Sideinnhald:
Dette er bøkene om folket i Surnadal frå 1500/1600-talet og fram til i dag. Bøkene er ei gullgruve for slektsinteresserte, men inneheld også skattar til glede for alle andre som på ein eller annan måte har tilknyting til kommunen.
Bøkene byggjer på dei gamle bygdebøkene til Hans Hyldbakk. Informasjonen frå desse er revidert og ført fram til i dag. I tillegg har bøkene fått eit moderne design med mange flotte bilete og andre illustrasjonar.
Alle bustadar i kommunen får eit eige kapittel i bøkene, og både gardar, husmannsplassar og andre heimar innafor eit geografisk område kjem i same band. Kva namnegardar dei ulike bøkene dekkjer, finn du under kvart enkelt band.
Vi arbeider med stadig nye bygdebøker. Det er venta at serien blir på minst 10 bøker før alle heimar i kommunen er komne mellom to permar.
Bygdebokkontoret
Postadresse: Bårdshaugvegen 1, 6650 SURNADAL
Besøksadresse: Surnadal kulturhus, Svartvassvegen 1, 6650 SURNADAL
Tlf. 41 49 43 40
E-postadresse:
siv.oddrun.snekvik@surnadal.kommune.no
Boka omfattar namnegardane Åsbøen, Nordvik, Svinvika, Hjellnes, Todalshaugen, Kvennset, Husby, Hala/Halle, Kårvatn, Taløyan/Talgø, Bruset, Øye, Ørsalen, Hallset og Ansneset. Utgjeve 2016.

Boka omfattar namnegardane Brøskja/Brøske, Ytre Stangvik/Yttergarden, Indre Stangvik med Finnvikan, Grønneset og Kvanne. Utgjeve i 2017
Boka omfattar namnegardane Søyset, Mo, Røen, Bårdlia, Grytskogan, Melhus, Steinberget (Ytre og Indre), Hollen, Gjerstad, Haugen, Lia, Tretta og Hyllbakkan. Utgjeve 2018.
Boka omfattar namnegardane Pollen, Engjan, Engslettet, Kvenndalen, Kvennbøen, Ellevset, Holten, Mellingan, Østbøen, Åsen, Karlhaugen, Ranes, Øyan, Faksneset og Sogge. Utgjeve i 2020
Bygdeboknemnda
Ei nemnd med seks representantar frå politikk, administrasjon og frivillige organisasjonar er øvste styrande organ for arbeidet med dei nye bygdebøkene. I 2021 er desse personane med i nemnda:
Polistisk valte medlemmer: Lars Polden (leiar) og Ragnhild Ansnes Moe.
Administrative medlemmer: Lilli Husby og Råg Ranes.
Representantar frå frivillige organisasjonar: Jon Storløkken og Gudrun Langli Storholt.
Tilsette
To personar er tilsette i deltidsstillingar i bygdebokprosjektet. Dei reviderer og oppdaterer bøkene i samarbeid med dei frivillige som deltek i arbeidet.
Siv Oddrun Snekvik
Nathan Lediard
Siv Oddrun Snekvik (f. 1970), prosjektkoordinator i bygdebokprosjektet. Ho er utdanna førskulelærar og har gjennomført kurs i slektsgransking ved høgskulen i Volda. Siv Oddrun har tidlegare arbeidd som pedagog i barnehage og småskule.
Norunn Holten
Nathan Lediard
Norunn Holten (f. 1964), prosjektmedarbeidar i bygdebokprosjektet. Ho er cand.philol. med hovudfag i norsk frå Universitetet i Trondheim, og har tidlegare arbeidd som lærar og journalist.
Frivillige
I tillegg deltek ei lang rekkje frivillige i prosjektet, både organisajonar og enkeltpersonar.
Utan innsatsen til desse ville arbeidet med bygdebøkene blitt umuleg å gjennomføre!