Kapittel 7: Handlingsprogram

Klikk for stort bildeKunstprosjekt på Svinviks arboret 2018 Lilli Husby  

Kapitelinndeling:

  1. Om Handlingsprogrammet
  2. Mål
  3. Strategiar
  4. Tiltak
    1. Handlingsdel for neste 4 års periode (2021 - 2025) prioritet 2021
    2. Handlingsdel for neste 4 års periode (2021 - 2025) prioritet 2023  (blir lagt inn i planen etter vedtak i desember 2022)
    3. Handlingsdel for neste 4 års periode (2021 - 2025) prioritet 2024  (blir lagt inn i planen etter vedtak i desember 2023)
    4. Handlingsdel for neste 4 års periode (2021 - 2025) prioritet 2025  (blir lagt inn i planen etter vedtak i desember 2024)

OM HANDLINGSPROGRAMMET

Handlingsprogrammet i denne planen er den delen som viser praktiske mål for arbeidet framover. Det er derfor viktig å tilpasse framtidige versjonar av denne planen til kompetanse, ressursar og kapasitet i kommunen. Denne fyrste utgåva av planen kan seiast å ha som hovudmål at framtidige tiltak og strategiar skal kunne målrettast. Med klåre målsetjingar blir det lettare også å legge realistiske og detaljerte strategiar.

Det vil alltid finnast utfordringar når ein utarbeider ein plan, på den eine sida, det heilt enkle er at planen ikkje blir bruka. Den andre utfordringa er at handlingsplanene og strategiane blir for lite konkrete, realistiske, detaljerte og for lite bindande. Vi prøver å lage nokre strategiar som sikrar at vi ikkje går i "skrivebordskuff-plan-fella"

OVERORDNA MANDAT

Overordna målsetting frå klima- og miljøverndepartementet og riksantikvaren: 

  • auke kunnskapen og merksemda om kulturminne
  • planane skal vere eit verktøy i forvalting av kulturminne lokalt.

Strategiar for å nå dei overordna målsettingane.:

  • Fremme forståing og interesse for kulturminne og kulturmiljø gjennom informasjon om formidling.
  • Lage eit rammeverk med fokus på kulturhistorisk samanheng, kulturminnekategoriar, lovverk, vernekriteria, forvalting og formidling.

Eit rammeverk vil sikra ei betre og meir langsiktig planlegging og gjennomføring av kommunal forvaltning når det gjeld kulturminne. Noko som igjen vil gjera kommunen betre i stand til å ta vare på eit representativt utval av kulturminne og kulturmiljø, til glede og nytte for nåtida og framtidige generasjonar.

MÅL

  1. Surnadal kommune skal ha ei digital kulturmiljøplan, slik at alle har lik og god tilgang på opptatert informasjon og mulegheit for dialog og engasjement. 
    Alle skal ha mulighet til å engasjere seg og ta ansvar for kulturmiljø. Plana er bygd opp  på ein slik måte at relevant oppdatert informasjon lett kan nyttast for aktørar innanfor samfunnsplanlegging og utvikling.

  2. Surnadal skal løfte fram sine kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap slik at fortida blir ein styrke for framtida og for lokal identitet. Vern gjennom bruk, formidling og kunnskap er sentrale føringar.
     
    Et mangfold av kulturmiljø skal tas vare på som grunnlag for kunnskap, opplevelse og bruk.​​​​​​​

​​​​​​​STRATEGIAR

Strategi 1: 
Informere om kulturmiljø og kulturminneressursane som finst i kommunen på ein interessant og opplysande måte til innbyggarane samt private og offentlege planleggarar.

Strategi 2:
Vere eit godt verktøy for saksbehandlarar i planlegging etter plan- og bygningslova, og gi eigarar og andre større føreseielegheit og lette byggesaksbehandlinga i kommunen.

Strategi 3: 
Syne kvar ein treng å setta inn ressursar i førebyggande arbeid og i kulturelt utviklingsarbeid.

Strategi 4: 
Vere eit verkemiddel i skuleundervisning. Gjennom undervisning i barnehage/skule skal barna få kjennskap til kulturminna i kommunen

Strategi 5: 
Auke kunnskapen om kulturminne og kulturminnevern innan dei friviljuge organisasjonane som arbeider innan kulturminnevernet, slik at dei på lang sikt kan spele ei sentral rolle i den lokale forvaltninga av kulturminne.

Vidareføre den muntlege formidlinga:

  • Samarbeide med historielaga, og andre frivillige om lokale tiltak innafor muntleg formidling 
  • Bruke kulturminner som identitetsskapar i ”Den kulturelle skolesekken”. 
  • Auke kunnskap og engasjement om kulturminner hos lærarer og koble kulturhistorie til andre fag.

Vidareføre den skriftlige formidlinga:

  • Surnadal sin kulturhistorie 
  • Legge til kulturminne og kulturstiar på kulturminnesøk og liknande nettsider. 
  • Synliggjera, skilta og halde utstillingar 
  • Skilte og informere om kulturminner. 
  • Vurdere moglegheiter for utstillingar på Kulturhuset eller andre lokale

HANDLINGSDELEN FOR DEN NESTE 4 ÅRS PERIODEN 2021 - 2025, PRIORITERING 2021

Handlingsdel for neste 4 års periode (2021 - 2025)
Tiltak Prioritert årstal ferdigstilling/gjennomført årstal Kostnad Ansvar Samarbeid Kommentar
Kavlvegen kultursti - Prioritert arbeid i 2021 og 2022 2021 - 2022 Finansiert av kommune, RA, spelemidlar, Statleg sikringsmidlar og sponsorar. Kultureininga Riksantikvaren, Møre og Romsdal fylke, Nordmøre museum, spelemiddelordninga, miljøverndirektoratet Forprosjektet starta i 2016
Spitfire-runden 2021 5 000 Kultureininga/friluftsliv Frivillige, Friluftsrådet Stikk-UT tur i 2021
Registrere krigsminner inn i Askeladden 2021 Kultureininga Indre Nordmøre forsvarsforening, Nordmøre museum, Møre og Romsdal fylke
Innarbeide kulturmiljøsoner for kulturmiljø av nasjonal og regional verdi i lokale arealplaner 2021 - 2025 Areal og naturforvaltning Kultureininga, Møre og Romsdal fylke, grunneigarar
Øra/Ørin Surnadalsøra – prioritet i samband med oppussing ihht tradisjonelt handtverk 2021 - 2025
Krigsminnesti i område øya, Skei, Røssmoen 2022 - 2023 Kultureininga Indre Nordmøre forsvarsforeininge, m.fl
Registrering og «organisering» av kulturminner frå1900-talet 2022 - 2025
Foto/film registrering - dokumentering 2022 -2025
Jobbe med Surnadal vidaregåande 2022 -2025
Skilting/formidling av kulturlandskap Tågdalen Kvenna 2023
Formidling av kulturminner med nasjonal og regional verdi i Surnadal 2023 - 2025
Kulturminner med lokal verdi registreres inn i Askeladden 2024 - 2025
Samiske kulturminner i Surnadal 2024 - 2025