Tilkopling til kommunalt vatn

Søknad om sanitærabonnement og Sluttrapport av utvendig rørleggararbeid i Surnadal.

Surnadal kommune er ein "stor" produsent når det gjeld vassforsyning, det viktigaste næringsmiddelet vårt –godt drikkevatn. Vi har mange vassverk og vi har mange ulike behandlingsmetodar for vatnet vårt.

Ved nybygg, eller ved ønske om å bli tilknytt kommunalt vatn, SKAL søknad vera levert og godkjent før tilknyting til det kommunale anlegget: Søknad om sanitærarbeid.

Det er viktig å merke seg at alt installasjonsarbeid (utvendig og innvendig) skal utførast av kvalifisert rørleggar-/entreprenørfirma i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og reglement.

Alt arbeid på kommunalt vatn- og/eller avløpsnett SKAL utførast i samsvar med VA-normen for Surnadal http://www.va-norm.no/surnadal/

Så snart eigedomen er tilkopla offentleg vass- og/eller avløpsnett, SKAL ansvarleg rørleggar-/entreprenørfirma sende inn
Sluttrapport av utvendig rørleggerarbeid (PDF, 52 kB).

Kommunal vassforsyning og avløpshandtering er - som andre varer og tenester - dessverre ikkje gratis. Alle som er tilknytte kommunalt leidningsnett må betale for leverte tenester. Her ser du prisar.

Rettane og pliktene dine som kommunal abonnent er nedfelt i "leveringsvilkår" for vass- og avløpstenester. Desse vil bli forpliktande, både for deg og for oss. Sjå Standard abonnementsvilkår for vatn/ kloakk, administrative bestemmelsar (PDF, 869 kB) og Standard abonnementsvilkår for vatn/ kloakk, tekniske bestemmelsar (PDF, 3 MB).

Ta gjerne kontakt for informasjon om muleg eksisterende vassleidninger og/ eller avløpsrør før graving.

Kontaktinformasjon

Terje Forberg
Einingsleiar Kommunalteknikk
E-post
Mobil 900 13 594
Michal Kalseth Heimlund
Driftsleiar vatn og avløp
E-post
Mobil 908 83 091

Åpningstider

Telefontid: 08:00 - 16:00
Kontortid:  09:00 - 15:00

Adresse

Surnadal kommune
Bårdshaugvegen 1
6650 SURNADAL