Mo skule ligg fint plassert mellom åker og eng ca.15 km nord for Skei sentrum, på same område som Mo barnehage.
Organisering
Skulen er ein del av Mo oppvekstsenter og har ca 35 elevar frå 1.-7. trinn.
Særpreg
Skulen er omkransa av flotte friområde, med gangavstand til elv og skog. Vi har eit friluftsområde som vert flittig bruka til turar. Samstundes brukar vi nærmiljøet vårt aktivt gjennom året.