Handlingsplan 2022

Sommerbilde av strand med personer som bader og soler seg - Klikk for stort bildeKalkstranda Surnadal Knut Haugen  

Om planen og prosessen

Det er laga ein heilt ny næringsplan gjeldande frå 2021. Den vart vedteken av kommunestyret i sak 25/21 den 28.04.2021. Vidare lagar vi årleg handlingsplan som del av økonomiplanen.  Første årlege handlingsplan for 2021 vart vedteken 24.06.2021

Arbeidet med næringsplanen starta i august 2020, etter at utkast til kommuneplanen sin samfunnsdel var ferdig. Planen er utarbeidd i ei tid med smittevernrestriksjonar og er difor produsert på ei digital plattform. Det har likevel vore lagt stor vekt på å få til god medverknad. Det har vore gjennomført møte med kollegaer innafor ulike fagområde og fleire frå kommuneadministrasjonen har gjeve skriftleg bidrag til plandokumentet. Næringslivet har vore inviterte til medverknad gjennom fleire webinar før planen vart lagt ut til høyring, og politikarar har fått anledning til å komme med innspel.

Næringsplanen er ein strategisk plan for næringsutvikling og det skal utarbeidast handlingsplan for kvart år. Handlingsplanen skal innehalde tiltak som er forankra i den strategiske næringsplanen. Handlingsplanen skal godkjennast av formannskapet kvart år. Tiltaka blir utarbeidd i lag med samarbeidspartnarar som Surnadal Næringsforening, det lokale utviklingsselskapet Innveno og SuSu.

Planen omhandlar 10 tema. Handel, industri, samferdsel, landbruk, reiseliv, lokalmat og kulturnæring er tematiske kapittel. Rekruttering og utdanning, arealstrategi og samarbeid for å nå måla, er omtala i eigne kapittel. 

Oversikt kommunalt plansystem 

 

Snarveg:

       

Handel, service og tenester


  Mål

  • Styrke Surnadal sin posisjon som eit handelssenter på Indre Nordmøre
  • Nå ei omsetning innan detaljhandel på 100 000 kroner pr. person pr. år 
  • Arbeide for at bransjen har sirkulærøkonomi som eit mål for utvikling og vekst 

Strategi:

  • Bidra til kompetanseheving innafor bransjen
  • Bidra til at dei teknologiske endringane blir implementert
  • Redusere svinn og usortert avfall frå aktørane i bransjen
  • Bidra til å oppretthalde og vidareutvikle hovudkontor for kjøpesenter i Surnadal
  • Bidra til å oppretthalde og vidareutvikle ein variert detaljhandel i kommunen med fokus på lokalproduserte, kortreiste produkt.
  • Bidra til å vidareutvikle eit attraktivt sentrum for handel, service og tenester
  • Bidra til å oppretthalde og utvikle gode nærbutikkar utanfor sentrum 
  • Legge til rette for samt bidra til samarbeidsprosjekt innafor bransjen

Tiltak

  • Auke handelen lokalt via publikasjonar på nett og trykt magasin ved å presentere
  • kommunen som ein attraktiv stad å komme til: Midlar settast av til å fortsette med 2 magasin i året.

  • Gjere sentrum til ein god møteplass der folk trives: Pilot med fortetting av sentrum, restart av sentrumsplanen, tursti, Svartvassområdet, Miljøgatefond- nye lys, utbetring av lysbrytarar, blomster m.m
  • Samarbeide med Surnadal Næringsforening for å legge til rette og markedsføre Surnadal som ein attraktiv plass å handle: Skilting, Voice of Norway
  • Behalde omsetning  på kr. 102.000,- pr. person pr.år

Industri/sekundærnæring


  Mål

  • Oppretthalde veksten av sysselsettinga og utviklingsfokuset blant sekundærnæringa
  • Oppnå betre samarbeid mellom bedrifter og i nettverk innan industrien
  • Auke graden av digitalisering, robotisering og effektivisering innanfor industrien
  • Auke eksporten av varer og tenester frå bedriftene i kommunen med 10% 
  • Redusere utsleppa av klimagassar i neste 4-årsperiode
  • Arbeide for at bransjen har sirkulærøkonomi som eit mål for utvikling og vekst 

Strategiar

  • Bidra til at bedriftene får gjennomført digitalisering og robotisering av industriproduksjonen
  • Legge til rette for fleire kvinner i industrien
  • Bidra med tiltak som kan redusere sjukefråverat i verksemdene.
  • Bidra til kompetanseheving og kompetent rekruttering
  • Nok areal og gode logistikkløysingar
  • Bidra til å skaffe næringa langsiktige og forutsigbare rammevilkår 
  • Bidra til enda betre samarbeid og kompetanseutveksling mellom skule/kompetanseinstitusjonar og næringsliv.

Tiltak

  • Samarbeide med INNVENO for å utvikle nettverk og samarbeid mellom bedriftene: Bidra til nye samarbeidsformer på Indre Nordmøre
  • Kompetanseheving: Bidra til vekst og eksport via samarbeidspartnarar med for eksempel VINDEL, bankar(ZURF), Eksportrådet og Innovasjon Norge
  • Auke tilgangen av offentlege tilskot for utvikling og vekst i bedriftene i dialog med Innovasjon Norge: Større aktivitet og samarbeid
  • Samarbeide med CAMPUS Kristiansund for å etablere eit utdanningstilbod for bedriftene: Fortsette dialogen og samarbeidet – invitere til frokostmøte.

Samferdsel

3D bilde Todalsfjordprosjektet, Svinvik. Henta frå planomtalen.  Mål

  • Gjennom Todalsfjordprosjektet skal Indre Nordmøre bli ein døgnopen region innan 2030
  • FV 65 + FV 700/701 til Berkåk skal kunne køyrast med modulvogntog
  • Bussrutenettet mellom Mørebyane og Trondheim via Surnadal, skal vidareutviklast/Timeekspress
  • Flaskehalsar for vegklassifisering jft tømmertransport skal utbetrast
  • Auka trafikk på Surnadal Hamn

Strategiar

  • Vera positive bidragsytarar for raskast mogleg realisering av Todalsfjordprosjektet
  • Bidra til at det kan køyrast med modulvogntog langs FV65
  • Bidra til at fylkeskommunen sett av nødvendige midlar til vegprosjekt, som Todalsfjordprosjektet, FV 65 og busstilbod
  • Påverke Trøndelag fylkeskommune til å sette av midlar til utbetring av “flaskehalsane” langs FV65 på Trøndelagssida
  • Påverke at ferjeavgangar er tilpassa næringslivet sine behov
  • Påverke sentrale aktørar for å betre tømmertransporten sine behov for oppgradering av bruer
  • Bidra til at det blir etablert Surnadal Næringspark rundt hamneområdet i Røtet, med fleire tenester som for eksempel spedisjon 
  • Bidra med å legge til rette for energi-infrastruktur til køyretøy som ikkje nyttar seg av fossilt drivstoff (gjeld både personbilar og lastebilar)

Tiltak

  • Samarbeide med politikarar for å halde trykket oppe på overføring av midlar til utbygging og utbetring av vegnettet: Tett samarbeid med dagleg leiar og styret i Todalsfjordprosjektet. Dette er ein avgjerande katalysator for å gi ein døgnopen bo- og arbeidsmarknadsregion. Det blir utfordrande for Indre Nordmøre og Surnadal å utvikle seg i konkurranse med andre regionar dersom vi ikkje får på plass Todalsfjordprosjektet.
  • Halde trykket oppe for å få ein god reguleringsplan for Todalsfjordprosjektet
  • Halde trykket oppe på tilpassa ferjeavgangar etter næringslivet sine behov – varig fokus!
  • Fv65: Det er ein viktig milepæl i å ha fått på plass modulvogntog, men vegen er like dårleg, så vi må fortsette arbeidet med å utbetre denne viktige transportåren
  • Utvikling av området rundt Surnadal hamn i godt samarbeid med relevante næringslivsaktørar.
     

Landbruk

Fe på utmarkbeite i Viddøldalen, Trollheimen  - Klikk for stort bildeCharolais på utmarkbeite i Vindøldalen Eva Kristina Solli   Mål

  • Surnadal skal ta nye deler av aukinga i marknaden for landbruksproduksjon 
  • Auke kunnskapen og kompetansen innan landbruket som bidrag i å vidareutvikle landbruket
  • Hindre meir gjengroing av beiteområde
  •  Auke rekrutteringa innan landbruket
  • Utvikle og teste nye og meir berekraftige driftsmåtar innan landbruket
  • Sikre framtidig avverking og skogkulturarbeid
  • Ein større del av dei lokale og regionale skogsressursane skal vidareforedlast lokalt
     
  • Surnadal skal bli blant dei fremste kommunane i landet for utvikling av framtidas landbruk 
  • Arbeide for at bransjen har sirkulærøkonomi som eit mål for utvikling og vekst 

Strategiar

  • Vidareføre førehandskonferansar for nye driftsbygningar
  • Samarbeid om “Kløverstukveldar”, avløysarkurs m.m.
  • Stimulere til større gjødselslager slik at gjødsling skal skje i vekstsesongen
  • Kunne bidra til tilskott til grøfting
  • Stimulere til god veterinærteneste for alle dyreslag, både husdyr og kjæledyr, bygge opp eit kompetansemiljø med regional attraktivitet
  • Stimulere til meir ungskogpleie og at hogstflater blir tilplanta
  • Stimulere til utvikling av foredlingsindustri, både for trematerialerog biomasse frå skogen
  • Vidareføre ordninga med “Kontaktutval for skogbruk”
  • Delta i ulike samarbeidsprosjekt i skogbruket, for eksempel LENSA

Tiltak

  • Prioritere berekraft i tilskotsordningane våre, som t.d. landbruksfondet. Dette skal bidra til vekst og utvikling av næringa. Gjennomføre tiltak som bidreg til betre matsikkerheit.
  • Sørge for å tilby kurs i sirkulærøkonomi, landbrukets klimakalkulator og taksonomi.
  • Samarbeide med landbruksorganisasjonar og fagpersonar på landbruk for å legge til rette for ei miljøvennleg utvikling av landbruket.
  • Revidering av retningslinjer for landbruksfondet.
     

Lokalmat

Lokalmat Marius Rua   Mål

  • Surnadal kommune vil fortsette å legge til rette for positiv utvikling av lokalmatbedrifter i Surnadal, både nye og eksisterande bedrifter. Nye marknadskanalar som f.eks REKO-ring, gjer det lettare å teste både produkta og sitt eige konsept i marknaden
  • Surnadal kommune ønskjer også å støtte nye tiltak rundt marknadsarbeid, marknadskanalar etc. for å hjelpe bedriftene innanfor lokalmat med å auke omsetninga som er heilt nødvendig for vidare utvikling. Dette gjeld både nye og eksisterande bedrifter
  • Surnadal kommune vil støtte opp under samarbeid mellom produsentar som marknadsfører seg ut over kommunens og distriktet sine naturlege område
  • Surnadal kommune ønskjer å bidra til at Surnadal kan ta ein posisjon som «midt i matfatet» innanfor lokalmat og reiseliv
  • Bidra til at det blir seld meir lokalmat
  • Bidra til at det blir mottak, produksjon og foredling av viltkjøtt
  • Bidra til at minst 30% av all mat i kommunal regi (kantiner og sjukeheim) skal vera lokalprodusert mat
  • Auka  kjøp av kortreiste matvarer produsert i Midt-Norge

Strategier

  • Bidra til at innkjøpsavtalane ivaretek målet om å auke kjøp av lokalprodusert, kortreist mat
  • Bidra til at det lokalt blir handla meir lokalproduserte matvarer, gjennom til dømes: “Rekoring” og "bondens marked”
  • Stimulere til meir produksjon av  mat lokalt
  • Bidra til lønnsam drift for lokalprodusentar
  • Stimulere til etablering av nye lokale bedrifter innan slakting og foredling
  • Bidra til å ivareta og vidareutvikle store produksjonsmiljø 
  • Bidra til berekraftige driftsmåtar innan landbruket og fokus på sirkulærøkonomi

Tiltak

  • Prioritere samarbeidstiltak, felles marknadsføring og sal
  • Samarbeide og gi støtte til organisajonar, produsentar og nettverk for å auke produksjonen av lokalmat.

Reiseliv

Fossefal og bru med to personar - Klikk for stort bildeNauståfossen Lediard   Mål

  • Alle reiselivsbedrifter skal drive profesjonelt, berekraftig og lønnsamt
  • Vi vil ha fleire naturbaserte reiselivsprodukt
  • Avklare ansvar og rolleavklaring i næringa i forhold til både marknadsføring og produktutvikling
  • Styrke og etablere gode nettverk innafor næringa
  • Motivera næringa til å ha bookbare produkt og produktpakkar
  • Få etablert fleire gode reiselivsprodukt
  • Få meir hyttebygging i kommunen

Strategiar

  • Utvikle og skape fleire arbeidsplassar innafor reiseliv generelt og natur- og kulturbasert reiseliv spesielt, da basert på våre lokale ressursar, som laksefiske, jakt og anna fiske, rein natur og friluftsliv
  • Avklare og legge til rette for god marknadsføring av kommunen og reiselivsnæringa
  • Ivareta kommunen si vertskapsrolle ved å lega til rette for turstiar, skilting mm
  • Bidra til kompetanseheving og gode rammevilkår for reiselivsnæringa
  • Bidra til at fleire bedrifter driv berekraftig og blir sertifiserte
  • Utvikle vidare kultur- og idrettsbasert næringsutvikling, m.a. gjennom å etablere større arrangement med utgangspunkt i dei idretts- og kulturanlegga og fritidstilboda vi har. Strategi for kultur, omdømme og identitet frå kommuneplanen sin samfunnsdel: Bidra til å bli blant dei fremste og mest kjente i Midt-Norge innafor friluftsliv, og til å legge til rette for aktivitetar i tilknyting til det
  • Verneområdet; «Innfallsporten til Trollheimen», bidra til skilting, informasjon og tilrettelegging for tilgang til Trollheimen via innfallsport Todalen
  • Bidra til at det blir fleire hyttetomter og fleire som bygger hytte i kommunen

Tiltak

  • Samarbeide med aktørar og grunneigarar i Sæterlia for utviklinga av heilårsdrift og hyttebygging, - samarbeide med Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank. Forprosjekt for å utvikle aktivitetar heile året i Surnadal Alpinsenter.
  • Samarbeide og gi støtte til aktørar i reiselivsnæringa som bidreg til vekst og utvikling av ei berekraftig reiselivsnæring – nye tiltak Visit NR, bildebank, Voice of Norway
  • Nye informasjonsskilt, tilpassa eksisterande skiltplan
  • Forprosjekt for å utvikle mulege nye sykkelstiar
  • Sjå på mulegheiter for å restarte «Reis kollektivt til Trollheimen»

Kulturell og kreativ næring

det gamle bygget til buss selskapet på Surnadalsøra - Klikk for stort bildeSurnadal billag Mål

  • I Surnadal kan ein leve av kunsten, og kommunen skal vera ein myldreplass for kreative næringar
  • Næringa står solid i Surnadal, med eit mangfald av driftsmåtar og retningar. Vi har både enkeltmannsføretak og firma med fleire tilsette som har gode kår
  • Det er ein stor grad av internasjonalt, nasjonalt, regionalt og lokalt samarbeid innafor næringa

Strategiar

  • Vi har arena for faglege møteplassar og nettverksbygging med fagleg fokus og kompetanseheving
  • Vi har utstyr som ikkje forureinar, det blir gitt støtte til teknologi som er berekraftig
  • Vi samarbeider om å legge til rette for kunstproduksjonar, kunstnarpraksisar og produksjonslokaler, som på sikt vil gir økonomiske ringverknadar i lokalsamfunnet
  • Legge til rette for samarbeid på tvers innanfor næringa, med verkemiddelapparatet og tilskotsportal i Norge og i EU mfl

Tiltak

  • Samarbeide og gi støtte til nettverk og bedrifter som vil bidra til å utvikle eigen arbeidsplass og til at Surnadal skal være ein attraktiv plass å etablere seg med kreativ næring.
  • Bidra til å utvikle nettverk og samarbeid mellom næringsaktørar
  • Bevisst bidra til å ha eit omdømme som «kulturbygda Surnadal», noko som er særs viktig for attraktivitet og bolyst.

Rekruttering og utdanning

Røtet og Pipelife  Mål

  • Å vera ein attraktiv plass å flytte til og koma heim til som arbeidstakar og fastbuande
  • Ha fleire gode utleigeeiningar
  • Ha rett kompetanse til rett tid både for næringslivet og for kommunen som arbeidsgjevar
  • Ha nok helsepersonell til å ivareta den aukande del av eldre i kommunen
  • Ha ein solid vidaregåande skule med fagtilbod som næringslivet og kommunen treng
  • Ha eit tettare samarbeid med NOFO (Nordmøre Folkehøgskule) både som tilbydar av kursverksemd og som ein viktig institusjon i bygda
  • Ha eit godt samarbeid med utdanningsinstitusjonar som Høgskule, Campus Kristiansund og NTNU

 

 

Strategiar

  • Arbeide for at dei som bur og veks opp i kommunen skal oppleve sterk bulyst, og på den måten utvikle sterk identitet og lojalitetsband til kommunen
  • Arbeide for ei gjenkjennbar marknadsføring gjennom tekst og bilde i flest mogleg media og blant flest mogleg aktørar i vår felles bu- og arbeidsmarknadsregion
  • Støtte opp om gründerar og hjelpe til med å realisere gode idear gjennom ei positiv haldning, tilgang på risikokapital og legge til rette for næringsareal
  • Aktivt rekruttere innbyggarar og arbeidskraft gjennom å profilere kommunen med alt det positive vi har å by på, og som gjer kommunen til ein god stad å leve og arbeide
  • Dei som flytter til kommunen må ofte ha ein jobb å gå til. Spesielt næringslivet blir utfordra til å synleggjere kva dei har å tilby elevar/ungdom og nyutdanna unge
  • For å kunne marknadsføre heile kommunen breitt og tilgjengeleg, må vi opprette ein felles nettstad/PORTAL, med sider på dei språka som er aktuelle til marknadsføring , og desse må vera jamt oppdaterte

Tiltak

  • Samarbeide med Ungdomsskule og Videregåande skule for å styrke ungdommen sin kjennskap til næringslivet i heimkommunen.
  • Legge til rette for å oppretthalde relevante linjer ved Surnadal Videregåande skule. Positivt støtte opp om tiltak som forsterkar dette.
  • Starte prosess med å finne gode nettløysingar/portalar for å gjere næringslivet sine kompetansebehov kjent, både for fastbuande og ny arbeidskraft.
  • Sørge for å ivareta og utvikle Surnadal Videregående skule som ein institusjon for å utdanne framtidas fagarbeidarar for industri og næringsliv lokalt
  • Samarbeid med Campus Kristiansund, NTNU og evt. andre fagmiljø om desentralisert treningsarena for bedrifter
  • Tilrettelegge for eit godt bustadtilbod for tilflyttarar – gjere kommunen attraktiv for tilflytting.

Samarbeid for å nå måla

Mål

For å oppnå våre mål er det heilt avgjerande å samarbeide med lokalsamfunnet, internt med ulike fagmiljø, andre kommunar og andre fagmiljø i regionen.

Strategi

  1. Samarbeid internt
  2. Samarbeid med andre kommunar
  3. Samarbeid med lokalsamfunnet
  4. Samarbeide med aktørar i regionen

1. Samarbeid internt

I ein stor organisasjon som Surnadal kommune med mange ulike fagavdelingar er det heilt avgjerande at ein kan samarbeide på tvers. Det er viktig å sette innbyggaren i fokus og innrette seg slik at ein kan løyse dei behova som er viktig for innbyggarane.

Ein fagperson eller ei fagavdeling vil nesten i alle situasjonar vere avhengig av andre i organisasjonen for å utføre ei teneste på beste måte. Næringsutvikling er eit godt eksempel på eit sektorovergripande fagfelt der ein god struktur for kommunikasjon og samarbeid internt i organisasjonen er avgjerande for at vi når måla og skapar størst muleg verdi for innbyggarane.

2. Samarbeid med andre kommunar

Surnadal kommune har samarbeidd med andre kommuamarbeide med fagmiljø i regionennar i mange år, og det er fleire titals samarbeidsarenaer som anten er forankra i lovverk eller som fungerer i ein meir uformell kontekst. I arbeidet med næringsutvikling har kommunen sidan 2014 samarbeidd om ulike oppgåver med Sunndal kommune gjennom programmet SuSu. I 2022 skal ei ta stilling til korleis samarbeidet blir ført vidare og om ein skal utvide samarbeide til å omfatte Tingvoll.

3. Samarbeid med lokalsamfunnet

Samarbeid med Surnadal Næringsforening er særs viktig for å få forankra strategiar og tiltak i tråd  med næringslivet sine behov. Dette vert gjort både i kommunal samanheng og i det interkommunale næringsarbeidet saman med SUNS (Sunndal Næringsselskap AS).

Det frivillige arbeidet som skjer i kommunen har stor betydning for samfunnsutviklinga. Kontakten mellom kommunen og lag og foreningar skjer gjennom kultureininga. Viktige tiltak som gir bulyst slik som kulturtilbod og idrettsanlegg, blir stimulert gjennom kulturmidlar og spelemidlar.

4. Samarbeid med fagmiljø i regionen

Vi har i 8 år samarbeida med SUNS i Sunndal og Innveno i eigen kommune, men vi ser også at det er viktig å delta og samhandle med andre fagmiljø, slik som:

  • Vindel AS
  • Visit Nordmøre og Romsdal
  • Utviklingsmiljø i Trøndelag
  • Andre utviklingsaktørar på Nordmøre
  • Møre og Romsdal Fylkeskommune
  • Statsforvaltaren
  • FOU- Regionale Forskningsfond
  • Innovasjon Norge
  • Campus Kristiansund
  • NTNU i Ålesund og Trondheim

Tiltak

  • Invitere til nettverkstreff med næringsaktører på Nordmøre
  • Ny avtale om samarbeid med Sunndal og Tingvoll
  • Tett samarbeid med Todalsfjordprosjektet
  • Ta initiativ til samarbeidsmøte med Innovasjon Norge
  • Delta på kurs og arrangement med Fylkeskommunen
  • Samarbeide med Campus Kristiansund for å få til gode fagtilbud

 

 Næringsareal

Industriområde og Surnadal havn - Klikk for stort bildeIndustriområde Mål

  • Kunne ha rikeleg med tilgjengeleg næringsareal ferdig klargjort
  • Kunne ha tilgjengeleg areal til ulike typar næring, både handelsverksemd og industri.

 

Strategiar

  • Legge til rette for fortetting av næringsarealet slik at ein får utnytta arealet meir effektivt enn i dag.
  • Gjere det attraktivt for næringsaktørar å etablere seg i Surnadal.
  • Vi bør legge til rette for ulike typar næringsareal.
  • Tilgjengeleg næringsareal er ein grunnleggande føresetnad for utvikling av næringslivet, og slik også for at ei rekkje funksjonar i samfunnet elles skal oppretthaldast. 
  • Tilrettelegging av nytt næringsareal må likevel skje innanfor rammene av dei miljømessige berekraftsmåla. Nedbygging av areal, dvs. omgjering av natur til t.d. industriformål, er i dag den klart største trusselen mot bevaring av naturmangfald.

Tiltak

  • Starte prosess med å legge til rette for nytt næringsareal, både rundt eksisterende industriareal og nye areal.
  • Fullføre infrastruktur i industriområdet, Sjømålvegen og Syltøran