Forlenging av skutersesong i Surnadal

Surnadal kommunestyre har vedteke ei midlertidig endring av gjeldande retningsliner for motorferdsel i utmark. Snøskuter til hytte kan i år nyttast fram til og med 3. mai.

Sentralbordet i påskeveka

  Sentralbordet i Surnadal kommune er stengt frå onsdag 08.04. kl.12.00 fram til tysdag 14.04. kl. 09.00.     

Melding frå økonomiavdelinga om betaling for BHG/SFO for mars

Tilsendt faktura barnehage/SFO for mars 2020 med FORFALL 16.04.2020: Avvent betaling av denne fakturaen til ny beskjed blir gjeve frå kommunen.

Førebyggande smitteverntiltak frå feiarane: Midlertidig opphøyr av innandørs tilsyn

Feiarane våre besøkjer kvar dag mange bustader i Surnadal for å foreta tilsyn med fyringsanlegg og snakke med bebuarane om branntryggleik. Grunna situasjonen med korona-viruset avsluttar vi no all tilsynsverksemd for ein periode. Det vil i staden bli utført feiing, men feiarane vil IKKJE koma inn i bustaden for å ta ut sot eller reingjere omnar.

Arrangementer og Korona-situasjonen - rettleiing frå Surnadal kommune

  Surnadal kommune får, naturleg nok, henvendelsar om korleis arrangørar skal forhalde seg til gjennomføring av ulike arrangement og for å hindre spredning av koronavirus. Her er kommunens anbefaling på noverende tidspunkt. Det er viktig å understreke at desse råda kan bli endra raskt dersom en ny situasjon oppstår.

Kommunal planstrategi og planprogram for kommuneplanen sin samfunnsdel – oppstart av planarbeid og høyring

Med heimel i plan- og bygningslova §§10-1 og 11-13 vedtok Surnadal formannskap i møte 10.03.20 å legge kommunal planstrategi 2020 – 2023 og planprogram for samfunnsdelen 2020 – 2032 ut på høyring og offentleg ettersyn. Høyringsfrist: 22. april.  

Pressemelding frå Surnadal kommune - ikkje påvist koronasmitte

Ein husstand i Surnadal kommune har sidan tysdag 03.03.20 vore i karantene grunna mistanke om koronavirus-smitte. Dette var eit føre var-tiltak i påvente av prøvesvar. Vi har no motteke negativt prøvesvar og behovet for karantene er ikkje lenger tilstades. 

Eigedomsskattelista 2021

     

AKTIVITETAR I VINTERFERIEN FOR UNGDOM 12-23 ÅR

Ungdomskontakten i Surnadal kommune ønskjer å invitere til gratis aktivitetar i vinterferien i veke 8 for ungdom mellom 12- 23 år.

Surnadal blir berekraftkommune - kva betyr dette?

Den 5. februar 2020 vedtok eit samla kommunestyre at Surnadal kommune skal bli berekraftkommune. Fleire og fleire kommunar og fylkeskommunar tek i bruk FN sine 17 berekraftmål frå 2015 som rammeverk for planarbeidet sitt. I følge FN sin definisjon handlar berekraftig utvikling om å ta vare på behova til menneske som lever i dag, utan å øydelegge framtidige generasjonar sine mulegheiter til å få dekt sine behov. Berekraftsmåla reflekterer dei tre dimensjonane i berekraftig utvikling: klima og miljø, økonomi og sosiale forhold.