Vedlegg: Kulturlandskap

Trollheimen Landskapsvernområde 

Kulturmiljøplana er eit viktig grunnlag for arealforvaltninga i kommunen og for forvaltning av det kulturbetinga naturmangfaldet. Ei slik målsetjing kjem til uttrykk i Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2019 – 2023 (kgl. res. 14. mai 2019): Fylkeskommunane og kommunane identifiserer og tek omsyn til viktig naturmangfald, friluftslivsområde, overordna grønstruktur, kulturhistoriske verdiar, kulturmiljø og landskap i planlegginga. 
 
Kulturlandskapet har oppstått som ein følgje av lang tids bruk av naturen gjennom hogst, slått, brenning, lauving og beite av husdyr og til busetjing. Dette har skap ein mosaikk av åker og slåtteeng, utmark og kystlynghei, bygningar og andre kulturminne. Menneskeleg hevd har såleis skapt ulike biotopar med spesielle plante- og dyreliv. Når den tradisjonelle bruken opphøyrer, vil ei rekke artar tilknytt kulturmarkene blir sjeldne eller forsvinne. Skjøtsel av kulturlandskapet gjennom tradisjonelle driftsmetodar, er difor ein føresetnad for å kunne ta vare på det biologiske mangfaldet.  
 
Surnadal kommune er den kommunen som har største delen av Trollheimen landskapsvernområde (omlag 40%). Verneverdiane her er sterkt knytt til landskapet og det biologiske mangfaldet som er i seterdalane. Dagens og historisk bruk av Trollheimen er omtala i forvaltningsplanen for landskapsvernområdet
 
I Surnadal kommune finn ein følgjande kulturmarktypar (naturbase): 
 
Slåttemark D01
Denne naturtypen har særskilt skydd gjennom eiga forskrift i medhald av naturmangfaldlova § 52. Tradisjonelle slåttemarker er urterike areal (blomsterenger) som tradisjonelt har blitt slått seint i sesongen, gjerne kombinert med haustbeiting. Slåttemarkene har som følgje av opphøyrt tradisjonell drift blitt svært sjeldne, og er vurdert som kritisk truga (CR) på Norsk raudliste for naturtypar 2018. 
 
Slåtte- og beitemyr D02
Denne naturtypen har særskilt skydd gjennom eiga forskrift i medhald av naturmangfaldlova § 52. Slåttemyrer har ein vegetasjon som er avhengig av tradisjonell slått. Mange myrer vart tradisjonelt slått som del av fôrberginga, og vart i nokon grad beita av kyr. På denne måten får myra ei anna artssamansetting enn i ein vanleg naturtilstand. 
 
Naturbeitemark D04
Beitedyr påverkar vegetasjonen gjennom avbeiting og trakk på ein annan måte enn slått og beite i slåttemarker. Artsrike naturbeitemarker har betydning for det biologiske mangfaldet og bør ivaretakast og skjøttast. I denne naturtypen finn ein sjeldsynte beitemarksoppar. Naturtypen er rekna som sårbar (VU) i Norsk rødliste for naturtyper 2018. 
 
Haustingsskog D18
Haustingsskog er lauvskog der trea vart hausta ved styving eller stubbelauving. Dei vanlegaste treslaga som vart styva var alm, ask, selje og lavlandsbjørk. Haustingsskog er rekna som kritisk trua (CR) i Norsk rødliste for naturtyper 2018. 
 
Beiteskog D06  
Beiteskog er skog som er beita av husdyr i eit slikt omfang at vegetasjonen får eit tydeleg beitepreg. Naturtypen er prega av historisk ressursutnytting av skogen til beite og anna sanking av fôr, gjerne i lysopen skog, langs stigar og i kantsoner med næringsrike grasartar og urter. Beiteskog bør sjåast i samanheng med setervollar, seterbeite og anna kulturmark.  

Kulturmarkstypar i Surnadal kommune (kartlagt etter DN-håndbok 13).

Områdenamn - Naturtype - Verdi - Utvalgt naturtype

Vardfjellet sør - Beiteskog - Svært viktig  

Romådalen: Husbysetra beiteskog - Beiteskog - Lokalt viktig  

Øygard aust - Beiteskog - Viktig

Romådalen: Gammelsetra vest - Beiteskog - Lokalt viktig

Romådalen: Ytre Halasetra beiteskog øst - Beiteskog - Lokalt viktig

Romådalen: Ytre Halasetra beiteskog vest - Beiteskog - Lokalt viktig

Flotten-Grytlia - Høstingsskog - Svært viktig  

Ratlia - Høstingsskog - Viktig

Dønnyn ved Grythaugen - Høstingsskog - Viktig

Austistua, Haustingsskog Høstingsskog Svært viktig  

Dønnyn sørvest Høstingsskog Viktig

Børsetsetra, Folddalen Naturbeitemark Lokalt viktig

Nordmarka: Alvstusetra – beitemark Naturbeitemark Svært viktig

Erkgarden Naturbeitemark Viktig  

Hyldbakkan Naturbeitemark Lokalt viktig

Mogjerdet Naturbeitemark Lokalt viktig

Romådalen: Ytre Halasetra Naturbeitemark Lokalt viktig  

Austistua, Kalvgeilen Naturbeitemark Lokalt viktig

Kvenndalen: Gartsetra Naturbeitemark Lokalt viktig

Telesbøsetra Naturbeitemark Lokalt viktig

Kvenndalen: Kvennbøsetra øst Naturbeitemark Lokalt viktig  

Bjønnahaugen Naturbeitemark Lokalt viktig

Austergardssetra Naturbeitemark Svært viktig

Kvenndalen: Trettsetra Naturbeitemark Lokalt viktig

Breiskarsetra Heimre Naturbeitemark Lokalt viktig

Holtan Naturbeitemark Lokalt viktig

Romådalen: Husbysetra øst Naturbeitemark Viktig  

Utistua, Almpillia Naturbeitemark Viktig

Romådalen: Husbysetra vest Naturbeitemark Lokalt viktig

Romådalen: Austistusetra Naturbeitemark Lokalt viktig  

Romådalen: Øyasetra Naturbeitemark Viktig  

Romådalen: Steinarstusetra Naturbeitemark Lokalt viktig

Sølå (=Solli), Settemsdalen Naturbeitemark Viktig

Stangvik: Øvre Myrleet Naturbeitemark Svært viktig  

Brattset - beitemark Naturbeitemark Viktig

Holden Naturbeitemark Viktig

Møkkelgjerd Naturbeitemark Lokalt viktig

Varghaugen 1 Slåtte- og beitemyr Svært viktig Slåttemyr

Varghaugen 4 Slåtte- og beitemyr Viktig Slåttemyr

Austistua, Litjeslettløa Slåtte- og beitemyr Svært viktig Slåttemyr

Krokvatnet nord Slåtte- og beitemyr Viktig Slåttemyr

Varghaugen 3 Slåtte- og beitemyr Svært viktig Slåttemyr

Varghaugen 5 Slåtte- og beitemyr Lokalt viktig

Varghaugen 7 Slåtte- og beitemyr Lokalt viktig

Utistua, Nistusetra Slåtte- og beitemyr Svært viktig Slåttemyr

Varghaugen 2 Slåtte- og beitemyr Lokalt viktig  

Varghaugen 6 Slåtte- og beitemyr Lokalt viktig  

V for Tågdalen Slåtte- og beitemyr Viktig Slåttemyr

Utistua, Blomøytrøa Slåttemark Lokalt viktig Slåttemark

Utistua, Rishaugen Slåttemark Lokalt viktig Slåttemark

Lykkjebygda - Lund Slåttemark Viktig Slåttemark

Vaulen, setervollen Slåttemark Svært viktig Slåttemark

Utistua, Arntrøa Slåttemark Lokalt viktig Slåttemark

Tjønnberget Slåttemark Viktig Slåttemark

Lykkjebygda: Ytre Halten Slåttemark Viktig Slåttemark

Nordmarka: Alvstusetra Slåttemark Svært viktig Slåttemark

Austistua, Stortrøa Slåttemark Svært viktig Slåttemark

Øvstbødalen: Mellingan Slåttemark Lokalt viktig

Røv Slåttemark Viktig Slåttemark

Utistua, Sommarfjøstrøa Slåttemark Viktig Slåttemark

Kontrabakken Slåttemark Viktig Slåttemark

 

Austistua, Pellen Slåttemark Svært viktig Slåttemark

Grønneset - hyttetomt Slåttemark Lokalt viktig