Stangvik og Prestelva vassverk

Surnadal kommune ved Teknisk drift og entreprenørar vil måndag 11. mai kl 09 starte arbeidet med å koble til det nye behandlingsanlegget til Prestelva Vassverk.

Hagerømlingar - tips frå ReMidt

Hageplanter på ville vegar (hagerømlingar) kan gjere skade på artsmangfaldet. Renovasjonsselskapet vårt har samla nokre gode tips og råd om korleis du kvittar deg med uønska artar på ein trygg måte.

Forlenging av skutersesong i Surnadal

Surnadal kommunestyre har vedteke ei midlertidig endring av gjeldande retningsliner for motorferdsel i utmark. Snøskuter til hytte kan i år nyttast fram til og med 3. mai.

Sentralbordet i påskeveka

  Sentralbordet i Surnadal kommune er stengt frå onsdag 08.04. kl.12.00 fram til tysdag 14.04. kl. 09.00.     

Melding frå økonomiavdelinga om betaling for BHG/SFO for mars

Tilsendt faktura barnehage/SFO for mars 2020 med FORFALL 16.04.2020: Avvent betaling av denne fakturaen til ny beskjed blir gjeve frå kommunen.

Førebyggande smitteverntiltak frå feiarane: Midlertidig opphøyr av innandørs tilsyn

Feiarane våre besøkjer kvar dag mange bustader i Surnadal for å foreta tilsyn med fyringsanlegg og snakke med bebuarane om branntryggleik. Grunna situasjonen med korona-viruset avsluttar vi no all tilsynsverksemd for ein periode. Det vil i staden bli utført feiing, men feiarane vil IKKJE koma inn i bustaden for å ta ut sot eller reingjere omnar.

Arrangementer og Korona-situasjonen - rettleiing frå Surnadal kommune

  Surnadal kommune får, naturleg nok, henvendelsar om korleis arrangørar skal forhalde seg til gjennomføring av ulike arrangement og for å hindre spredning av koronavirus. Her er kommunens anbefaling på noverende tidspunkt. Det er viktig å understreke at desse råda kan bli endra raskt dersom en ny situasjon oppstår.

Kommunal planstrategi og planprogram for kommuneplanen sin samfunnsdel – oppstart av planarbeid og høyring

Med heimel i plan- og bygningslova §§10-1 og 11-13 vedtok Surnadal formannskap i møte 10.03.20 å legge kommunal planstrategi 2020 – 2023 og planprogram for samfunnsdelen 2020 – 2032 ut på høyring og offentleg ettersyn. Høyringsfrist: 22. april.  

Pressemelding frå Surnadal kommune - ikkje påvist koronasmitte

Ein husstand i Surnadal kommune har sidan tysdag 03.03.20 vore i karantene grunna mistanke om koronavirus-smitte. Dette var eit føre var-tiltak i påvente av prøvesvar. Vi har no motteke negativt prøvesvar og behovet for karantene er ikkje lenger tilstades. 

Eigedomsskattelista 2021