Samfunnskunnskap

Kva tilbyr vi?

Alle som har rett og plikt til norskopplæring må gjennomføre eit 50-timars-kurs i samfunnskunnskap på eit språk dei forstår.

Surnadal vaksenopplæring kjøper kurs på ulike språk via videokonferanse frå Introduksjonssenteret i Drammen. Kursa går som regel over 2 veker. Vi tilbyr og frå tid til annan, samfunnskunnskapskurs på norsk. Dette kurset går ofte over fleire månader.

I etterkant av kurset må alle som har fått rett/plikt til opplæring etter 1.9.2013, avleggje ein prøve i samfunnskunnskap. Skulen arrangerer prøvene.

Søke plass på kurs/prøve

Ta kontakt med vår rådgjevar for kurs og prøve, eller meld deg opp til prøve via nettsida til Kompetanse Norge.

Kva kostar det?

Sjå kva slags grupper som har rett til gratis opplæring

Pris for dei som ikkje har rett til gratis opplæring avtalast i samråd med Introduksjonssenteret i Drammen.

Samfunnskunnskapsprøven og statsborgarprøven kostar 500 kr kvar.

For å få permanent opphald må ein bestå samfunnskunnskapsprøven på eit språk ein forstår. For å få statsborgarskap må ein bestå statsborgarprøven, eller samfunnskunnskapsprøven på norsk.