Kapittel 3; Samferdsel

3D bilde Todalsfjordprosjektet, Svinvik. Henta frå planomtalen. 

Innhald

Samferdsel

Samferdsel påverkar folks kvardag og næringslivets verdiskaping gjennom tilgang på arbeidskraft og varetransport. På landsbasis blir det forventa at både person- og godstransport vil auke framover som følgje av befolkningsvekst, økonomisk utvikling og globalisering, samtidig som utsleppa skal reduserast.

Næringslivet i Surnadal har utfordringar knytt til vegstandarden inn og ut av kommunen. Spesielt gjeld dette strekninga mellom Surnadal og Berkåk. Det har pågått ein prosess over fleire år for å gjere FV65 lovleg til bruk av modulvogntog. I skrivande stund har Trøndelag opna for modulvogntog langs FV65 fram til fylkesgrensa, medan Møre og Romsdal så langt ikkje har gjort det same. Det viktigaste samferdselsgrepet for næringslivet i Surnadal er realiseringa av Todalsfjordsprosjektet samt opning for trafikk av modulvogntog langs FV 65. Det er derfor veldig viktig at båe tiltaka blir gjennomført i løpet av planperioden.

Den viktigaste suksessfaktoren for vidare vekst og utvikling for dei største industriaktørane våre er ein tids- og kostnadseffektiv transport av varer inn og ut av kommunen. 80 - 85% av varestraumen går via FV65, dermed er utbetring og modernisering av denne eksportvegen i veldig stor grad nøkkelen til framtidig industriell vekst og berekraftig økonomisk utvikling.

Auka regulær trafikk over hamna er også ønskeleg for å frakte meir gods over på sjø. Her er utfordringa at det må meir gods til for å få regulære anløp.

God infrastruktur er ein grunnpilar i eit moderne samfunn. Som ein kommune med vekstambisjonar vil vi derfor måtte kjempe for å bygge ut det lokale og regionale samferdselsnettet. Det er viktig med god infrastruktur både for å få varer og tenester fram til dei store marknadane og for å skape gode bo- og arbeidsmarknadsregionar. Avstandsulempene bør reduserast slik at distrikt og by blir knytt tettare saman. Betre infrastruktur vil gi ein enklare og tryggare reisekvardag med reduserte miljøkonsekvensar, kortare reisetider, auka mobilitet og sterkare konkurransekraft.

Mål og strategiar

Mål

  • Gjennom Todalsfjordprosjektet skal Indre Nordmøre bli ein døgnopen region innan 2030
  • FV 65 + FV 700/701 til Berkåk skal kunne køyrast med modulvogntog
  • Bussrutenettet mellom Mørebyane og Trondheim via Surnadal, skal vidareutviklast/Timeekspress
  • Flaskehalsar for vegklassifisering jft tømmertransport skal utbetrast
  • Auka trafikk på Surnadal Hamn

Strategiar

  • Vera positive bidragsytarar for raskast mogleg realisering av Todalsfjordprosjektet
  • Bidra til at det kan køyrast med modulvogntog langs FV65
  • Bidra til at fylkeskommunen sett av nødvendige midlar til vegprosjekt, som Todalsfjordprosjektet, FV 65 og busstilbod
  • Påverke Trøndelag fylkeskommune til å sette av midlar til utbetring av “flaskehalsane” langs FV65 på Trøndelagssida
  • Påverke at ferjeavgangar er tilpassa næringslivet sine behov
  • Påverke sentrale aktørar for å betre tømmertransporten sine behov for oppgradering av bruer
  • Bidra til at det blir etablert Surnadal Næringspark rundt hamneområdet i Røtet, med fleire tenester som for eksempel spedisjon 
  • Bidra med å legge til rette for energi-infrastruktur til køyretøy som ikkje nyttar seg av fossilt drivstoff (gjeld både personbilar og lastebilar)

Berekraftsvurdering

Gode nok kommunikasjonsårer for person- og godstransport både inn og ut av kommunen er ein føresetnad for økonomisk berekraft, og overgang til fossilfri transport ivaretar miljømessig berekraft. Eit godt kollektivtilbod vil også bidra til dette. Det vil vera vesentleg at bygging av ny veginfrastruktur skjer med lågast mogleg klimafotavtrykk og med minst mogleg nedbygging av natur og dyrkajord.

Innspel frå politikarar og næringsliv

 Formannskapet 

 Næringslivswebinar