Ofte stilte spørsmål

Spørsmål knytt til takst sett av Sakkyndig memnd:

-Eg har fått to skattesetlar, ein med formuesverdi og ein med sjablong-takst.

Forklaring: Dette skjer der det er to hus (einebustad/våningshus/tomannsbustad/rekkjehus/fritidsbustad) på same gards- og bruksnummer. 

- Eg lurar på kvifor dei har fått takst sett av Sakkyndig nemnd og ikkje utrekna bustadverdi frå skatteetaten.

Forklaring: Dette kan ha fleire grunnar. Til eksempel kan huset vere nytt og ikkje ha vorte registrert hos skatteetaten enda. Skatteetaten kan ha teke ut eigedomen for ein kontroll. Eit anna eksempel er ved skilsmisse. Da blir det ofte endringar kor eigedomen i ein periode er teke ut av registeret.

- Setra vår er taksert som fritidsbustad.

Forklaring: For å få fritak frå eigedomsskatt på seter, må ein dokumentere at setra er i bruk til tradisjonell seterdrift. 

- Eg får eigen skattesetel på garasjen sin.

Forklaring: Dersom garasjen har fått eige gards- og bruksnummer, vil den og få eigen skattesetel. 

- Eg meiner bruksareal (BRA) er feil.

Forklaring: Her kan det ha skjedd ein feil. Du kan sende skriftleg klage med korrigert bruksareal. 

Spørsmål knytt til bustadverdi frå skatteetaten:

- Eg har fått utrekna bustadverdi på eigedommar det ikkje det er bygg på.

Forklaring: Dette kan skuldast at bygget har hatt ei festetomt og at huset no har fått nytt gards- og bruksnummer utan at dette er endra hos skatteetaten. Det kan og skuldast at bygget er skilt ut frå eit gards- og bruksnummer og fått nytt gards- og bruksnummer. Meld frå til skatteetaten for å unngå å få utrekna bustadverdi på det eit gards- og bruksnummer kor bygget ikkje høyrer til (unngå dobbel eigedomsskatt).

- Eg har målt opp og sett at areal for primærrom (p-rom) ikkje er korrekt

Forklaring: Dersom du meiner arealet er for lågt, kan du sjølv gjere endringar hos skatteetaten.
Sjå korleis måle p-rom hos skatteetaten.

Dersom du meiner areal for p-rom er for høgt, må du legge ved ny takst etter 1.juli 2022 i endringsmelding til skatteetaten.