Andre føremål

Dersom du har behov for å køyre motorkjøyretøy i utmark og vassdrag utover det som motorferdselloven eller nasjonal forskrift opnar for, kan du søkje om dette.

Generelle krav:

  • du må ha særlege grunnar og må påvise eit særleg behov som ikkje er knytt til turkøyring.
  • transportbehovet kan ikkje dekkast på annan måte.
  • transportbehovet må vurderast mot mulege skader og ulemper i forhold til målet om å redusere motorferdsel i utmark til eit minimum.
  • løyve kan berre bli gitt for bestemte anledningar og bestemte tidsrom
  • kommunen kan sette vilkår for løyvet

Slik søkjer du:

Skriftleg søknad kor du gjer greie for formål, dato, start- og endepunkt og behov for antall turar sender du til kommunen. Hugs å legge med kart.

Gå til søknadsskjema og fleire nyttige opplysningar