Norskkurs på dagtid
Kva tilbyr vi?
Vi har i hovudsak norskkurs for personar med rett og plikt til opplæring, på dagtid. I periodar vi ikkje har moglegheit til å arrangere kveldskurs, kan personar som ikkje har rett, men plikt, og delta på dagtid.
Gjennom kartleggingssamtaler finn vi ut kva slags opplæringsløp som passar for deg.
Vi tilbyr per no kurs innan alfabetiseringsmodulen, og frå A1-B1 nivå. Timetalet varierer ein del, då norskopplæringa på dagtid, er ein del av timeplanen til introduksjonsdeltakarane. I alfabetiseringsmodulen er det opptil 24 timer norsk i veka, fordelt utover 5 dagar, medan det på dei andre kursa varierer frå 7-12 timar norsk i veka, fordelt på 2-4 dagar.
Det er inntak heile året, og stort sett kan ein begynne så snart kartlegging av nivå er klart.
Slik søker du
Ta kontakt med vår rådgjevar, så set ho opp eit møte.
Søknad om fritak
Det er mogleg å søke fritak frå plikta til opplæring, om ein kan dokumentere norskkunnskapar etter bestemte reglar.
Søknadsskjema: Ta kontakt med rådgjevar
Kva kostar det?
Sjå dei ulike gruppene som har rett til gratis opplæring
60-timers kurs: 4450,- + lærebøker
Enkelttimer: 74,- pr time