Vedlegg; tilskotsordningar og kriterium

 

I Surnadal har vi tre tilskotsordningar innanfor kulturområdet.

Kulturmidlar

Dette er eigentleg driftsmidlar, men det er òg muleg å søkje på desse midlane om ein treng litt ekstra til oppussing av grendehus, ball- og leikeplassar og liknande.  Kulturmidlar er årlege midlar og søknadsfristen er 30. april. Desse midlane er delt opp i tre område:

  • idrett- og skyttarlag
  • song- og musikklag
  • andre lag og foreiningar 

Tildeling frå posten kulturmidlar i perioden 2017 - 2022:

Kulturmidlar 2017 - 2020
Tenesteområde Regnskap 2017 Regnskap 2018 Regnskap 2019 Regnskap 2020
Andre lag og foreiningar 64 000 70 000 56 000 63 000
Idretts- og skyttarlag 200 000 200 000 200 000 200 000
Song- og musikklag 60 000 60 000 60 000 60 000
TOTALT 324 000 330 000 316 000 323 000

Det er formannskapet som vedtek fordelinga av kulturmidlane. Tidlegare har Surnadal idrettsråd fordelt midlane som går til idretts- og skyttarlag, men ei endring i kommunelova har ført til at dei ikkje kan gjere vedtak i saka. Dei vil framleis vere eit høyringsorgan på tildeling av kulturmidlar.

Retningsliner for kulturmidlar i Surnadal kommune

1. Generelle vilkår:

1.1       Ved søknad til formannskapet kan det ytast stønad til lag og organisasjonar som driv eller vil starte kulturtiltak i Surnadal kommune.

1.2       Lag som har aktivitet retta mot, og blant barn, ungdom og funksjonshemma skal prioriterast.

1.3       Lag og foreiningar som mottek stønad, forpliktar seg til å akseptere følgjebevis til sine arrangement.

1.4       Søknadsfrist er 15. april kvart år.

2. Stønadsformer

2.1       Kulturmidlar blir gitt til administrasjon og drift av lag, når verksemda er kontinuerleg. Som hovudregel blir kulturmidlar  berre gitt til hovudlaget, det vil seie ikkje til undergrupper. Storleiken på stønaden blir å vurdere ut frå formannskapets eige skjønn, medlemstal under 20 år, aktivitetsomfang og kven aktiviteten rettar seg mot, og elles kostnadsnivå ved drift av laget.

3. Idretts- og skyttarlag

3.1       Lag som får stønad må vere medlemmar i NIF eller DFS.

3.2       Viser til: 1. Generelle vilkår og 2. Stønadsformer

3.3       Surnadal Idrettsråd lagar innstilling på tildeling av midlar til medlemslaga innan sin søknadsgruppe (endre pga ny lovgiving).

4. Song og musikklag

4.1       Lag og foreiningar som lønar dirigent vil bli prioritert til stønad.

5. Andre lag

5.1       Viser til punkt 1. Generelle vilkår.

6. Stønad til forsamlingshus

6.1       Forsamlingshus kan ytast stønad til vedlikehald, mindre opprustningstiltak og ordinær drift. Hus som er opne for all lovleg kultur- og organisasjonsverksemd skal prioriterast. Ved vurdering av søknaden vil det bli lagt vekt på aktivitet retta mot born - og unge.

7. Oppstartstilskott

7.1       Oppstartstilskott kan ytast til nystarta lag. Oppstart av nye grupper/aktivitetar innan eit eksisterande lag gir ikkje rett til slik stønad. 
Maksimal stønad er kr 1 000. Laget bør ved starten ha minst 10 medlemmar.

Søknadsfrist: 30. april (Endra etter ønske frå Surnadal idrettsråd)

Vedtatt i kulturstyret 29. mai 1997. med endringar 30.01.02 og 14.03.06, samt endringar vedteke i formannskapet 28.10.2008

De finn skjema for kulturmidlar her.

Retningsliner for tilskot til ball- og leikeplassar

Formålet med tildeling av tilskott til ball- og leikeplassar er at velforeiningar og grendelag skal få offentlege midlar for å byggje eller utbetre ball- og leikeområde nær bustadområda. Kommunen kan maksimalt gå inn med 50 prosent av totalkostnaden. Det er fastsett eigne satsar for berekning av dugnad. Dette går fram av søknadsskjemaet.

Retningsliner for tilskot leikeplassar

1.         Lag kan søkje om tilskott til opparbeiding og restaurering av leikeplassar. Søknadssummen kan maksimum utgjere 50% av totalkostnaden (medrekna dugnad).

2.         Søknadsskjema finns elektronisk

3.         Søknadsfrist: 30. april

Midlane blir belasta utbetalt mot dokumentasjon av utgifter, prosjekta må vere fullført og dokumentasjon tilsendt kommunen innan 1. oktober tildelingsåret.

Kulturtilskot

Dette er ein sekkepost der det blir plasser mange forskjellige typar tilskot, slik som faste årlege driftstilskot, avtale om løypeoppkjøring, faste årlege tilskot til festivalane, støtte til 17. mai arrangement.

Frie midlar

Har to søknadsfrister; 15. mars og 15. september.  Beløpet er det formannskapet som bestemmer med vedtak kvart år. 

Søknadsskjema

Faste årlege tilskot

Dette er tilskot som kjem av politiske og administrative avtalar som er gjort med privatpersonar, lag og organisasjonar (og festivalar).

Tildeling av kulturtilskot i perioden 2017 - 2020

Kulturtilskot 2017 - 2020
Tenesteområde Regnskap 2017 Regnskap 2018 Regnskap 2019 Regnskap 2020
Kulturprosjekter og markeringar 160 000 228 000 0* 0*
Andre lag og foreiningar 20 000 15 000 0 15 000
Idrett 226 000 243 000 202 000 249 000
Diverse kulturtiltak 182 000 25 000 220 000 339 000
Friluftsliv 73 000 59 000 73 000 64 000
TOTALT 660 000 570 000 496 000 666 000

* Midlane i denne tenesta er flytta til "Diverse kulturtiltak" frå og med 2019.

Kleivafondet 

Midlane i Kleivafondet kjem frå renteinntekter på fondet etter Hans Hyldbakk. Det er ikkje kvart år det er nok renteinntekter til å lyse ut desse midlane. Når dei blir lyst ut, blir tilskotet  tildelt organisasjonar eller enkeltpersonar. Denne ordninga har ikkje eit skjema til utfylling, ein søkjer direkte til Kleivafondet (Surnadal kommune).

Tilskotet skal i følgje vedtektene §2: "... fremja kulturelle og lokalhistoriske føremål innafor kommunen, unnateke fotball og stjerneidrett. Forutan tildeling av midlar etter søknad, kan styret på eige initiativ gje stønad eller påskjønning til einskildpersonar som har gjort eller gjer ein innsats for kultur og bygdasoge på ulønt og frivillig basis..." Søknadane blir behandla  av Kleivastyret. Kleivastyret består av medlemmene i formannskapet. 

Vedtekter for Kleivafondet (DOC, 23 kB)