Surnadalsdialekten er eit immaterielt kulturminne, og eitt av dei mest særmerkte og verdifulle kulturminna vi har. Det er fleire grunnar til dette. Mellom anna har dialekten fleire restar etter norrønt språk enn dei fleste andre norske dialektar. Enno har vi for eksempel restar etter den gamle kasusen dativ. Dialekten har også mange spesielle språklydar, som gjer at mange utanfrå oppfattar talespråket vårt som særeige og eksotisk. Eitt eksempel er vokalen som verken er «a» eller «æ», men som vi brukar når vi uttalar orda «graut» og «smør».
Talemålet er viktig for personleg identitet. Det er eit uttrykk for kven vi er, kven vi ønskjer å vera og gjer oss til del av eit lokalt språkfellesskap.
Dialekten er i seg sjølv eit kulturuttrykk, men er også med på å forme, bevare og utvikle lokal kulturhistorie generelt.
Surnadalsdialekten har ein grammatisk struktur og ein måte å uttrykkje seg på som ligg nært opp mot nynorsk skriftspråk. Surnadal er i dag den nordlegaste nynorskkommunen i landet. Som for talemålet er skriftspråket viktig for både identitet og kulturhistorie.
Både talemål og skriftspråk er viktige reiskapar når vi skal gjera tankane våre høyrt. At vi kjenner tryggheit i eige språk er viktig for at vi skal tore å uttrykke oss i samfunnet- og dermed for eit levande demokrati på alle plan.
Å dyrke og verne om språket derfor av mange årsaker viktig.