Kleivaprisen kan sjåast på som Surnadal kommune sin kulturpris. Prisen blir delt ut av Kleivastyret som består av det sittande formannskapet til ei kvar tid. Det var Hans Hyldbakk som satte ned statuttane til Kleivafondet, som i si tid var ei gave til Surnadal kommune og innbyggarane. Kleivaprisen vart første gang utdelt i 1998.
Statuttane for Kleivafondet skal leggast til grunn for tildelinga av Kleivaprisen og under §2 står det mellom anna ”Formålet med fondet er å fremja kulturelle og lokalhistoriske føremål innafor kommunen, unnateke fotball og stjerneidrett. Forutan tildeling av midlar etter søknad, kan styret på eige initiativ gje stønad eller påskjønning til einskildpersonar som har gjort eller gjer ein innsats for kultur og bygdesoge på ulønt og frivillig basis (…)”.
1998
Henning Sommerro
Henning Sommerro
NTNU( )
Den første Kleivaprisen gikk til en person som har satt Surnadal på kartet gjennom komposisjon, sang og musikk. Han har satt spor etter seg i norsk kulturliv, og vært en svært god ambassadør for Surnadal. Han har også vært en inspirasjonskilde for kulturlivet i Surnadal, og vært positiv til å bidra, både før og etter at han flyttet fra Surnadal. Han er også en av hovedaktørene bak Vårsøghelga. Han er entusiastisk og skapende, han har tatt vare på sine røtter, og gjort Vårsøg og Hans Hyldbakk landskjent.
1999
Styrkår Brørs
Styrkår Brørs, her frå opninga av «Haustlys» i 2018 der han stilte ut mange flotte blyantteikningar
Nanna Ranes, Driva
Styrkår Brørs fekk Kleivaprisen spesielt grunngjeve ut frå hans lange og solide innsats for teaterlivet i kommunen:
«Han har vore ein ivrig eldsjel for teaterlivet i kommunen, der han har gjort ein svært viktig innsats som instruktør sidan 1965 til 1982 gjennom Surnadal Bygdeungdomslag. Han var initiativtakar til å starte opp Svarrabærje Teaterlag i 1998, og har vore instruktør på dei to revyane som Svarrabærje har hatt. På åtti-talet har han gjort ein stor innsats for idretten i bygda, som oppmann og trenar for langrennsungdomen.» Styrkår Brørs har også skrive fleire lokalhistoriske bøker og hefte og har også ry for å vere ein svært dyktig teiknar.
2000
John Røen
John Røen
Leivdal
John Røen fekk Kleivaprisen post mortem for sin innsats som ein av dei viktigaste tradisjonsberarane innan folkemusikken på Nordmøre. John Røen var lidenskapleg opptatt av folkemusikken. Han var sentral i Surnadal Leikarring og spelte ein sentral rolle i Nordmøre Spelmannslag, kor han også var musikalsk leiar i fleire år. John Røen hadde eit godt lag med fela, og fekk m.a. ein førstepris for nyskapande musikk på ein distriktskappleik – noko som viser at han også var nytenkande i formidlinga si. Han ivra for å få folkemusikken inn i kyrkja og var samtidig opptatt av å ta vare på dei gamle religiøse salmane. John Røen opparbeidde seg også raskt eit godt namn som ein habil kvedar. Mange av slåttene som han spelte inn, var ikkje tidlegare skrive ned – og vart med det berga for ettertida. Han var også ein viktig informant for andre sine prosjekt, m.a. Fred Ola Bjørnstad sitt bokprosjekt om folkemusikken frå Nordmøre.
2001
Jørgen Gravvold
Jørgen Gravvold. Privat foto frå da han vann skalde-konkurransen i Adresseavisen i 1974 og vart premiert med modell av diktarhesten Pegasus.
Privat
Jørgen Gravvold vart beskrive slik av forslagsstillarane: «Jørgens diktning holder et høyt litterært nivå. Hans naturbeskrivelser knyttet til hans heimtrakter, kjærlighetserklæringer i ulike former, samt hans humoristiske betraktninger om hverdagslivet, står sentralt i diktninga hans. Jørgen har gitt oss mye uten selv å ta imot store honorarer. En pris vil kunne være med på å gi han anerkjennelse for det han har skrevet og stimulere han til ytterligere innsats som skribent.» Jørgen Gravvold er godt kjent utafor kommunen for m.a. sine dikt, revy- og visetekster – som fleire har tonesett og gjeve ut på plate.
2002
Bernt Bøe
Bernt Bøe. Biletet er frå da han fekk overrekt Kongens fortenestmedalje under Jonsvaka i 2015. Til venstre ordførar Lilly Gunn Nyheim.
Gøran Rønning, Driva
Bernt Bøe har gjort ein stor innsats for det lokale kulturlivet på mange felt. Forslagsstillaren trakk m.a. fram det store arbeidet han lagt ned i «song- og musikklivet i kommunen, særskilt innanfor det kyrkjelege. Han har óg vore ein viktig bidragsytar ved kabaretar og andre framføringar.» Bernt Bøe har også vore dirigent for fleire kor. Bernt Bøe har også lagt ned eit stort arbeid som lokalhistorikar, og er vel den som har betydd mest for dokumentasjon av lokalhistoria vår forutan Kleivakongen sjølv – gjennom utgjeving av bøker, hefte, utallige avisinnlegg – og fleire lydproduksjonar. Han har som lærar og kulturarbeidar også gjort ein stor innsats i å formidle lokalhistoria til dei yngre.
2003
Famntak
Famntak, her med Henning Sommerro
Tor Helge Solli, Tidens Krav
Famntak, som gav ut si første plate i 2003, fekk Kleivaprisen same året. Ved overrekkinga vart det lagt vekt på følgjande: «Kleivaprisen 2003 går til ein god ambassadør for Surnadal. Vinnaren har sterke røter til heimbygda si, og gir Surnadal store kulturelle bidrag. Dei fire unge musikarane som utgjer gruppa Famntak, står kvar for seg som veldig solide og gode musikarar som er godt kjende også på nasjonalt plan. Når slike krefter går saman må det berre bli bra. Tone Søyset Døving, Jostein Ansnes, Anders Larsen og Trygve Brøske er til stor inspirasjon for andre surnadalsungdommar som ønskjer å satse på musikk. Alle fire er kvar for seg med på å sette Surnadal på kulturkartet – også ved å gi ut «Famntak», med tekstar av Hans Hyldbakk.»
2004
Alf Ramsøy
Alf Ramsøy
Tidens Krav
Kleivaprisen gikk dette året til kulturformidlaren Alf Ramsøy. Alf Ramsøy var utdanna skuespelar og var tilsett ved Det Norske Teatret i tida 1950–1958. Han har også medverka i to filmar som har skrive seg inn i norsk filmhistorie: den første filmen på nynorsk («Dei svarte hestane», 1951) og den første norske spelefilmen som var nominert til Oscar («Ni liv», 1957). Todalingen flytta heim i 1958 og polio førte til at han etter kvart vart bunden til rullestolen. Det unge sinnet førte likevel til at Alf Ramsøy var av dei som spreidde mest glede og livslyst same kvar han var, også som «kulturminister» i regjeringa til «Kleivakongen». Han var ein mykje bruka som formidlar både frå scene og ved lydopptak. Under overrekkinga vart det slege fast at: «Ingen kan som han tolke tekstane til våre store lokale diktarar Hans Hyldbakk og Leif Halse. Alf Ramsøy er ein av dei aller fremste til å syne oss rikdomen i kulturskattane våre.»
2005
Paula Ranes
Paula Ranes, fotografert under feiringa av 17. mai 2010
Tor Helge Solli
Eitt ord, «eldsjel», gjekk att i talen til kleivaprisvinnar Paula Ranes i 2005: «Eldsjel er eit stikkord får årets kleivaprisvinnar. Vinnaren har vore med på store musikal- og teateroppsettingar i kommunen vår, slik som «Sommar i Tyrol», «Trost i taklampa» og «My Fair Lady». 2005 er eit historisk år på mange vis. Det gjeld óg Kleivaprisen. Det er første gongen prisen blir delt ut til ei av dei mange dyktige kvinnene i kulturlivet vårt. Årets kleivaprisvinnar har lagt ned eit stort arbeid for song- og musikklivet i kommunen vår. Ho har også vore engasjert i kyrkjelydsarbeid i mange år. Eldsjela vi snakkar om har vore leiar i Mo skulekorps i fleire år. Da songkoret Tormod vart starta opp igjen i 1995 vart sjølvsagt prisvinnaren valt til formann. Ho er ei av dei aller største eldsjelene i kulturlivet i Surnadal. Årets kleivaprisvinnar er Paula Ranes.»
2006
Ola Brøske
Ola B. Brøske fekk overrekt «Kleivaprisen» av leiar av Familie- og kulturkomiteen på Stortinget, May- Helen Molvær Grimstad.
Driva
Vinnaren i 2006, Ola Brøske, brann for dei estetiske faga i skulen – og elevane sin rett til å utvikle og bruke sine kreative evner. Ola Brøske starta «Musikkskulen for alle» tidleg på 1980-talet og dro også i gang bygdeverkstadar i alle grendene i kommunen. Gammal og ung fekk vere til saman i kulturell utfalding på bygdeverkstadane, om det var lefsebaking, handarbeid, song og musikk eller andre aktivitetar. Ola har vore ein inspirator for mange av dei kjende musikarane frå Surnadal, mellom anna Jostein Ansnes, Tone Søyset Døving, Trygve Brøske med fleire. Han hadde ein arbeidsmetode som både framprovoserte og framelska kreativitet. Ola gav dei unge ansvar, heitte det i grunngjevinga for tildelinga.
2007
Eistein Bæverfjord
Eistein Bæverfjord
Arve Hoem, Tidens Krav
Kleivaprisen dette året gjekk til Eisten Bæverfjord for hans lange og allsidige innsats i det lokale kulturlivet. Musikk ha stått sentralt i livet til prisvinnaren, som trakterte trekkspelet frå ung alder. I talen til Eistein heitte det: «Prisvinnaren tok i sin ungdom del i datidas ungdommens kulturmønstring, kalla amatørkonkurranse. Ein av dei fyrste premiane denne trekkspelaren fekk, var i Festiviteten i Kristiansund – det var ei gul fiskarstong. Prisvinnaren har fleire førsteplassar i Noregs ungdomslags landstevlingar, og ein førstepremie vart til og med kapra med blodet strøymande frå fingrane slik at tangentane vart raude.» Eistein Bæverfjord har også vist stor engasjement for lokal historie. Og han var tidleg ute med å nytte nye teknologiske hjelpemiddel og var kjent for å vera ein «kløppar» på data. Han var også ein ivrig filmskapar, og har kanskje levert den lengste amatørfilmen som har vore vist i «Ut i naturen» på NRK.
2008
Holger og Kirsti Skei
Kirsti og Holger Skei
l.illi Husby
Holger og Kirsti Skei var av dei som var aller nærast Kleivakongen, og Holger vart omtala som «finansministeren» i regjeringa til «kongen». I grunngjevinga for tildelinga heitte det m.a.: «Holger har vore svært aktiv på mange felt, både innan idrett, bygdeungdomslag og revyarbeid. Han er ein kjent og kjær artist, ikkje berre i Surnadal, men på heile Nordmøre og vel så det! Saman med kona Kirsti tok han seg av Hans Hyldbakk i mange år. Den innsatsen som Kirsti har lagt ned opp gjennom åra, kvalifiserer også til pris, og da gjerne saman med mannen Holger.»
2009
Svein Sæter
Svein Sæter, her sittande framom lokale lovande diktarspirar under Kleivakvelden i 2019
Øystein Hjelle Bondhus
Svein Sæter har skrive eit tjuetal bøker, fleire musikkteater og er ein kjent formidlar, kåsør og journalist. Fleire av bøkene har eit lokalhistorisk tilsnitt. Han har også lagt ned eit stort arbeid som styreleiar for kulturfestivalen «Vårsøghelga», også ved å få dei yngste til å uttrykke seg gjennom å skrive dikt. Svein Sæter har også sett lys på livsverket til Hans Hyldbakk gjennom bøker, artiklar og foredrag. Han har også vore aktiv i frivillig arbeid; korps, Stangvikfestivalen, idrett m.m.
2010
Trond Larsen
Trond Larsen
Bjørn Tore Brøske
Trond Larsen fekk prisen for sine «musikalske» bidrag, og slik vart han introdusert under overrekkinga: «Kleivaprisen i år går til ein person som har vore aktiv i musikklivet i Surnadal i det vi kan kalle ein mannsalder. Sagt om prisvinnaren er at: ”han med særleg dyktigheit og innsatsvilje har lagt ned eit stort og betydingsfullt arbeid som musikalsk leiar og primus motor”. Og dette har han gjort i nærmare 40 år! Han har òg vore aktiv musikar, og stilte villig opp for revy og teaterlag som pianist og orkesterleiar i mange år. I tillegg akkompagnerte han lokale utøvarar når det var behov for det. I ein periode trakterte han kontrabassen i Strykeorkesteret i Surnadal. Han hadde også sin eigen gamaldanskvartett som reiste land og strand rundt nokre år. Dei har forresten gjort eit vellukka comeback i dei seinare åra. Han er ein pedagog som er godt fagleg forankra med stor menneskekunnskap og tolmod, eigenskapar som er avgjerande for å skape tryggleik og framgang. Dette kom spesielt dei to korpsa han leia til gode, Surnadal skulekorps frå 1966 og Surnadal Hornmusikk frå 1974. No har han lagt opp denne gjerninga, men han fungerer framleis som vikarlærar på kulturskulen når dei treng det til piano og treblåselevane. Årets vinnar har tidlegare motteke Ungdomsarbeidets Pris her i Surnadal og han fekk i 1991 Norges Musikkorps Forbunds høgaste utmerking for dirigentar. Han har gleda mange med musikken sin, både når det gjeld korpsmusikk og gamaldans.»
2011
Dordi Skuggevik Tande
Dordi Skuggevik tande
Rita Aarnes, Driva
Dordi Skuggevik Tande fekk prisen i 2011 og fekk med seg denne omtalen før overrekkinga: «Årets kleivaprisvinnar har òg vore ein viktig bidragsytar for det lokale kultur- og musikklivet gjennom mange år både i Surnadal og i Trondheim, der korsong generelt og gregoriansk song spesielt har vore eit av hovudinteressene for denne kunnskapsrike pris-vinnaren. Prisvinnaren er tidlegare tildelt ærestittelen” Chevalier dans l'orde des Arts et des Lettres” (Ridder i ordenen for kunst og litteratur) av den franske kulturministeren. Denne utmerkinga er ein av fire franske ministerielle ordnar, og derav ein av Frankrikes hovudutmerkingar. Ho er ein uredd forslagsstiller i kulturelle og religiøse saker, som verken har lagt seg inn under biskopar eller andre. Ho har òg brukt år av livet til; på eigen risiko med eigen finansiering og på eige forlag – samla stoff, skrive og gitt ut ”Utvandringshistorie frå Nordmøre”, for dette arbeidet har ho fått personleg takk frå Kong Olav. Boka i seg sjølv er eit prosjekt, men den førte og med seg ein verdifull kulturutveksling i praksis med ein straum av norskamerikanarar som har besøkt ”gamlelandet” etter at boka kom ut. Boka blir også bruka som eit oppslagsverk for mange med slektningar ”over there” og for dei som har interesse for dette spesielle kapittelet i historia vår. Årets Kleivaprisvinnar var den første kultursekretæren i Surnadal kommune. Ikkje minst har ho vore, og er framleis, ein fargeklatt som ikkje kvir seg for å kommentere stort og smått av det som opptar ho.»
2012
Sverre Hatle
Sverre Hatle
Mari Vattøy, Trollheimsporten
Sverre Hatle vart kleivaprisvinnar dette året, og vart introdusert slik (utdrag): «Årets Kleivprisvinnar er ein allsidig person som har gjort eit stort arbeid for frivillige lag og organisasjonar og vist stor dugnadsinnsats over tid, og på fleire område.
Prisvinnaren er til dømes dugnadshjelp her på Kleivakvelden, saman med Surnadal Heimbygdlag. Utom å vere aktiv medlem både i Heimbygdlaget og Nordmøre Mållag, er prisvinnaren ein habil diktar, anten det er heilt originalt stoff eller omskriving av andre sine dikt. Her kjem eit sitat frå eit av nominasjonsbreva: ” I fotefara etter …(Sverre Hatle) kjem det alltid fine, vare og nyttige blomstrar til glede og ettertanke for mange”. Han er ein ihuga nynorskmann som meiner at målføret er ein viktig del av den lokale kulturarven, og at talemålet er grunnlaget for å uttrykkje seg godt skriftleg. Han er ikkje fødd surnadaling, men kjenner surndalsmålet betre enn dei fleste innfødde. Utanom å vere ein pådrivar for nynorsken og alt anna han i kultursamanheng har vore med på, må vi få lov til å trekkje fram prisvinnaren sin innsats i desse prosjekta: Dialektspalta i Driva, ”Ville blomstra” – (Jørgen Gravvold: Ord og vendingar han henta frå kvardagsspråket), ”Vårsøg” i nytt opplag. Og - så, sjølvsagt ”Ord te gagns” – bok og CD om surndalsmålet: Det som i utgangspunktet var å digitalisere og systematisere 5000 handskrivne ordsetlar etter Bjarne Østbø, vart etter kvart utvida med stoff frå Gunnvor Dønnem og Randi Skrøvset Hatle m.fl. som til slutt vart ei flott bok med ord og utrykk frå Surnadal.
2013
Randi Lysø
Randi Lysø
Tor Helge Solli, Tidens Krav
Kleivaprisvinnaren dette året, Randi Lysø, har i fleire tiår, sidan rundt 1980, vore ei drivande kraft i husflidsarbeidet i Surnadal: «Det kan trygt seiast at Randi Lysø er ei som ikkje er ute etter å vise seg fram med innsatsen ho gjer og kunnskapane ho har. Men ho har vore og er ei svært solid dame som har gjort ein trufast og stor innsats på eit tradisjonelt kvinnedominert område – men som er svært viktig for oss alle. Surnadal Husflidslag er eitt av dei største og mest aktive husflidslaga i fylket, med jamt over 100 medlemmar, og med stor aktivitet både for barn og vaksne. Laget tek vare på kunnskap om tradisjonelle husflidsteknikkar og -produkt, og arbeider aktivt for at kunnskapen skal leve vidare inn i framtida. Laget held årleg ei rekke kurs, t.d. i strikking, saum, veving og skinnfellarbeid, og i lokala sine på Nymoen arrangerer husflidslaget vår og haust arbeidsstove for barn. Årvisst blir det også arrangert messer, husflidsdagar og liknande. Randi Lysø har i svært mange år vore styreleiar i laget, og slik sett vore ein nøkkelperson som pådrivar og organisator. I tillegg har ho vore mykje brukt som fagleg ressursperson, som kurshaldar og inspirator. Den faglege kunnskapen hennar har óg kome til uttrykk m.a. i boka ”Nordmørssøm – i ny og gammel drakt”, der Randi Lysø var medredaktør.»
2014
Svanhild Husby
Svanhild Husby
Ole Trygve Fosseide, Trollheimsporten
Svanhild Husby er mellom dei yngste som har fått Kleivaprisen, men … «…har allereie gjennom mange år vore ein aktiv kulturpersonlegdom i Surnadal. Mellom anna som vokalist, skodespelar, instruktør og tekst- og songskrivar. Forslagsstillaren skreiv om vedkomande: dette er ”ei eldsjel som uredd og med stort engasjement er sterkt medverkande til det aktive og kvalitetssterke kulturlivet i kommunen”. Kleivaprisvinnaren er eit oppkomme av idear og figurar og dreg i gang mange prosjekt sjølv, ho er òg instruktør for dei yngre, og er aktivt med på revysuksessane til Svarrabærje Teaterlag. Ho har samarbeidd med fleire andre kulturpersonlegdomar på Nordmøre. Ho er både «hulder» og «humle» og «Kvinnfolk på kanten». Ho har i mange år hatt eit sterkt forhold til Jørgen Gravvold sine tekstar, og ho har delt denne gleda med oss, publikum, gjennom fleire forestillingar med fokus på desse tekstane.»
2015
Fredrik Sjøflot
Fredrik Sjøflot
Tor Helge Solli, Tidens Krav
Fredrik Sjøflot var ein populær kleivaprisvinnar i 2015. Her kjem eit utdrag frå forslagsstillaren si fremjing av kandidaturet: «Vil med dette koma med forslag om at Fredrik Sjøflot f. 1928 blir tildelt Kleivaprisen for sin store og allsidige innsats som musikar i over 60 år. Han har til alle tider stilt velvillig opp når det har vori behov for ein dyktig musikar, eller i andre samanhengar der det var nok at han kunne gle andre med musikken sin. Det nyttar ikkje å ramse opp alle samanhengar han har stilt opp som musikar i over 60 år. Mest kjent i dag er innsatsen han gjer på pensjonistmøter, og kvar fredag hos ”Eldre hjelper eldre”, der han så og seia utan fråvær har vori fast musikar sidan dei starta samlingane sine på Kulturhuset i 2002. Han har og lagt ned ein betydeleg innsats i teatersamanheng. Utanom dette har han stilt opp i alle mulege tenkelege og utenkelege samanhengar med klarinetten, blokkfløyta og den sjølvlaga seljefløyta si. At han og beherskar gitaren er vel ikkje så offentleg godt kjent. Han har aldri kravd betaling for speleoppdraga. For han har det vori løn nok at han har lykkast med framføringa og at folk har gledd seg over musikken hans. Størst innsats har han gjort i Surnadal Hornmusikk der han trass sin høge alder fortsatt er aktiv støttespelar. Hans musikkteoretiske kunnskapar er imponerande og overgår ofte det som ein finn hos profesjonelle musikarar. Fredrik Sjøflot er det beste eksempelet på ein amatør, (som tyder å gjera noko for at ein elskar å gjera det ein gjer) i motsetnad til ein profesjonell (som gjer noko med det formål å tjena på det ein gjer)».
2016
Lars Steinar Ansnes, Erling Myrbostad og Torbjørn Polden
Torbjørn Polden, Erling Myrbostad og Lars Steinar Ansnes
Geir Forbregd, Driva
Prisen vart delt mellom tre forfattarar som hadde samarbeidd om fleire lokalhistoriske bøker: Lars Steinar Ansnes, Erling Myrbostad og Torbjørn Polden. Dei vart introdusert slik under utdelinga: «Kulturelle og lokalhistoriske føremål innafor kommunen» – står det i vedtektene til Kleivaprisen. Årets kleivaprisvinnar må seiast å passe godt inn i føremålet, her er lokalhistoria blitt teke godt vare på. Det heile starta på ein parkeringsplass inni Kvenndalen ein haustdag i 2007. Og den første boka vart ferdig og trykt i 2010. Prisvinnarane krumma nakken og gjekk i gang med ei ny bok ikkje lenge etter. Nye timar, mange timar med innsamling av stoff, bilde og intervju, vart bruka, – og – så, kjem skrivinga i tillegg! Kleivastyret meiner at dette er eit viktig og riktig prosjekt, til rett tid. Dette er dokumentasjon frå vår nære fortid. Dei som har opplevd tida og aktivitetane, eller som berre har høyrt historia vorte fortalt, av dei som kom før oss, dei held på å bli gamle. Skulle stoffet bergast til nye generasjonar, slik at vi ikkje blir historielause i vår eiga tid, var det viktig at ideen vart sett ut i livet. Det er med andre ord, ei solid dose lokalhistorie i begge bøkene, eg talar sjølvsagt om bøkene: «Kvenndalen med Kvennbøtæla og Engjamarka, Historia - kulturlandskapet -folket», frå 2010 og «Søyådalsboka»,med undertittelen «Utmarkshistorie frå Eidet» som så treffande vart lansert under Vårsøghelga i fjor. Kleivaprisen blir i år tildelt for desse bøkene og arbeidet med innsamling av stoff, bilde og intervju, alt dette i Hans Hyldbakk si ånd.»
2017
Einar Sødergren
Einar Sødergren saman med medlemmer av hornmusikken
Mari Vattøy, Trollheimsporten
Einar Sødergren fekk prisen i 2017; ei tildeling som vart grunngjeve slik: «Årets kleivaprisvinnar blir kalle for eit multitalent og har lagt ned ein enorm innsats innan kulturlivet i Surnadal, gjennom mange år. Med sin musikalitet utover det vanlege, har kleivaprisvinnaren bidrege med kunnskap og positiv innstilling i mange forestillingar, både som musikar på ulike instrument og som dirigent. Han set krav om kvalitet og høg standard i sitt virke innanfor kulturlivet. Kleivaprisvinnaren kan virke som ein stille og beskjeden mann – utanfor scena, men blir eit fyrverkeri når han handterer kor, korps og solistar samtidig. Kleivaprisvinnaren har hatt ei sentral rolle i mange suksessforestillingar, mellom anna i My Fair Lady, Sommer i Tyrol, Bør Børson, cABBAret og Huldredans. For tre år sidan, tok han initiativ til den første storforestillinga med korps, kor og band, – basert på film- og musikalperler, og no i vår vart det atter ei suksessforestilling etter denne oppskrifta.»
2018
Else Brandvoll Andresen
Else Brandvoll Andresen
Eva Synnøve Rønning, Trollheimsporten
Else Brandvoll Andresen vart omtala som ein kleivaprisvinnar full av energi og med mange «jern i ilden». Forslagsstillarane omtalte vinnaren som: Godhjertet og kunnskapsrik, genuint interessert i mennesker og dyr, og har vært engasjert i lokalsamfunnet siden vedkommende kom til bygda. Dette engasjementet har vist seg på den politiske arena; vedkommende har vært politisk aktiv i mange år, og har ikke vært redd for å ytre egne meninger. Utenfor den politiske sfære så er det kultur som står prisvinnerens hjerte nærmest, med et spesielt fokus på sang og frivillig arbeid. I de siste åra så har mye av fokuset vært rettet mot inkluderingsarbeid. Hun er primus motor for oppstart og drift av språkkafeen hver mandag. Formålet med kafeen er at flyktninger og lokalbefolkningen skal ha en møteplass, der blant annet eksterne aktører blir invitert for å holde ulike foredrag. I tillegg arrangerer hun aktiviteter som skiturer og fisketurer for de som vil være med. Hun bruker mye av sin tid til kjøreopplæring for flyktninger. I forbindelse med kjøreopplæringen, synes hun også at det er viktig at flyktningene lærer å snakke norsk og er fokusert på å ha gode samtaler mens de kjører. Hun er en lojal og engasjert lagspiller og blir beskrevet som «en fargeklatt i bygda vår».
2019
Jon Arne Mogstad
Jon Arne Mogstad
Øystein Hjelle Bondhus, Trollheimsporten
Jon Arne Mogstad fekk prisen i 2019 og vart omtala slik før utdelinga: «Årets kleivaprisvinnnar reiste tidleg ut frå Surnadal, for å studere sitt fagfelt. Frå 80-talet har vedkommande vore aktiv både nasjonalt og internasjonalt. Parallelt med sitt eige kunstnarlege virke, har årets kleivaprisvinnnar lagt til rette for at stadig nye kunstnarar har fått utnytte sitt eige potensial. Som de sikkert forstår går årets Kleivapris til eit anna kunstnarleg uttrykk enn ved tidlegare utdelingar. For første gong går Kleivaprisen til ein utøvar av kulturuttrykket vi på folkemunne kallar «kunst» eller «bildekunst». Kleivaprisvinnaren arbeider ofte i store format og har mellom anna hatt utsmykkinga av vårt eige kulturhus, og han har gjort andre monumentale utsmykkingsarbeid rundt om i Norge. Det blir hevda at årets prisvinnar har ei leikande og eksperimentell haldning til maleriet, og at han skal ha ein stor del av æra for at maleri ikkje forsvann som uttrykksform, da dei digitale media dukka opp på 90-talet. Han var med på å gi rom for at dei nye kunstnarane kunne utforske og kombinere fleire uttrykk . I tillegg til å vere ein sterk og allsidig kunstar har han gode pedagogiske evner, og slik han tidlegare la til rette for ei blanding av fagområde har han dei siste åra, saman med andre, fysisk lagt til rette for at kunstnarar kan kome til Surnadal og Surnadal Billag, for inspirasjon og utøving av sin kunst. Årets kleivaprisvinnnar har i fleire år arbeidd som professor i Bergen og Trondheim, der han no er professor emeritus.»
2020
Laget Vårsøg
Laget Vårsøg
Dordi Jorunn Halle, Todalen.no
I 2020, «koronaåret», vart det ei nedstrippa feiring av Vårsøghelga. Dessverre! Men Laget Vårsøg kunne i det minste feire at dei vart årets vinnarar: «Prisvinnaren har vore aktiv i kulturlivet i Surnadal, meir eller mindre i 25 år. Prisvinnaren er òg godt kjend ut over Surnadal sine grenser. Det har utvikla seg mange «surnadalsvener» på grunn av årets prisvinnar. Prisvinnaren gaper over det meste, ikkje noko er for stort og ikkje noko er for lite, prisvinnaren er sjangeroverskridande så det held. Prisvinnaren utfaldar seg innanfor området frå kyrkje til kro, og fornying gjennom tradisjon. Årets prisvinnar har levert kunst og kultur til utruleg mange desse åra, og ser på seg sjølv som arrangør. Surnadal kommune ser òg prisvinnaren som, ja – arrangør, men også omdømmebyggar og formidlar av kulturarven etter Hyldbakk. Lokale, nasjonale og utanlandske artistar om einannan. Profesjonelle forfattarar og unge lokale diktskrivarar, frå rock til «pling-plong-musikk» som Henning seier, dans, litteratur, kunst, debatt, pubkveldar, kyrkjekonsertar, kulturvandringar. Kven kan formidle Kleivakongen sine tekstar, tankar og idear betre enn den gjengen som årets kleivaprisvinnar består av? Kven andre ber denne stolte tradisjonen fram år etter år? Årets prisvinnar har eit namn som er kome inn i nynorskordboka, eit namn som fargar dagen grøn for oss andre, sjølv når det er vinter i mai – 75 år etter at Hans Hyldbakk skreiv diktet «Vårsøg», går Kleivaprisen til dei som år etter år arrangerer Vårsøghelga
2021
Erik L. Moen
Erik L. Moen er ein person som har vore aktivt med i frivillig arbeid sidan ungdommen. Prisvinnaren er ein tradisjonsberar og ein inspirator. Prisvinnaren er beskrive som ei klippe og ein person som har lagt grunnlaget for livslang musikkglede for mange. Prisvinnaren er framleis aktiv som korsongar, musikar og entusiastisk korpsdeltakar. Om prisvinnaren har det vore sagt: «Vi veit ikkje kva ende vi skal starte i når vi skal liste opp det «prisvinnaren» har gjort av frivillig innsats. Vi får seie at lista er uuttømmeleg». I denne lista finn vi mellom anna dansemusikaren, korsongaren, kyrkjeklokkeringaren, forsongaren, teknikaren, korps-dirigenten, -læraren, -materialforvaltar, han har vore med i korpset i over 50 år! I eit sitat frå eit av forslagbreva, står det: «Han har med eit utrøtteleg tålmod og ei oppriktig glede over det som blir prestert av lyd, undervist dei små musikantane.» Han har eit engasjementet som strekkjer seg lang utover sitt nærområde både innanfor frivillig abeid men og innanfor sitt engasjement med økologisk landbruk og miljø. Tradisjonsberaren kjem tydeleg fram i det arbeidet som, i sin tid, vart lagt ned på Røsta setra i Vindøldalen. Han og familien dreiv setring med mjølkekyr på Røsta som dei siste her i kommunen. Han var med og ga mange unge ei innføring i den gamle seterkulturen med mat- og dyre stell. For ein god del år sidan tok prisvinnaren initiativ til å merke den gamle kløvvegen frå Holtamoan til Vindøldalen. Der går det no ein årleg turmarsj. Den er med på å halde både kulturhistoria og stien ved like og da er det servering av både tradisjonskost og musikk på Røst’n. Røsta setra og den årlege friluftsgudstenesta er òg godt besøkt, og da er det Erik som trekkjer i trådane.
2022
Sigrid Vetleseter Bøe
Sigrid Vetleseter Bøe
Operasongar og kulturberar Sigrid Vetleseter Bøe er ein utøvar som har nådd langt innan eit kulturfelt med svært høge krav til prestasjon. Sambygdingane har følgt utviklinga hennar sidan ho var lita jente, og ho har stått på mange lokale scener både før og etter ho reiste ut i den store verda. Prisvinnaren er høgt utdanna i faget sitt, og ho har fått fleire prisar og utmerkingar i Noreg og utlandet for talentet og arbeidet sitt. Ho har hatt sentrale roller i store oppsetningar på store scener i Europa, men dei sterke røtene i heimkommunen, og ikkje minst heimbygda Bøfjorden, gjer at vi ofte får sjå og høyre henne her på Nordmøre også. Prisvinnaren har vore ein viktig bidragsytar til mange lokale prosjekt innan musikk og teater, med deltaking i alt frå Vårsøghelga, Lady Arbuthnott og stemningsfulle julekonsertar, til russerevyar. Dei siste åra har ho vore kunstnarisk leiar for Stangvikfestivalen og er ein av instruktørane for sommarakademiet som festivalen arrangerer saman med Operaen i Kristiansund, der unge songarar blir kursa i klassisk song. Denne våren har ho gjort stor suksess i oppsetjinga Bør Børson Jr., som har turnert i Trøndelag, og ho har kalenderen full av oppdrag i inn- og utland i tida framover. Årets prisvinnar er ofte primadonna på scena, men denne veksande stjerna er heilt utan primadonnanykker, og viser stadig det sterke engasjementet sitt for kulturlivet i Surnadal.