Kapittel 5: Kulturskole

Sommerdans 2013 

Surnadal og Rindal kulturskole er ein interkommunal kulturskole for kommunane Rindal og Surnadal, der Surnadal er vertskommune.

Skolen har administrasjonslokale i det regionale kulturhuset på Skei i Surnadal. Undervisninga går føre seg der og rundt om på skolane i begge kommunane.

Kulturskolen er ein sentral del av det kunstfaglege og kulturelle tilbodet til barn og unge i kommunen. Det vart i 2017 vedteke ei lokal læreplan for kulturskulen. Den er basert på  rammeplan for kulturskolen, “Mangfold og fordypning” og har si forankring i opplæringslova. Den er styrande for drift og utvikling i kulturskolen.

Regjeringa presenterte i mars 2021 Melding til Stortinget ”Oppleve, skape, dele. Kunst og kultur for, med og av barn og unge”

Den vil vere retningsgivande for satsinga på kulturskole i åra som kjem. I 2019 kom Kunnskapsdepartementet med strategien: "Skaperglede, engasjement og utforskertrang, Praktisk og estetisk innhold i barnehage, skole og lærerutdanning", som òg er eit viktig dokument for kulturskolen.

Samfunnsoppdraget for kulturskolen er forankra i Opplæringslova, paragraf § 13 -6:

 «Alle kommunar skal aleine eller i samarbeid med andre kommunar ha eit musikk- og kulturskoletilbod til barn og unge, organisert i tilknyting til skoleverket og kulturlivet elles.» Noreg har òg plikter etter UNESCO-konvensjonane om barns rettar og om vern av immateriell kulturarv.

MÅL: 

Skolen skal vere eit lokalt ressurssenter for kunst og kultur for alle.

Strategi

Kulturskulen skal vidareutvikle si rolle i lokalsamfunnet og vere ein aktiv samskapingsaktør som arbeider ut frå desse verdiområda:

  • Attraktiv og relevant
  • Inkluderande og mangfaldig
  • Utviklande og skapande 
  • Betydningsfull og meistringsorientert

 

Status 

Skolen har i 2021 vel 400 elevar i musikk, dans, visuelle kunstfag og drama/teater. Det er vel 6 årsverk fordelt på 11 lærarar, sekretær og rektor.

Skolen sel tenester til skolar, lag og foreiningar og prøver å delta i mange spennande aktivitetar og prosjekt i lag med både lokale og regionale aktørar, organisasjonar og institusjonar. Lærarane har  kunstnarisk og pedagogisk utdanning. 

Mulegheiter og utfordringar 

Surnadal og Rindal kulturskole  vil i tråd med rammeplanen tilby undervisning tilpassa breidde-, kjerne- og fordjupningselevar. Å arbeide med kulturskolen sine fag har ein eigenverdi som må ha forutsigbare og gode vilkår. 

Kulturskolen vil også samarbeide med det øvrige kommunale tenestetilbodet og frivilligheita. Vi ønsker å delta i arbeidet med å skape ein god kommune å bu i, danne framtidas innbyggarar og skape det gode liv. 

Ei utfordring er å kunne tilpasse kompetansen i skolen til framtidas behov samtidig som vi tek vare på dei tradisjonane vi har. For å ha relevans innanfor alle fagområde og få tak i fagkompetanse må vi samarbeide med andre eininger som oppvekst, kultur, integrering og helse. Ved å vere ein interkommunal kulturskole har vi muligheit for å tilby noko større stillingsprosent, men med mange små deltidsstillingar er rekruttering likevel utfordrande. 

Handlingsplan for planperioden 2021 – 2025

Tiltak kulturskolen 2021 - 2025
Tiltak
Sikre gode rammevilkår for å nå målet om kulturskole for alle i tråd med vedteke læreplanverk og føringar i Melding til Stortinget 2021 «Oppleve, skape , dele. Kunst og kultur for, med og av barn og unge»
Vi vil bidra til ei styrking av estetiske fag i grunnopplæringa på dei områda vi har kompetanse på, i tråd med gjeldande nasjonale føringar i regjeringa sin strategi: Skaperglede, engasjement og utforskertrang. Praktisk og estetisk innhold i barnehage, skole og lærerutdanning (Kunnskapsdepartementet, 2019).
Surnadal kommune må arbeide for gode etter- og vidareutdanningstilbod for kulturskolepersonalet. Dette er viktig for å møte framtidas krav og ønske om fornying og utvida arbeidsfelt på tvers av sektorane. Dette i samarbeid med Norsk Kulturskoleråd, fagnettverk i regionen og kompetanse for kvalitet.
Innføre nye tilbod i bredde, kjerne og fordjupning for å gi eit betre tilbod til fleire brukarar. F.eks «kulturkarusell» for dei minste barna – dvs dei får prøve seg eit år eller to på ein meny av ulike instrument og aktivitetar før dei melder seg på eit fast instrument eller aktivitet. Kortare verkstad/kurs for ungdom og vaksne.

Rapport på tiltak frå handlingsplan for planperioden 2017 – 2020

Rapport på tiltak frå handlingsplan for planperioden 2017 – 2020; kulturskolen
Handlingsprogram Kva har skjedd i perioden
Surnadal vil arbeide for at kulturskolen på Indre Nordmøre skal bestå som eit interkommunalt tilbod òg etter at kommune-reformen er ferdig. Etter kommunereformen har framleis Surnadal og Rindal eit interkommunalt samarbeid om kulturskolen. Med mindre elevgrunnlag, og reduserte lærarstillinger er fagtilbodet meir usikkert.
Surnadal kommune skal behandle rammeplan for kulturskolen i kvar valperiode. Rammeplanen vart behandla i kommunestyret i 2017.
Kommunen skal legge til rette for at spesielt barn og unge skal få utvikle sine kulturinteresser, òg gjennom kulturskolen. Tilbodet skal vere i tråd med nasjonale planer og anbefalinger, rammeplan for kulturskole og lokal læreplan Samarbeid med SUS- (10) 9.klasseprosjekt. Gitargrupper i Rindal skole. Dramatilbod i SFO. Samarbeid med integreringstenesta med tilbud til barn, unge vaksne og vaksne.