Vaulen si historie
Det budde drivarar på Vaulen fram til 1717. I 1898 vart eigedomen kjøpt av den velståande engelskmannen John Patrich Chaworth Muster. Han sette opp hovudhuset til sommarhus.
Sonen hans James Lawrence Chaworth Muster var ornitolog og forskar og ein av hovudmennene bak kompani Linge. Familien Muster budde i periodar på Årnestrøa i Surnadal.
Vaulen i dag passar ypperleg for både store og små, og særleg for skuleklassar og grupper.
Bruk av Vaulen under covid-19
Etter å ha drøfta utleige av Vaulen under koronasituasjonen med kommuneoverlegen har vi desse punkta å forhalde oss til:
- Skuleklassar/elevgrupper har førsteprioritet (nedfelt frå før)
- Vaulen kan kun leigast ut og blir prisa eksklusivt, dvs kun til ein leigetakar om gongen: skuleklasse, gruppe eller enkeltperson
- Vaulen kan ikkje leigast ut til personar som skal i/ er i karantene
- Leigetakarar under korona-pandemien må vere ekstra nøye med reinhaldsrutiner/smittevernrutiner
- Personar som er sjuke/har symptom på covid-19, skal ikkje bruke/leige Vaulen
- Ved avbestilling grunna sjukdom vil vi ikkje kreve avbestillingsgebyr
Leigesatsar
- For alle grupper uavhengig av antal personar er leiga på kr 2000,- pr natt. Denne prisen inkluderer leige av kano/båt.
- Dersom små grupper godtek at det kan koma fleire leigetakarar blir prisen pr. natt pr. person kr 100.-. Barn under 12 år kr 50.-.NB! Gjeld ikkje under covid-19.
- Leige av kano/båt pr. dag/døgn kr. 40,- ( inkl. bensin til båt).
- For grupper av skuleelevar er leige inkl. leige av kano/båt pr. natt kr. 500,- for inntil 15 elevar. Frå og med elev nr. 16 blir det betalt kr. 30,- pr. elev.
- Dagsturar kr 20.- pr pers.
Adkomst
Bomveg frå aust: Kjør frå RV 65 ved Åmot mot Dalsegg. Frå riksveg til Krokvatnet omlag 7 km.
Bomveg frå vest: Kjør frå RV 65 på vestre Nordmarka ved Skisenteret. Frå riksveg til Solåsvatnet om lag 18 km.
Bestilling
Vaulen må bestillast frå Surnadal kommune sitt servicekontor på telefon: 71 65 58 00 eller e-post: post@surnadal.kommune.no
Kontaktperson/Vaulens venner, Even Sande: 90035895
Grupper og skuleklassar blir prioriterte framom enkeltpersonar/mindre grupper. Vaulen kan leigast året rundt.