Private avløpsanlegg

Her finn du regelverk, rettleiing og søknadsskjema for utslepp frå bustadar, hytter og næringsbygg som må ha eige avløpsanlegg. Dette gjeld både ved utbetring av eksisterande utslepp og ved etablering av nye anlegg.

Kven må ha separat avløpsanlegg?

Bustadhus, hytter og næringsbygg som har innlagt vatn, og som ikkje ligg i nærleiken av kommunal avløpsleidning, må ha sitt eige anlegg for behandling av avløp. Det vanlegaste i vårt område er slamavskiljar som anten har avløp til sjø eller til infiltrasjon i grus. Søknad, etablering og drift av slike anlegg må etterkoma krava i del 4, kap. 12 av Forurensingsforskrifta. Surnadal kommune legg også ulike VA-Miljøblad til grunn i behandlinga. Slamavskiljarar skal tømmast med jamne mellomrom. Sjå meir om dette under Slamtømming.  

Det er også søknadsplikt for tette tankar og tankar for lågtspylande toalett. Der det ligg til rette for det tilrår vi felles slamavskiljar for fleire bustadar eller hytter.   

Slik søkjer du

Berre nøytralt fagkyndig firma eller person som dokumenterer tilstrekkeleg relevant kompetanse kan søkje.

Fyll ut skjemaet her, og legg ved nødvendige vedlegg.

Skjemaet skal nyttast ved etablering av nye utslepp og ved utbetring av eksistarende utslepp  av avløpsvatn. Det gjeld for utslepp frå bustadhus, hytter, næringsbygg og turistverksemder og liknande verksemd med utslepp mindre enn 50 pe. Det gjeld ikkje ved tilknytng til kommunalt avløpsnett.