 (1-15b): Johanna reiste seinare over til Amerika igjen og vart gift på nytt med ein nederlender ved namn Sperling. Dei hadde tvillingsønene: 1 John, 2 Frank f. 26.2.1885 (Kjelde: Aud Holten).

Side 21 (bilettekst): Feil skrivemåte: «Bersvend» skal vera «Bergsvein».

Side 23 (1.2-2): Kirsti Nilsdotter var født 26.4.1797, og ho fekk med Ole Arntss. frå Sagbakken, Ytre Stangvik, sonen Peder, f. 26.2.1832. For meir om Ole Arntss., sjå Kloppan II, Grytskogan.

Oppistua:

Side 55 (17-4  til 17-8): Lars Nilsson kom tidlegare til Oppistua enn det vi har rekna med. Panteboka viser at han var der allereie i 1713, og at han da var gift med Anne Knutsdotter Møkkelgjerd, enkja etter Esten Andersson. Ettersom Anne Knutsdotter tydelegvis overlevde ektemannen frå andre ekteskapet sitt, Ole Sjurson, er det truleg også feil at Ole Sjurson vart oppattgift med Mari Olsdotter frå Utigard Årnes. (Kjelde: Digitalarkivet/SAT, Nordmøre sorenskriveri, 2/2Ca/L0002: Pantebok nr. B, 1712-1731, s. 10)

Rutstua:

Side 49 (14-6): Det er vist til feil Olav Todalshaug. Det riktige er broren med same namn, Olav Andersson Todalshaug frå Saga, Todalshaugen, f. 20.4.1914, d. 1984.

Uplasserte Brøskja:

Side 60 (22-16): Ole Arntss. Stangvik var frå Sagbakken, Ytre Stangvik. Meir om han, sjå Kloppan II, Grytskogan.

Grønneset

Ingen meldingar så langt.

Indre Stangvik

Tromyrvegen 7

Side 206 (12-1): Familien var her frå 2017 (ikkje 2011).

Uplasserte Indre Stangvik

Side 245 (33-2): Sigrid hadde også dottera Ane Olsdotter Jonsrud, f. 13.5.1854, med Ole Pederson Storødegård frå Heidal. (Kjelde: Bjørg Lusie Aabølmo)

Øvre husan

Side 243 (31-4): Barn nr. 1, Kristian, var gift med Gyda Nilsdotter Sandblost.

Kvanne

Fredheim:

Side 357 (55-2): Johanna Johansdotter, sjå Svinvika.

Melen

Side 367 (60-2): Familien til Peder Pålson og Mali Olsdotter finn du under Galtmettet, Åsen.

Petter-Grova

Side 410 (91-2): Marit Pedersdotter var frå Ytre Engjan.

Side 410 (91-3): Ildri Ingebrigtsdotter var frå Pollen. Eitt av barna til Petter og Ildri er utegløymt: Ingeborg, f. 12.6.1857, d. 23.7.1857.

Rydning

Side 384 (78-2): Johanna Pedersd. Søyset frå Rabben, f. 5.1.1809.

Side 385 (78-2): Barn nr. 1, Olaf, skreiv seg sjølv for «Olav».

Side 385 (78-5): Gjeld barn nr. 2, Peder: Rett skal vera: Målfrid Jonsdotter.

Side 386 (78-5): Rannei Olsdotter og Lars Johnson frå Austistua, Moen, f. 25.10.1879, hadde sonen Ole f. 29.5.1907.

Rønningen

Side 388 (79-3): Barn nr. 4 til barn nr. 2, Johanna, heiter «Torbjørg», ikkje «Torbjørn». (Kjelde: Jorhild Berit Halset)

Trelen

Side 414 (93-1): Ingeborg Olsdotter var frå Konntrøa under Østbøen.

Ytre Stangvik

Lysthuset

Side 164 (45-1): Riktig skrivemåte på namn ektefelle barn nr. 5, Marie: Petter Kristian Teilgård.

Side 164 (bilettekst): Kvinna på bildet heiter Marie Andersdotter.

Sagberget

Side 152 (37-1c): For meir om foreldra til Anne Nilsdotter, sjå Hommelstaddalen.