Produksjonstilskot og avløysartilskotJordbruksføretak kan søkje om produksjons- og avløysartilskot om dei driv vanleg jordbruksproduksjon med husdyr- og/eller planteproduksjon på ein eller fleire eigedomar. Føretaket må òg vera registrert i einingsregisteret (må ha organisasjonsnummer) og må vera knytt opp i mot ein landbrukseigedom. SøknadsfristarDel 1 (berre husdyr): 15. mars (med teljedato 1. mars)Del 2: 15. oktober (med teljedato 1. oktober). UtbetalingTilskota vil bli utbetalt samla i februar året etter at du har søkt. Elektronisk søknad JordbruksavtalenDei ulike tilskotsordningane er omtalt i jordbruksavtalen og i søkeveiledningen hos landbrukdirektoratet. Alle reglar som omhandlar kor mykje tilskot kvar enkelt søkar er berettiga, som tilskotssatsar, soner, reglar for fastsetting av driftssenter og definisjon av husdyrslag og vekstgrupper, framgår av jordbruksavtalen. Her er og fastsett kva tilskot du søkjer ved kvar søknadsomgang, samt registreringspunkt og søknadsfrist.Gjeldande jordbruksavtale med satsar etc.: Jordbruksavtale 2024-2025. (PDF, 2 MB)Meir om jordbruksavtalen finn du på Landbruksdepartementets sider om jordbruksoppgjeret. Produksjonstilskot omfattar tilskotsordningane:Arealtilskot (Areal - eiendommer, Areal - vekster)Kulturlandskapstilskot (Areal - eiendommer)Tilskot for husdyrTilskot for dyr på beiteTilskot for dyr på utmarksbeiteDriftstilskot til mjølkeproduksjonDriftstilskot til spesialisert storfekjøttproduksjonTilskot til små og mellomstore mjølkebrukTilskot for bevaringsverdige husdyrraserAvløysartilskot (her finn du også lenke til rekneark for berekning av avløysartilskot) Arealtilskot til økologisk landbrukTilskot til økologisk husdyrproduksjonDistriktstilskot for frukt, bær og veksthusgrønnsaker og distriktstilskot for matpotet dyrka i Nord-NorgeMeir informasjon:Ordningane blir regulert i Forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruketHer er kommentarar til forskrift om produksjonstilskot og avløysartilkskot i landbruketGenerell informasjon om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket hos landbruksdirektoratet.