Kva får du?
Du får oppmålt, vist og merka eigedomsgrensa di, og du får sett ned offentlege grensemerke der det er muleg.
Oppmålingsforretning kan gå ut på å
- klarlegge og beskrive grenser og rettar knytt til fast eigedom (matrikkeleining).
- merke og måle eksisterande grenser i mark i tråd med partane sine påstandar og framlagt dokumentasjon. Grensepåvising er ei klarlegging av grenser som allereie eksisterar på eigedommen din. Grensene blir ikkje endra.
- framskaffe alle opplysningar og dokumentasjon som er nødvendig for å føre landets offisielle register over fast eigedom (matrikkelen.) For ny matrikkeleining gjeld det at du først har løyve frå kommunen etter plan- og bygningsloven før eininga kan opprettast i matrikkelen.
- merke og måle nye grenser i marka i samsvar med kommunal løyve etter plan- og bygningsloven
På nettsida til Kartverket kan du laste ned og fylle ut skjemaet Rekvisisjon av oppmålingsforretning
Lever skjemaet til oss per e-post: post@surnadal.kommune.no, per brev eller oppmøte.
Vi tar kontakt med deg og avtalar tidspunkt for møte og oppmåling.
Gå til denne sida dersom det gjeld frådeling av ny eigedom/tomt.