Open symjehall frå 3. september

Symjehallen opnar igjen for bading på kveldstid.  

SMS-tenesta ute av drift ved Surnadal legesenter

Ved Surnadal legesenter vil SMS-tenesta med kontakt mellom pasientar og legesentret (timebestilling, bestilling av reseptar, påminning om time, heimeside for legesentret) vera ute av drift frå 23.08. og ein periode  framover. Dette på grunn av at dataleverandør har trekt seg ut av avtale på kort varsel. Det vil ta minimum ei veke før ny leverandør av SMS-tenesta er på plass.

Norskundervisning hausten 2018 - Vaksenopplæringa

Surnadal vaksenopplæring ønskjer velkommen til norskundervisning hausten 2018 

Lekkasje/røyrbrot ved Toneheim

På grunn av ein lekkasje ved Toneheim, er abonnentar i området Sætergarden -Øra bru utan vatn.  

Skulestart måndag 20. august

Alle skulane i Surnadal startar opp att måndag 20.august. Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter: Alle trinn startar kl. 08.30 Mo oppvekstsenter: Alle trinn startar kl. 08.25 Stangvik skule: 1. trinn startar kl. 10.00, 2.-7.trinn kl. 08.25 Todalen skule: 1.trinn startar kl. 08.30, 2.-7.trinn kl. 08.30 Øye skule: 1.trinn startar kl. 09.30, 2.-7.trinn kl. 08.55 Surnadal ungdomsskule: Alle trinn startar kl. 08.55.  

Rokonkurranse og kommunekamp 1. september i Svinvika!

1.september kl.13.00 arrangerer næringsutviklingssamarbeidet mellom Sunndal og Surnadal rokonkurranse og kommunekamp i Svinvika.

Totalforbod mot bålbrenning oppheva

Totalforbodet mot bålbrenning er oppheva i Surnadal kommune frå i dag, 06.08.2018. Minner likevel om det generelle forbodet mot bål og grilling i skog og mark i perioden 15.04. – 15.09. Totalforbod kan igjen bli innført om veret framover tilseier det, melder Surnadal brannvesen.  

Spitfireflyet skal «rekonstruerast»

Surnadal hadde besøk av ein overvettes ivrig Tony Hoskins i juni som skal bidra til ein BBC-dokumentar om Spitfire-flyet som styrta på Nordmarka i 1942. No kjem han tilbake – og håpar å rekonstruere mest muleg av det spesielle flyet.

Bruk vatn med måte

Grunnvasstanden er no låg fleire stader og det ser ikkje ut til å betre seg med det første. Vi ber difor om at alle er bevisste på bruken av drikkevatnet. Lokale vassverk har ansvar for offentleg vassforsyning, og har ansvar for å handtere situasjonen lokalt, for eksempel ved vatningsrestriksjonar.

Framleis totalforbod mot bruk av open eld i Surnadal kommune

Minner om gjeldande totalforbod og aukande skogbrannfare: Tørke medfører betydeleg auka fare for brann i skog og anna utmark. Difor er det eit generelt forbod mot bruk av open eld i heile landet i sommarhalvåret i skogen, påfjellet, på stranda, og ved naturområde som ikkje er innmark. Totalforbodet gjeld framleis i Surnadal kommune inntil kommunen har kunngjort ei oppheving på kommunen sine heimesider.