Jakt og viltforvaltning

Kommunane har ansvar for alt vilt og deira leveområde innan viltforvaltninga.

Forvaltning av storvilt er ei viktig oppgåve som kommunen har.

I Surnadal kommune er det opna for jakt på hjort, elg og rådyr. Kvart år blir det felt omlag 450 hjort, 60 elg og 50 rådyr. Kommunen har eiga politisk valt viltnemnd beståande av 5 representantar. Det administrative ansvaret er lagt til skogbrukssjefen. Viltnemnda har som hovudoppgåve å arbeide med forvaltning med heimel i viltlova og tilhøyrande føresegner.

Kontaktinformasjon

Tore Gjul
Skogbrukssjef
E-post
Mobil 913 03 388