Tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel

Føremålet med ordninga er å bidra til å finansiere sjukdomsavløysing mv. Føretak som driv husdyrproduksjon eller heilårs produksjon i veksthus, kan få tilskot til avløysing gjennom heile kalenderåret. Føretak som driv plante- eller honningproduksjon, kan få tilskot til avløysing innanfor onnetida. Onnetida er som hovudregel frå 15. april til 1. oktober.

Kven kan søke

Jordbruksføretak som er registrerte i Enhetsregisteret og driv vanleg jordbruksproduksjon, kan søkje om tilskot til avløysing ved sjukdom eller svangerskap hos bonden, når bonden har sjukt barn, og i samband med fødsel, adopsjon eller omsorgsovertaking. Dersom bonden døyr, kan etterlate(n) ektefelle, sambuar, forelder eller barn søkje om tilskot til avløysing for inntil 8 veker etter dødsfallet.

Søknadsskjema for tilskot til avløysing ved sjukdom med vidare.

 

Søknadsfrist: 

Seinast eitt år etter siste dag i den perioden du søkjer tilskot for.

 

Dette bør du ha klart når du skal søkje 

Til søknaden skal du leggje ved dokumentasjon for 

  • at den avløyste jordbrukaren var i ein situasjon som gjev rett til tilskot.
  • utgiftene til avløysinga (for løn til eigen tilsett avløysar trengst det ikkje dokumentasjon dersom a-meldinga er send inn korrekt).
  • Føretaket sin produksjon (dyretal på første dag av søknadsperioden/daa av ulik produksjon om i onnetida).

Denne dokumentasjonen er det lurt å ha klar når du registrerer søknaden.

Generelle vilkår

  • Føretaket må vere registrert i Enhetsregisteret og drive vanleg jordbruksproduksjon.
  • Personen som har blitt avløyst, må ha hatt næringsinntekt frå jordbruk, gartneri m.m. frå føretaket dei to siste inntektsåra vedkomande hadde fått skatteoppgjer for per 1. januar i det året avløysinga finn stad.
  • For innehavarar av ENK blir det ikkje stilt krav til storleiken på næringsinntekta. Avdøde jordbrukarar, deltakarar i DA eller ANS, og ektefellar til innehavarar av ENK må ha hatt minimum ½ G i gjennomsnittleg næringsinntekt per år.
  • For innehavarar av nyetablerte føretak, som per 1. januar endå ikkje hadde fått skatteoppgjer for dei to første åra etter oppstart, krevst det i staden at jordbruks- eller gartneridrifta i føretaket er eigna til å gje positiv næringsinntekt over tid.
  • Produksjonen til føretaket påverkar kor mykje ein kan få i tilskot.
  • Ein kan berre få tilskot for dokumenterte utgifter til avløysing som er utført i søknadsperioden.
  • Det skal gjerast frådrag for inntektene til den avløyste personen.
  • Ein får som hovudregel berre tilskot til avløysing av ein person i same periode.
  • Ein og same person  kan berre få tilskot til eitt føretak i same periode.

Les meir om ordninga hos landbruksdirektoratet

 

Sjukepengar frå NAV

Frå dag 17. gjeld også sjukepengeordninga. Den skal sørgje for at jord- og skogbrukarar får utbetalt sjukepengar rekna ut frå 100 prosent av sjukepengegrunnlaget frå 17. dag av sjukemeldingsperioden. NAV forvaltar sjukepengeordninga for jord- og skogbrukarar som ein del av si vanlege sjukepengeforvalting, og du må sende søknaden til NAV. 

Sjukepengar til jordbrukere og reindriftsutøvere

NAV 08-35.01 Inntektsopplysninger for selvstendig næringsdrivende og/eller frilansere