Arbeide med å lage ei eiga kulturminneplan | Surnadal kommune si første kulturmiljøplan vart vedteke i kommunestyret 10.12.2020 |
Arbeide med å få til ein aktiv bygdeboknettstad | Dette er eit arbeid vi ikkje har komme i mål med, på grunn av manglande ressursar |
Stimulere til aktivt historie- og dokumentasjons-arbeid i heile kommunen | Bygdebokprosjektet er eit av «produkta» til dette målet, bok nr. 4 i ein serie på 10 vart utgjeve i 2020. Det har gjennom heile planperioden blitt gitt støtte til lokalhistoriske skrifter |
Aktivt arbeid i Namnenemnda, for å sikre gode lokalshistoriske stadnamn òg på nye utviklingsprosjekt | Namnenemnda er ei nemnd som blir kalla inn når det er behov, ved ny adressering og nye prosjekt. Det store adresseringsarbeidet er utført og det er mindre møte i denne nemnda no enn før |
Vi skal sette fokus på Surnadalsøra som ein kulturell myldreplass med fokus på kulturhistorie, kunstnarar og kreative næringar | Ørafondet vart oppretta først i planperioden for å stimulere til istandsetting av bygg i tråd med reguleringsplana for Surnadalsøra og for å stimulere til utviklingstiltak. Aktivitet i Surnadal billag genererer positive ringverknader i området og i kommunen, det same gjer verksemda i det gamle samvirkelaget, bedehuset og Trudvang. Øradagane er eit godt «Ørafokus-prosjekt». I 2021 vil Surnadal billag og Surnadalsøra vere sentrum for ein internasjonal kunstfestival. |
Sikre bevaring og bruk av museumsanlegga | Driftsavtale med Nordmøre museum. Tiltak i planperioden: Ny scene og restaurering av hovudhus Kleiva. Aktivitet ved Kavlveg på Eidet, knytt til Åsen bygdemuseum. Bevaring og skjøtsel av hagen Svinviks arboret. Etablering av back-up samling for nasjonale genbankar i frukthagen i Svinviks arboret. |
Etablere vedlikehaldsplan for museumsanlegga | Vi har sikringsplan og tilstandsrapport, men mangler vedlikehaldsplan |
Tilrettelegging og utvikling av stisystem i Svinviks arboret | Sklisikring av trappetrinn og nokre enkeltpunkt er utbetra, resten blir utsett til etter Kavlvegprosjektet er ferdigstilt. Tiltaket bør vidareførast. . |
Etablering av kultursti i tilknyting til Åsen, kavlveg | Under oppbygging, som eit eige prosjekt i samarbeid med Nordmøre museum, Møre og Romsdal fylke, Miljødirektoratet og Riksantikvaren m.fl. |
Skule/barnehagetilbod med fokus på lokale kulturminne, fordi vi vil gjere elevane meir medvetne på historia, endra livstilhøve og klimaendringar med bruk av lokale eksempel. | Gjennomført i museumsregi, og kavlveg, barnehage, grunnskole og ungdomstrinn og vidaregåande |
Auke aktiviteten i Kallastuå | Nytt styre - Temporære utstillingar - Oppussing av lokalet - Endring av faste utstillingar |
Samarbeid og samvirke mellom Svinviks arboret, Norsk Myrmuseum (Smøla) og Phillipshagen (Sunndal), gjennom driftsavtalen med Nordmøre museum | Inngått samarbeid med Sunndal bygdemuseum Leikvin og Phillipshagen om kartlegging og rådgiving, knytt til fruktsamling og rododendronsamling. |
Korte artiklar for skule, lokalhistorie og reiseliv kan t.d. leggast ut på kommunen si heimeside. På kulturnett, digitalt fortalt | Vi har løyst dette gjennom den digitale kulturmiljøplanen, den vil vidareutviklast over tid. Nordmøre museum har i planperioden teke i bruk appen Kulturpunkt for digital formidling, tilbodet er under utvikling til nye målgrupper. |
Arbeide for aktive historielag i hovuddalføret og Bøverfjorden | Dette har vi ikkje greidd å gjere noko med. Surnadalsøra Vel fungerer som eit historielag for øra, men framleis manglar vi eit historielag i dei nemnde områda. Dette er eit punkt som bør vidareførast i neste plan |
Arbeide for å få på plass eit aktivt samarbeid med frivillige | Vi har mykje godt samarbeid med frivilligheita innanfor dette området også, slik som: Bygdebok, Kavlvegprosjektet, hagelaget og enkeltpersonar, Indre Nordmøre forsvarsforening og krigsminneregistrering |
Det er og eit behov for eit nytt lokalhistorisk verk i kommunen, men før ei meir grundig bygdahistorie kan skrivast, er det viktig å sikre seg mest muleg materiale for ettertida gjennom dokumentasjon av munnlege kjelder og anna materiale som med åra lett kan gå tapt | Vi har fått til eit samarbeid for å ta vare på filmar som dokumenterer livet i Surnadal (Saksen). - Bygdebokarbeidet har òg ei vinkling med å ta vare på nyare historie som har kome etter Hyldbakk. - Hyldbakkarkivet blir arbeidd med gjennom museet, dei fleste bilda er no ferdigdigitalisert. Det neste som skal takast tak i, er «papir-arkivet» |