Kven kan få tidlegpensjon?
Jordbrukarar som har fylt 62 år og som har drive jordbruk i minst 15 år, kan få tidlegpensjon. Men det blir stilt krav til inntekt i ein referanseperiode på fem år. Dette gjeld både næringsinntekt frå føretaket og anna inntekt. Ein føreset også at landbrukseigedomen er overdregen til ny eigar. Ny eigar kan ikkje vere ektefelle/sambuar.
Sjå fullstendig oversikt over kriteria m.m på Landbruksdirektoratet sine sider.
Korleis søkje?
For å få tidligpensjon må du sende søknad på skjema fastsett av Landbruksdirektoratet. Skjemaet kan du laste ned frå www.landbruksdirektoratet.no eller du kan få det ved å kontakte fylkesmannens landbruksavdeling. Der kan dei også svare på spørsmål om ordninga. Søknaden sender du til fylkesmannen, som behandlar og avgjer søknaden.
Om tidlegpensjon for jordbrukarar frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal.
Skjema
Direktelenke til søknadsskjema på Landbruksdirektoratet sine sider.