Rettingar og tillegg band 3: Søyset - Hyllbakkan

 

  • Nedanfor finn du rettingar og oppdateringar av opplysningar i band 3 av Bygdebok for Surnadal.
  • Gardane står i alfabetisk rekkjefølgje
  • Heimane under kvar gard er også alfabetisk ordna.

Innleiande tekst

Side 8 («Korleis lesa boka», dei 3 første linjene): Rett skal vera: «Boka omfattar namnegardane Søyset, Mo, Røen, Bårdlia, Grytskogan, Melhus, Steinberget (Ytre og Indre), Hollen, Gjerstad, Haugen, Lia, Tretta og Hyllbakkan.»

Bårdlia

Ingen rettingar så langt.

Gjerstad

Holtan I:

Side 276 (15-2): Kristoffer Beraugson hadde også dottera Ingeborg, f. 13.11.1859, d. 14.9.1861. Mor hennar var Gjertrud Pedersdotter frå Galtmettet, Åsen.

Grytskogan

Grytskoggeilen:

Side 143 (1-9c): Riktig skal vera: «For meir om Marie, sjå Karlhaugen (plassen), Karlhaugen.

Haugen

Ingen rettingar så langt.

Hollen

Ingen rettingar så langt.

Hyllbakkan

Utistua

Side 358 (3-1): Gjeld barn nr. 7: Ingebrigt. f. 11.5.1856, d. 1932, gift 26.12.1892 i Aspås, Jämtland, Sverige, med Sigrid Nilsdotter. Dei budde også sidan i Aspås. Ingebrugt arbeidde med å leggje brustein (gatestein). Barn vi kjenner til: 1 Jon Nikolaus f. 1893, d. 1977, 2 Märta Elisabet f. 1894, d. 1980, 3 Olof Martin f. 1895, d. 1983, 4 Ivar Ansgarius f. 1899, d. 1977. (Kjelde: Ingela Fridlund, dotter til Ingemar Hylback, son til Jon Hylback.)

Nyhusan:

Side 365 (5-6): Her står det i boka at Elen Olsdotter Ellevset var frå Geilhaugen, Ellevset. Det riktige er at du må sjå Hitistua, Ellevset (1-9b), for å finne meir om henne.

Lia

Ingen rettingar så langt.

Melhus

Melhus:

Side 168 (1-9): Elias Simonson (Semundson) kom frå Semundstua, Kvennbøen.

Mo

Mosaga:

Side 99 (13-2c): Gjeld barn nr. 2 til Tørris og Elisabet Sofia; Lars. Han vart født 26.12.1840.

Røen

Utigard:

Side 111 (1-6): Mor til Mildri Hågensdotter (f. ca. 1742) var Lisbet Olsdotter «Smistad», f. ca. 1724, d. 1790 (Kjelde: skiftet etter Lisbet på Storfale 6.5.1790). Foreldra til Lisbet var Ole Ingebrigtson, f. ca. 1685, d. 1744, frå Utistua, Røv, og andre kona hans, Dordi Bårdsdotter «Fredsvik». Ole Ingebrigtson var gardbrukar på Smestad i Øksendalen. Far til Mildri var Hågen Pederson «Rakanes», f. ca 1716, d. 1756, seinare gift med Ragnhild Pedersdotter «Halle» frå Øyan, Hala, og brukar i Rakaneset.

Steinberget (Ytre og Indre)

Oppistua:

Side 194 (2-7): Barn nummer 2, Svend Olson, f. 1768, vart husmann i Teigen, Ellevset.

Skiftet:

Side 218 (17-1): Fredrik Kristenson kom frå Jaren på Ellevset.

Søyset

Skoglund:

Side 58 (18-1): Barn nr. 5, Maria Andersdotter, hadde sonen Ole Olson Bergsli, f. 23.11.1903. Far hans var Ole Olson Bergsli, f. 14.3.1871, frå Buneset under Bergslia i Tingvoll. Maria døydde 5.5.1905.

Tretta

Tretta:

Side 343 (innleiinga, 3. avsnitt): Ei litt uklar formulering her: Faren til Margrete Olsdotter, Ola, og broren hennar, Peder, dreiv Tretta saman med garden i Øyan i nokre år etter at Margrete døydde i 1964.