Jordsmonnkartlegging

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har gjort jordsmonnkartlegginga i Surnadal kommune. 

Kva er jordsmonnkarlegging?

Personell frå NIBIO gikk over innmarka for å kartfeste utbreiinga av ulike jordtypar. Den praktiske jordsmonnkartlegginga skjer ved ein kombinasjon av flybildetolking og bruk av handjordbor. Utbreiinga av dei forskjellige jordtypane digitaliserast i felt ved hjelp av berbar PC og digitale ortofoto. Dette dannar grunnlag for ein digital kartframstilling av ei rekkje tema.

Kartlegginga inngår i ei landsomfattande kartlegging av jordbruksareala. Kartlegginga er ein standardisert innsamling av grunnleggjande jordsmonndata og eit viktig ledd i å dokumentere jordsmonnet som ressurs med tanke på å sikre areal for landbruksproduksjon. Kartlegginga gir grunnlag både for å vurdere jordas agronomiske eigenskapar med tanke på å tilpasse driftsmetodar til lokale jordforhold, og risikovurderingar knytta til avrenning frå jordbruksareal.

Ulike kart du finn på https://kilden.nibio.no

Resultata frå jordsmonnkartlegginga i Surnadal i 2018 og 2019 er publisert på Kilden https://kilden.nibio.no . Vel fane Jordsmonn og sett deretter inn Surnadal kommune i søkjefeltet. Karta framkjem ved målestokk 1:40 000 og større. Følgande kart er publisert (og veljast i rullegardinmenyen til venstre i skjermbildet):

Jordkvalitet

Jordressurskart

Begrensende egenskaper

Driftstekniske begrensninger

Dreneringsforhold

Årsak til dårlig drenering

Potensiell tørkeutsatthet

Organisk materiale

WRB-grupper

Meir generell informasjon om jordsmonnkartlegging: 

sjå NIBIO sine heimesider, https://www.nibio.no/tema/jord/jordkartlegging