Kulturlandskap og miljøverdiar

Areal som ikkje lenger er i bruk gror fort igjen og endrar kulturlandskapet. Det er fleire gode grunnar til å ta vare på dei gamle kulturmarkstypane. Informasjon om kvifor, og om tilskotsordningar som stimulerer til fortsatt bruk, finn du her.

Slått og beite på eng og myr i utmark hadde tidlegare svært stor betydning i Surnadal, og dei vanlegaste kulturmarkstypane er naturbeitemark, slåttemark, slåttemyr, beiteskog og haustingsskog. Men også i lågareliggande område nærmare gardane finn ein for eksempel naturbeitemark. Desse visast som overflatedyrka areal eller innmarksbeite i Gardskart. Kjenneteikn ved slike areal er:

  • prega av lang tids beite eller hausting (slått, rising/lauving) ​
  • ikkje brukt kunstgjødsel og plantevernmiddel​
  • jorda ikkje/lite bearbeidd​
  • ​ikkje innsådde artar​​
  • stabile og ofte artsrike system, og mange artar særleg tilpassa​

Sjøl om dei gamle kuturmarkstypane i dag utgjer eit svært lite areal husar dei 24% av dei trua artane I Norge. Tar vi vare på desse kan det derfor ha stor betydning for naturmangfoldet som vi skal forsøke å bevare. I tillegg lagrar slike område mykje karbon pr. arealeining. Skal dette halde fram må driftsformene som skapte kulturmarka oppretthaldast. Noko areal som har gått ut av tradisjonell bruk kan også restaurerast tilbake, og få auka naturmangfold og karbonlagring.

Tilskot for å ta vare på ulike kulturlandskap:

  • Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL-midlar) Tilskot til å fremje natur- og kulturminneverdier i kulturlandskapet samt redusere ureining frå jordbruket, utanom det ein kan vente gjennom vanleg landbruksdrift. Søknadsfrist 15. mars (i Surnadal kommune). 

Eksempel på aktuelle SMIL-tiltak:

  • Gammal dyrka mark held på å gro att. Det blir rydda, gjerda og beita med husdyr.

  • Eit gammalt sommarfjøs står enda, men må ha vedlikehald. Nytt tak blir lagt.

  • Historielaget og gardbrukarar i ei grend planlegg og lagar ein sti som omfattar gamalt vegfar, husmannsplassar, fiskeplass, utsiktspunkt og ei gamal slåtteng.

  • Ein bekk som vart lukka under bakkeplanering på 70-tallet tek ikkje unna flaumvatnet. Det blir lagt nytt og steinsikra ope løp, med ein rensedam i eine enden.

  • Gardbrukarar i fleire kommunar samordnar seg om å etablere ei lang sykkelrute. Tilskot blir gjeve til registrering, planlegging og lønn til prosjektleiar.

  • Tiltak for trua naturtypar.  Miljødirektoratet si tilskotsordning for å  ivareta trua naturtypar og utvalgte naturtypar etter naturmangfoldlova. Søknadsfrist 15. januar.

Slåttemark (inkludert lauveng) og slåttemyr er to av dei seks naturtypene som i dag har status som utvalgte. 

Trua naturtyper er naturtyper som står på norsk rødliste for naturtyper (2018) og som er i truethetskategori kritisk trua (CR), sterkt trua (EN) eller sårbar (VU).

I tillegg gis det tilskudd til høstingsskog.

For desse naturtypane kan det gis tilskot til:

a)skjøtsel og vedlikehald

b)tilpassa bruk på areal som inngår i drifta av landbruksføretaket

c)gjerding

d)kartlegging og overvaking i tilknyting til tiltak

I tillegg til tiltak i felt kan det gis tilskot til utarbeiding av skjøtsels- eller tiltaksplan, nødvendig utstyr til tiltak og informasjon om naturtypane.

Både grunneigarar, privatpersoner, frivillige organisasjonar, kommunar, virksomheiter og institusjoner kan få tilskot.

 

  • Regionaltmiljøprogram (RMP) Tilskot for å gjennomføre miljøretta aktivitetar for å ivareta kulturlandskap og redusere forureining. Søknadsfrist 15.oktober.

Tilskot kan gis til føretak som har gjennomført tiltak på areal dei disponerer i søknadsåret. Føretaket må drive vanleg jordbruksproduksjon på ein eller fleire landbrukseigedomar, og må vere registrert i Einingsregisteret.

Eksempel på aktuelle tiltak som kan gi tilskot:

  • Slått av bratt areal

  • Slått av slåttemark

  • Drift av seter

  • Skjøtsel av enkeltståande automatisk freda kulturminne

 

 

Kontaktinformasjon

Bodil Gjeldnes
Miljøvernkonsulent
E-post
Mobil 901 77 053
Elin Moen Lysø
Rådgjevar landbruk
E-post
Mobil 952 59 360

Åpningstider

Telefontid: 09:00 - 15:00
Kontortid:  09:00 - 15:00