All spreiing av gjødsel skal gjerast i samsvar med gjødselplana og helst så tidleg i vekstsesongen at det blir ein gjenvekst som kan haustast eller beitast.
Lokal forskrift (PDF, 120 kB) seier mellom anna:
- Frist for spreiing på eng utan nedmolding/nedpløying: 20. september
- Siste frist for spreiing ved nedmolding/nedpløying innan 18 timar: 31.oktober
NB! Det er ikkje lov å spreie gjødsel på snødekt eller frosen mark.
Verken kommunen eller fylkesmannen kan gi generell utsetting av husdyrgjødsel frå og med 1. november.
Meir informasjon:
Landbruk Nordvest kan utarbeide gjødselplan.
Forskrift om gjødselplanlegging