Kapitelinndeling
- Bevaring
- Kunnskapsverdi
- Opplevingsverdi
- Bruksverdi
- Kulturminne med formelt vern i Surnadal av nasjonal verdi
- Kulturminne og kulturmiljø av regional verdi i Surnadal
- Prioriterte kulturminne og kulturmiljø i Surnadal av lokal verdi
BEVARING - KVIFOR SKAL EIN TA VARE PÅ KULTURMINNE?
Kulturminna er ein del av omgjevnaden vår og bidreg både med kunnskap, opplevingar og bruksverdiar. Som kunnskapskjelde er kulturminna eit viktig grunnlag for vår tolking og forståing av fortida. Dei kan seia noko om menneska sitt forhold til kvarandre og til naturen, tilgang og bruk av ressursar, næringsverksemd, og om mennesket sitt sosiale, religiøse og rituelle liv. Slik kan dei og hjelpe oss å forstå vår eiga tid og bidra til å forma framtida.
Opplevingsverdien er av ulik slag. Kulturminna kan skapa gjenkjenning og tilhøyrsel, gjere oss nyfikne og skape engasjement og nærleik til fortida. Kulturminna kan og vera identitetsskapande og bidra til å gje stadar særpreg og karakter gjennom at dei står for kontinuitet, variasjon, og kontrast i det menneskepåverka miljøet.
Eit kulturminne som forsvinn kan aldri bli erstatta. Difor er det viktig å vere klar over kva for kulturminne som er spesielt verdifulle for samfunnet, slik at desse kan takast vare på for framtida. Det er òg viktig å registrere og dokumentere eit breitt spekter av kulturminne før dei går tapt, slik at ein i alle fall sitt att med ein grunnleggande kunnskap og innsikt om utbreiinga av ulike kulturminne innafor eit gitt geografisk område.
Stortingsmelding nr 16 (2004-2005) Leve med kulturminne, skisserer eit triangel av forenkla overordna verdiar i kulturminna; kunskapsverdi, bruksverdi og opplevingsverdi. Grunnlaget for å verne kulturminne er at dei har verdi som kjelder til kunnskap, grunnlag for oppleving og ressurs for bruk. Automatisk freda kulturminne og kulturminne freda gjennom vedtak har i utgangspunktet alltid høg verdi.
Vidare har ein eit meir finmaska sett av delverdiar som til dels kan sorterast under dei tre overordna verdiane. Handbok for lokal registrering nyttar desse underkategoriane.
KUNNSKAPSVERDI -KVA KUNNSKAP KAN KULTURMINNET GJE OSS?
Kulturminne er ein særs viktig kjelde til kunnskap om og forståing av fortida. Dette kan gjelde ulike forhold som kulturminna sitt opphav, bruken og betydinga av dei, menneska sitt liv, tro og samfunnsforhold generelt og interaksjonen mellom menneske og natur.
Bygningshistorie; materialhistorie, stilhistorie, teknologihistorie, handverkhistorie, kunsthistorie, arkitekturhistorie, planhistorie
Næringshistorie; landbrukshistorie, fiskerihistorie, industrihistorie, sosialhistorie, samferdselshistorie, idrettshistorie, krigshistorie, busettingshistorie, utmarkshistorie
Religionshistorie; minoritetshistorie, personalhistorie, forskingshistorie, vitskapshistorie
Miljøhistorie; forvaltingshistorie, vegetasjonshistorie
OPPLEVINGSVERDI - KVA OPPLEVINGAR KAN KULTURMINNET GJE OSS?
Opplevingsverdiane er knytt til allmennheita, eller ulike grupper, sine opplevingar og kan slik sett seies å ha ein meir personlig forankring enn kunnskapsverdiane. Arkitektonisk og kunstnarisk verdi finnes dermed her, mens arkitekturhistorisk og kunsthistorisk verdi er plassert under kunnskapsverdi.
Elles er ein rekke av disse verdiane knytt til meir allmenne forhold, til korleis kulturminna påverkar oss som kollektiver; Arkitektonisk verdi, kunstnarisk verdi, estetisk verdi, handverksmessig verdi, bruks- og alderspreg, patina. Symbolverdi, tilhøyrsle, identitetsverdi. Undring, refleksjon, forbløffing, gjenkjenning, nysgjerrigheit
BRUKSVERDI - KVA KAN VI BRUKE KULTURMINNET TIL?
Bruksverdiane er ein verdikategori som har fått auka merksemd. Verdiskaping blir knytt både til det økonomisk så vel som det kulturelle, sosiale og miljømessige. Kulturminna sin verdi kan i varetakast og aukast gjennom ny og/eller endra bruk, men dei kan og reduserast gjennom manglande eller feilaktig bruk.
Nytteverdi, økonomisk verdi, ressursverdi, næringsverdi, utviklingsverdi, formidlingsverdi, museal verdi, pedagogisk verdi, tilgjengelegheit.
Kulturminna er indirekte ein ressurs som kjelder til kunnskap og grunnlag for oppleving. Dei kan i mange tilfelle også bli ein ressurs i meir direkte, økonomisk forstand. Kulturminne kan stå sentralt i reiseliv og turisme, og kulturminne kan brukast som inspirasjon i design av salsvarer.
Det er berre for dei siste par hundreåra at vi kan hevde at skriftlege kjelder gjev eit breitt og samansett bilete av samfunnet. Den høge verneverdien til fornminna skuldast i stor grad at dei er dei einaste kjeldene til tida før vi får skriftlege kjelder. Men òg for nyare tid kan kulturminne gje oss kunnskap om sider og delar av historia som elles er dårleg representert i skrifta. Vidare gjev kulturminne ein annan kunnskap enn tekstane: ei arkeologisk utgraving av ein husmannsplass frå 1800-talet ville gje heilt anna type kunnskap enn det som står skrive om plassen i historiske dokument.
Oppleving er knytt til kunnskap, men det vesentlege her er at formidlinga skjer breiare og gjennom fleire sansar. Difor får til dømes eit fornminne som både har høgt kunnskapspotensial og høg opplevingsverdi, særskilt høg verneverdi.
Kulturminne av nasjonal verdi skal vere eit utval som prøver å vise breidda i landet si historie. Dei eldste kulturminna våre (frå før 1650) har nasjonal verdi i kraft av sin alder. Frå denne perioden av historia har vi mellom avgrensa skriftlege kjelder til dokumentasjon av historia. Kulturminna frå denne perioden er derfor særleg viktige som første hands kjelder. Ein del kulturminne har allereie fått nasjonal verdi ved fredingsvedtak eller i landsverneplanar. Alle kulturminne av nasjonal verdi har også regional verdi. Men dei kulturminna i Møre og Romsdal som får status som nasjonal verdi, vil ikkje fullt ut kunne gi eit godt bilete av fylket si kulturhistorie.
Her er det viktig å løfte fram dei kulturminna og kulturmiljøa som i dag ikkje har formelt vern med status nasjonal verdi, men som vi meiner har ein plass i den «divisjonen» ut frå vår vurdering etter vernekriterier og i høve til Riksantikvaren sin fredingsstrategi òg etter 2020 og opplysningar om kva artar det er lite av på fredingslista i dag. Utanom postvegen frå 1780-åra har Møre og Romsdal fylke gjennom regional delplan for kulturminne foreslått 38 ulike kulturminne og kulturmiljø i fylket.
Kulturminne av regional verdi er kulturminne som dokumenterer regionen si historie med viktige utviklingstrekk. Dei kulturminna som er med i opplistinga til planen utgjer eit representativt utval kulturminne og kulturmiljø som avspeglar regionen si historie. Kulturminna og kulturmiljøa har verdi ut over den kommunen dei ligg i. Her må vi ha med fleire kulturminne og kulturmiljø enn dei som har status som nasjonal verdi. Fokus er på kulturminne frå etter 1650 som ikkje har nasjonal verdi. Kulturminne med høg regional verdi, treng ikkje samtidig ha nasjonal verdi.
Denne delen av planen skal det arbeidast vidare med i planperioden, ein ser for seg fokus på desse områda: landbruk, næring, forsamlingshus, krigsminne, nyare tids kulturminne, immaterielle kulturminne.
Vi har eit vedlegg der vi har starta å samle forslag til kulturmiljø det finn de her, vi har og ein ide om innsamling til delen om immaterielle kulturminne, det finn de eksempel på her
Om du ønsker å melde inn eit kulturminne så bruk dette skjemaet: