Søknad om bruk av snøskuter for transport av bagasje, utstyr og ved til hytte

Etter søknad kan du få løyve til bruk av snøskuter for transport av bagasje, utstyr og ved til private hytter, og her finn du nærare opplysningar om ordninga og søknadsskjema. Nedst finn du ein framgangsmåte for å lage kart som skal leggast ved søknaden.

Transport av bagasje og utstyr til hytte

Det er §5c i nasjonal forskrift som opnar for dette transportføremålet. Verdt å merke seg er:

  • Det er berre eigar av hytte og næraste familie som kan søke om og få slikt løyve. Næraste familie er her. Det kan gis berre éit løyve til kvar hytte og dette gis til hytteeigar, leigar
    eller nærmeste familie (rett oppstigende eller nedstigende ledd og ektefellar alternativt sambuar
    med dei). Barn og foreldre treng ikkje å vera folkebokført på same adresse. Svigerbarn må ikkje vera
    gift, men kan vera busett på den same adressa. Kvar hytte kan berre ha eitt løyve, men inntil tre personar kan stå på løyvet.
  • Desse løyva gjeld berre transport av bagasje og utstyr og ikkje persontransport. Personar kan likevel sitte på snøskuter eller slede dersom det er plass saman med bagasjen.
  • ATV med belte er ikkje å rekne som snøskuter. Bruk av slikt kjøretøy må vurderast og behandlast etter §6 i nasjonal forskrift.
  • Jfr. Surnadal kommune sine retningsliner for motorferdsel i utmark blir det gitt 8 tur-retur til hytte pr. vintersesong med snøskuter til dette føremålet.
 

Transport av ved til hytte

Det er §5e i nasjonal forskrift som opnar for dette. Verd å merke seg er:

  • Dette kan vere transport av ferdig kløyvd ved frå parkeringsplass til hytte, heile vedstrangar mellom vedteig og hytte eller heile vedstrangar mellom vedteig og parkeringsplass.
  • Jfr. Surnadal kommunes retningsliner for motorferdsel i utmark blir det gitt 3 køyredagar pr. vintersesong med snøskuter til dette føremålet.
  • Transport av ved til hytte skal i så stor grad som muleg utførast samtidig med transport av bagasje og utstyr til hytte.

Kontaktinformasjon

Staffan Sandberg
Miljøvernkonsulent
E-post
Mobil 469 55 840