Planting av skog, rydding av ungskog, med meir.

Etter hogst har skogeigarane plikt til å få opp ny skog. Innan tre år etter hogst skal den nye forynginga være etablert. Det skjer anten ved hjelp av planting eller ved naturleg forynging.

Disse reglane finn du i kapittel 3 i:  Forskrift om eit berekrafig skogbruk.

Planting av skog

Planting kanaenten gjennomførast i eigen regi eller ved innleige.

Viss du skal plante sjølv, kan du bestille skogplantar direkte hos Megarden planteskule på Halsa.
Du treffer dei slik:Telefon: 91141531. Epost: mogr@skogselskapet.no
Heimesida til Megarden finn du her.

Viss du ønskjer å leige inn entreprenør,  kan du ta kontakt med Allskog SA eller Nortømmer AS. Dei treffer du slik:

Allskog SA:
Kontaktperson her i området er: Per Egil Rønning.
Tlf. 95217612
Epost: per.ronning@allskog.no
 

Nortømmer AS:
Kontaktpersonar i Nortømmer AS finn du her.
 

Ungskogleige - rydding av ungskog

Stell av ungskog er også eit viktig tiltak å gjennomføre. Nyetablerte plantefelt gror fort til av lauvskog som hindrar fri utvikling av plantane, noko som fører til tapt tilvekst og lengre tid før skogen blir hogstmoden.

Allskog SA og Nortømmer AS tilbyr også tenester innan ungskogpleie. Kontaktinformasjon finn du lenger opp her.

Andre tiltak

Andre aktuell tiltak for å få etablert ny skog eller stell av ungskog kan være markberedning, grøfting, avstandsregulering, gjødsling, stammekvisting og såing.

Meire infomasjon om dei ulike tiltaka finn du på skogkurs.no

 

Tilskott:
Meir om tilskott til skogkultur finn du her.