Det er laga ein heilt ny næringsplan som er gjeldande frå 2021. Den vart vedteken av kommunestyret i sak 25/21 den 24.04.2021. Det skal vidare lagast årleg handlingsplan som del av økonomiplanen.
Arbeidet med næringsplana starta i august 2020, da utkast til kommuneplanen sin samfunnsdelen var ferdig. I og med plana er utarbeidd i ei tid med smittevern-restriksjonar har produksjonen av plana vore utarbeidd på ei digital plattform der fleire frå kommuneadministrasjonen har vore med og skrive inn i plandokumentet, og det har vore gjennomført møte med kollegaer innafor ulike fagområde. For å få til god medverknad i denne utfordrande tida har det vore gjennomført fleire webinar, der næringslivet var invitert til å koma med innspel før plana vart lagt ut på høyring og politikarar har fått høve til å komme med innspel til plana.
Næringsplana er ei strategisk plan for næringsutvikling, og det skal utarbeidast handlingsplan for kvart år som skal innehalde tiltak som er forankra i den strategiske næringsplana. Handlingsplanen skal godkjennast av formannskapet kvart år. Tiltaka blir utarbeidd i lag med samarbeidspartar som næringsforening, Innveno og SuSu.
Plana omhandlar 10 tema: Handel, industri, samferdsel, landbruk, reiseliv, lokalmat og kulturnæring er tematiske kapittel. Rekruttering og utdanning, arealstrategi og samarbeid for å nå måla er omtala i eigne kapittel.
Handel, service og tenester
Mål
- Styrke Surnadal sin posisjon som eit handelssenter på Indre Nordmøre
- Nå ei omsetning innan detaljhandel på 100 000 kroner pr. person pr. år
- Arbeide for at bransjen har sirkulærøkonomi som eit mål for utvikling og vekst
Strategi:
- Bidra til kompetanseheving innafor bransjen
- Bidra til at dei teknologiske endringane blir implementert
- Redusere svinn og usortert avfall frå aktørane i bransjen
- Bidra til å oppretthalde og vidareutvikle hovudkontor for kjøpesenter i Surnadal
- Bidra til å oppretthalde og vidareutvikle ein variert detaljhandel i kommunen med fokus på lokalproduserte, kortreiste produkt.
- Bidra til å vidareutvikle eit attraktivt sentrum for handel, service og tenester
- Bidra til å oppretthalde og utvikle gode nærbutikkar utanfor sentrum
- Legge til rette for samt bidra til samarbeidsprosjekt innafor bransjen
Tiltak
- Bidra til å auke handelen lokalt via publikasjonar på internett og magasin ved å presentere kommunen som ein attraktiv stad å komme til
- Bidra til eit sentrum for trivsel og gode møteplassar
- Bruke statlig «koronastøtte» til bedrifter som er spesielt ramma av pandemien
- Samarbeide med Surnadal Næringsforening for legge til rette og markedsføre Surnadal som en attraktiv plass å handle
Industri/sekundærnæring
Mål
- Oppretthalde veksten av sysselsettinga og utviklingsfokuset blant sekundærnæringa
- Oppnå betre samarbeid mellom bedrifter og i nettverk innan industrien
- Auke graden av digitalisering, robotisering og effektivisering innanfor industrien
- Auke eksporten av varer og tenester frå bedriftene i kommunen med 10%
- Redusere utsleppa av klimagassar i neste 4-årsperiode
- Arbeide for at bransjen har sirkulærøkonomi som eit mål for utvikling og vekst
Strategiar
- Bidra til at bedriftene får gjennomført digitalisering og robotisering av industriproduksjonen
- Legge til rette for fleire kvinner i industrien
- Bidra med tiltak som kan redusere sjukefråverat i verksemdene.
- Bidra til kompetanseheving og kompetent rekruttering
- Nok areal og gode logistikkløysingar
- Bidra til å skaffe næringa langsiktige og forutsigbare rammevilkår
- Bidra til enda betre samarbeid og kompetanseutveksling mellom skule/kompetanseinstitusjonar og næringsliv.
Tiltak
- Samarbeide med Innveno AS for å utvikle nettverk og samarbeid mellom bedriftene
- Auke tilgangen av offentlige tilskudd for utvikling og vekst i bedriftene med dialog med Innovasjon Norge
- Samarbeide med Campus Kristiansund for å etablere et utdanningstilbud for bedriftene
Samferdsel
3D bilde Todalsfjordprosjektet, Svinvik. Henta frå planomtalen. Mål
- Gjennom Todalsfjordprosjektet skal Indre Nordmøre bli ein døgnopen region innan 2030
- FV 65 + FV 700/701 til Berkåk skal kunne køyrast med modulvogntog
- Bussrutenettet mellom Mørebyane og Trondheim via Surnadal, skal vidareutviklast/Timeekspress
- Flaskehalsar for vegklassifisering jft tømmertransport skal utbetrast
- Auka trafikk på Surnadal Hamn
Strategiar
- Vera positive bidragsytarar for raskast mogleg realisering av Todalsfjordprosjektet
- Bidra til at det kan køyrast med modulvogntog langs FV65
- Bidra til at fylkeskommunen sett av nødvendige midlar til vegprosjekt, som Todalsfjordprosjektet, FV 65 og busstilbod
- Påverke Trøndelag fylkeskommune til å sette av midlar til utbetring av “flaskehalsane” langs FV65 på Trøndelagssida
- Påverke at ferjeavgangar er tilpassa næringslivet sine behov
- Påverke sentrale aktørar for å betre tømmertransporten sine behov for oppgradering av bruer
- Bidra til at det blir etablert Surnadal Næringspark rundt hamneområdet i Røtet, med fleire tenester som for eksempel spedisjon
- Bidra med å legge til rette for energi-infrastruktur til køyretøy som ikkje nyttar seg av fossilt drivstoff (gjeld både personbilar og lastebilar)
Tiltak
- Samarbeide med politikere for å holde trykket oppe på overføring av midler til utbygging og utbedring av vegnettet
- God dialog og samarbeid med Todalsfjordprosjektet AS og Møre og Romsdal fylkeskommune for å halde god framdrift i prosessen med gjennomføring av verdianalyse og reguleringsplan.
- Holde trykket opp på tilpassa fergeavganger etter næringslivet sine behov
Landbruk
Mål
- Surnadal skal ta nye deler av aukinga i marknaden for landbruksproduksjon
- Auke kunnskapen og kompetansen innan landbruket som bidrag i å vidareutvikle landbruket
- Hindre meir gjengroing av beiteområde
- Auke rekrutteringa innan landbruket
- Utvikle og teste nye og meir berekraftige driftsmåtar innan landbruket
- Sikre framtidig avverking og skogkulturarbeid
- Ein større del av dei lokale og regionale skogsressursane skal vidareforedlast lokalt
- Surnadal skal bli blant dei fremste kommunane i landet for utvikling av framtidas landbruk
- Arbeide for at bransjen har sirkulærøkonomi som eit mål for utvikling og vekst
Strategiar
- Vidareføre førehandskonferansar for nye driftsbygningar
- Samarbeid om “Kløverstukveldar”, avløysarkurs m.m.
- Stimulere til større gjødselslager slik at gjødsling skal skje i vekstsesongen
- Kunne bidra til tilskott til grøfting
- Stimulere til god veterinærteneste for alle dyreslag, både husdyr og kjæledyr, bygge opp eit kompetansemiljø med regional attraktivitet
- Stimulere til meir ungskogpleie og at hogstflater blir tilplanta
- Stimulere til utvikling av foredlingsindustri, både for trematerialerog biomasse frå skogen
- Vidareføre ordninga med “Kontaktutval for skogbruk”
- Delta i ulike samarbeidsprosjekt i skogbruket, for eksempel LENSA
Tiltak
- Gi tilskot via landbruksfondet til vekst og utvikling for landbruket
- Samarbeide med landbruksorganisasjonar og fagpersoner på landbruk for å legge til rette for ei miljøvennlig utvikling av landbruket.
Lokalmat
Lokalmat
Marius Rua
Mål
- Surnadal kommune vil fortsette å legge til rette for positiv utvikling av lokalmatbedrifter i Surnadal, både nye og eksisterande bedrifter. Nye marknadskanalar som f.eks REKO-ring, gjer det lettare å teste både produkta og sitt eige konsept i marknaden
- Surnadal kommune ønskjer også å støtte nye tiltak rundt marknadsarbeid, marknadskanalar etc. for å hjelpe bedriftene innanfor lokalmat med å auke omsetninga som er heilt nødvendig for vidare utvikling. Dette gjeld både nye og eksisterande bedrifter
- Surnadal kommune vil støtte opp under samarbeid mellom produsentar som marknadsfører seg ut over kommunens og distriktet sine naturlege område
- Surnadal kommune ønskjer å bidra til at Surnadal kan ta ein posisjon som «midt i matfatet» innanfor lokalmat og reiseliv
- Bidra til at det blir seld meir lokalmat
- Bidra til at det blir mottak, produksjon og foredling av viltkjøtt
- Bidra til at minst 30% av all mat i kommunal regi (kantiner og sjukeheim) skal vera lokalprodusert mat
- Auka kjøp av kortreiste matvarer produsert i Midt-Norge
Strategier
- Bidra til at innkjøpsavtalane ivaretek målet om å auke kjøp av lokalprodusert, kortreist mat
- Bidra til at det lokalt blir handla meir lokalproduserte matvarer, gjennom til dømes: “Rekoring” og "bondens marked”
- Stimulere til meir produksjon av mat lokalt
- Bidra til lønnsam drift for lokalprodusentar
- Stimulere til etablering av nye lokale bedrifter innan slakting og foredling
- Bidra til å ivareta og vidareutvikle store produksjonsmiljø
- Bidra til berekraftige driftsmåtar innan landbruket og fokus på sirkulærøkonomi
Tiltak
- Samarbeide og gi støtte til organisasjonar, produsentar og nettverk for å auke produksjonen av lokalmat med kvalitet.
- Den Gode Maten AS – avklare rollen til selskapet.
Reiseliv
Todalen
Eline Karlsdatter Fladseth
Mål
- Alle reiselivsbedrifter skal drive profesjonelt, berekraftig og lønnsamt
- Vi vil ha fleire naturbaserte reiselivsprodukt
- Avklare ansvar og rolleavklaring i næringa i forhold til både marknadsføring og produktutvikling
- Styrke og etablere gode nettverk innafor næringa
- Motivera næringa til å ha bookbare produkt og produktpakkar
- Få etablert fleire gode reiselivsprodukt
- Få meir hyttebygging i kommunen
Strategiar
- Utvikle og skape fleire arbeidsplassar innafor reiseliv generelt og natur- og kulturbasert reiseliv spesielt, da basert på våre lokale ressursar, som laksefiske, jakt og anna fiske, rein natur og friluftsliv
- Avklare og legge til rette for god marknadsføring av kommunen og reiselivsnæringa
- Ivareta kommunen si vertskapsrolle ved å lega til rette for turstiar, skilting mm
- Bidra til kompetanseheving og gode rammevilkår for reiselivsnæringa
- Bidra til at fleire bedrifter driv berekraftig og blir sertifiserte
- Utvikle vidare kultur- og idrettsbasert næringsutvikling, m.a. gjennom å etablere større arrangement med utgangspunkt i dei idretts- og kulturanlegga og fritidstilboda vi har. Strategi for kultur, omdømme og identitet frå kommuneplanen sin samfunnsdel: Bidra til å bli blant dei fremste og mest kjente i Midt-Norge innafor friluftsliv, og til å legge til rette for aktivitetar i tilknyting til det
- Verneområdet; «Innfallsporten til Trollheimen», bidra til skilting, informasjon og tilrettelegging for tilgang til Trollheimen via innfallsport Todalen
- Bidra til at det blir fleire hyttetomter og fleire som bygger hytte i kommunen
Tiltak
- Samarbeide med aktører og grunneiere i Sæterlia for utviklinga av helårsdrift og hyttebygging
- Samarbeide og gi støtte til aktørar i reiselivsnøringa som bidreg til vekst og utvikling av ei bærekraftig reiselivsnæring.
- Nært samarbeid med Visit Nordmøre og Romsdal AS
Kulturell og kreativ næring
Surnadal billag
Eline Karlsdatter Fladseth
Mål
- I Surnadal kan ein leve av kunsten, og kommunen skal vera ein myldreplass for kreative næringar
- Næringa står solid i Surnadal, med eit mangfald av driftsmåtar og retningar. Vi har både enkeltmannsføretak og firma med fleire tilsette som har gode kår
- Det er ein stor grad av internasjonalt, nasjonalt, regionalt og lokalt samarbeid innafor næringa
Strategiar
- Vi har arena for faglege møteplassar og nettverksbygging med fagleg fokus og kompetanseheving
- Vi har utstyr som ikkje forureinar, det blir gitt støtte til teknologi som er berekraftig
- Vi samarbeider om å legge til rette for kunstproduksjonar, kunstnarpraksisar og produksjonslokaler, som på sikt vil gir økonomiske ringverknadar i lokalsamfunnet
- Legge til rette for samarbeid på tvers innanfor næringa, med verkemiddelapparatet og tilskotsportal i Norge og i EU mfl
Tiltak
- Samarbeide og gi støtte til nettverk og bedrifter som vil bidra til å utvikle eigen arbeidsplass og til at Surnadal skal være ein attraktiv plass å etablere seg med kreativ næring.
- Bidra til å utvikle nettverk og samarbeid mellom næringsaktørar
- Bevisst bidra til å ha eit omdømme som «kulturbygda Surnadal»
Rekruttering og utdanning
Mål
- Å vera ein attraktiv plass å flytte til og koma heim til som arbeidstakar og fastbuande
- Ha fleire gode utleigeeiningar
- Ha rett kompetanse til rett tid både for næringslivet og for kommunen som arbeidsgjevar
- Ha nok helsepersonell til å ivareta den aukande del av eldre i kommunen
- Ha ein solid vidaregåande skule med fagtilbod som næringslivet og kommunen treng
- Ha eit tettare samarbeid med NOFO (Nordmøre Folkehøgskule) både som tilbydar av kursverksemd og som ein viktig institusjon i bygda
- Ha eit godt samarbeid med utdanningsinstitusjonar som Høgskule, Campus Kristiansund og NTNU
Strategiar
- Arbeide for at dei som bur og veks opp i kommunen skal oppleve sterk bulyst, og på den måten utvikle sterk identitet og lojalitetsband til kommunen
- Arbeide for ei gjenkjennbar marknadsføring gjennom tekst og bilde i flest mogleg media og blant flest mogleg aktørar i vår felles bu- og arbeidsmarknadsregion
- Støtte opp om gründerar og hjelpe til med å realisere gode idear gjennom ei positiv haldning, tilgang på risikokapital og legge til rette for næringsareal
- Aktivt rekruttere innbyggarar og arbeidskraft gjennom å profilere kommunen med alt det positive vi har å by på, og som gjer kommunen til ein god stad å leve og arbeide
- Dei som flytter til kommunen må ofte ha ein jobb å gå til. Spesielt næringslivet blir utfordra til å synleggjere kva dei har å tilby elevar/ungdom og nyutdanna unge
- For å kunne marknadsføre heile kommunen breitt og tilgjengeleg, må vi opprette ein felles nettstad/PORTAL, med sider på dei språka som er aktuelle til marknadsføring , og desse må vera jamt oppdaterte
Tiltak
- Samarbeide med ungdomsskule og vidaregåande skole for at ungdommen skal få best mogleg kjennskap til næringslivet i heimkommunen
- Starte prosess med å finne gode nettløsninger/portaler for å gjøre næringslivet sine kompetansebehov kjent både for fastbuande og ny arbeidskraft
Samarbeid for å nå måla
Samarbeid for å nå måla er FNs 17. berekraftsmål, og handlar om tre nivå:
- Samarbeid internt
- Samarbeid med andre kommunar
- Samarbeid med sivilsamfunnet
I ein stor organisasjon som Surnadal kommune med mange ulike fagavdelingar er det heilt avgjerande at ein kan samarbeide på tvers. Det er viktig å sette kunden i fokus og innrette seg slik at ein kan løyse dei behova som er viktig for innbyggjarane.
Ein person eller ei avdeling vil nesten i alle situasjonar vera avhengig av andre i organisasjonen for å utføre ei teneste, eller det vil få konsekvensar for fleire i organisasjonen. Da er det viktig at kommunikasjon og struktur er slik at dette kan bli gjort på beste måte.
Surnadal kommune har samarbeidd med andre kommunar i mange år, og det er fleire tital samarbeidsarenaer som anten er forankra i lovverk eller som også kan vera i ein meir uformell kontekst. I næringsutviklingsamanheng har kommunen samarbeidd med Sunndal kommune i programmet SuSu. Dette har vore avtalefesta med 2 x 4 års varigheit. Avtalen som ein har no, går ut i 2021 og skal opp til ny vurdering hausten 2021.
Samarbeid med Surnadal Næringsforening er særs viktig for å få forankra strategiar og tiltak i tråd med næringslivet sine behov. Dette vert gjort både i kommunal samanheng og i det interkommunale næringsarbeidet saman med SUNS (Sunndal Næringsselskap AS).
Det frivillige arbeidet som skjer i kommunen har stor betydning og kontakten mellom lag og foreiningar skjer gjennom kultureininga. Viktige tiltak som gir bulyst slik som kulturtilbod og idrettsanlegg, blir stimulert gjennom kulturmidlar og spelemidlar.
Strategi for næringsareal
Industriområdet Mål
- Kunne ha rikeleg med tilgjengeleg næringsareal ferdig klargjort
- Kunne ha tilgjengeleg areal til ulike typar næring, både handelsverksemd og industri.
Strategiar
- Legge til rette for fortetting av næringsarealet slik at ein får utnytta arealet meir effektivt enn i dag.
- Vi må gjere det attraktivt for næringsaktørar og etablere seg i Surnadal.
- Vi bør legge til rette for ulike typar næringsareal.
Berekraftsvurdering
Tilgjengeleg næringsareal er ein grunnleggande føresetnad for utvikling av næringslivet, og slik også for at ei rekkje funksjonar i samfunnet elles skal oppretthaldast. Tilrettelegging av nytt næringsareal må likevel skje innafor rammene av dei miljømessige berekraftsmåla. Nedbygging av areal, dvs. omgjering av natur til t.d. industriformål, er i dag den klart største trusselen mot bevaring av naturmangfald.
Tiltak
- Fortsette prosessen med å legge til rette for nytt næringsareal, både rundt eksisterende industriareal og nye arealer.
Bruk av næringsfondet
Næringdfondet i 2021
Oversikt per 18.06.2021
Næringsfondet i 2021
Til disposisjon per 18.06.2021
Behov for bruk av næringsfond for å finansiere tiltaka:
Restmidlar på næringsfondet pr. 18.06.2021, kr. 637.500,-
Dei øvrikge tiltaka vil kunne finansierast gjennom den ordinære drifta.